Verdsordenen endra seg allereie i 2022

Av Thierry Meyssan, VoltaireNet.org. Omsett av Monica Sortland. Artikkelen er henta frå Derimot.

Det er ein konstant i historia: endringar er sjeldne, men brå. Dei som betaler prisen er vanlegvis dei siste som ser dei kome. Dei oppfattar dei berre for seint. I motsetning til det statiske bildet i Vesten, har internasjonale relasjonar blitt snudd på hovudet i 2022, hovudsakleg til skade for USA, Storbritannia og Frankrike, ofte til fordel for Kina og Russland. Folk i Vesten oppfattar ikkje omfordelinga av korta, sidan auga deira er retta mot Ukraina.

Det skjer ikkje ofte at dei internasjonale relasjonane blir rysta slik dei vart i 2022. Og det er ikkje over. Prosessen som har starta, vil ikkje stoppe, sjølv om det hender ting som forstyrrer den og kanskje vil hefte den i nokre år. Dominansen til Vesten, både USA og dei tidlegare kolonimaktene i Europa (hovudsakleg Storbritannia, Frankrike og Spania) og Asia (Japan), er i ferd med å ende. Ingen lyder ein leiar lenger, heller ikkje vasallstatane til Washington. Alle byrjar no å tenke sjølve. Vi er enno ikkje i den multipolare verda som Russland og Kina prøver å danne, men vi ser at byggeprosessen er i gang.

Det heile starta med at Russland sette i verk ein militæroperasjon for å handheve FNs Sikkerheitsråds resolusjon 2202, og forsvare folket i Ukraina mot regjeringa til «dei integrerte nasjonalistane». Sjølvsagt var denne hendinga på ingen måte slik den vart oppfatta i USA, EU, Australia og Japan. Vesten er overtydd om at Russland invaderte Ukraina for å med makt endre grensene sine. Men det var ikkje det president Vladimir Putin kunngjorde; det var ikkje det den russiske arméen gjorde; det var ikkje slik hendingane utvikla seg.

La oss legge til sides spørsmålet om kven som har rett og kven som tar feil. Alt er avhengig av om ein veit om borgarkrigen som har rive opp Ukraina sidan landets demokratisk valde president, Viktor Janukovitsj, vart avsett i 2014. Dei i Vesten som gløymer dei 20 000 døde i den krigen, kan ikkje førestille seg at russarane ønska å stoppe massakren. Sidan dei ikkje kjenner til Minsk-avtalane – som Tyskland og Frankrike, saman med Russland, var garantistar for – greier dei ikkje førestille seg at Russland no praktiserer det «ansvaret for å forsvare» som FN proklamerte i 2005.

Men dei to statsleiarane i Tyskland og Frankrike den gong, kanslar Angela Merkel [1] og president François Hollande [2] , har begge fortald offentleg at dei ikkje signerte Minsk-avtalane for å få slutt på borgarkrigen, men tvert imot for å vinne tid til å væpne Ukraina. Dei to figurane gratulerte seg sjølve med å ha narra Russland, samstundes som dei gav Russland heile skulda for den krigen som no pågår. Det er ikkje overraskande at desse to eks-herskarane er stolte over dobbeltspelet sitt framfor eige publikum, men orda deira vart også høyrde i andre deler av verda, og der hadde dei ein annan klang. For storparten av menneska i verda viser leiarane i Vesten sitt sanne vesen: dei prøver enno å splitte resten av verda og fange dei som ønsker å vere uavhengige; dei snakkar om fred, men nører opp under krig.

Det er feil å tru at dei sterkaste alltid vil tvinge viljen sin på andre. Denne Vestlege haldninga blir sjeldan delt av andre. Samarbeid har vist seg å vere langt meir effektivt enn utbytting og dei revolusjonane dét framprovoserer. Det er bodskapen som kinesarane har prøvd å spreie, ved å framkalle «vinn-vinn-relasjonar». For dei handla det ikkje om å snakke om rettferdige handelsrelasjonar, men om å te seg på den måten dei kinesiske keisarane styrte: når ein keisar ferda ut eit dekret, måtte han sikre seg at det vart følgd opp av guvernørane i kvar provins, inkludert dei som ikkje vart påverka av avgjerda. Han viste dei at han ikkje hadde gløymt dei ved å gi kvar av dei ei gåve.

På ti månadar har resten av verda, det vil seie det overveldande største delen av den, opna auga sine. Om det den 13. oktober var 143 statar som følgde det Vestlege narrativet og fordømde «russisk aggresjon» [3], så ville dei ikkje lenger vere i fleirtal i FNs Generalforsamling for å stemme slik i dag. Det vart bevist med avrøystinga den 30. desember om ein resolusjon for å be FNs interne tribunal, Den internasjonale domstolen, om å formelt slå fast at Israels okkupasjon av dei palestinske territoria er ein «okkupasjon». Generalforsamlinga finn seg ikkje lenger i den Vestlege verdsuordenen.

Elleve afrikanske statar, tidlegare under Frankrike, har bede den russiske arméen eller eit russisk privat militært selskap om å sikre tryggleiken deira. Dei trur ikkje lenger på oppriktigheita til Frankrike og USA. Andre igjen er klare over at Vestens forsvar mot jihadistar [muslimske «heilage krigarar»] går hand i hand med Vestleg skjult støtte til jihadistane. Dei uttrykker ope uro over dei massive overføringane av våpen til Ukraina som endar opp hos jihadistar i Sahel eller hos Boko Haram [4]. Det har gått så langt at USAs Forsvarsdepartement har utnemnd ei overvakingsgruppe som skal ha tilsyn med kva som skjer med våpena som blir sende til Ukraina – ein måte å gravlegge problemet på og hindre at Kongressen blandar seg inn i desse mørke planane.

I Midtausten speler NATO-medlemmen Tyrkia eit subtilt spel midt imellom sin allierte USA og partnaren Russland. Ankara innsåg for lenge sidan at dei aldri ville bli medlem av EU, og, meir nyleg, at dei ikkje lenger var forventa å gjenopprette herredømmet sitt over arabarane. Dei vender seg difor mot europeiske statar (som til dømes Bulgaria, Ungarn og Kosovo) og asiatiske statar (som t.d. Aserbajdsjan, Turkmenistan, Usbekistan, Kasakhstan og Kirgisistan) med tyrkisk kultur (og ikkje tyrkisk språk, som dei kinesiske iugurane). Som resultat forsonar Ankara seg med Damaskus og førebur seg på å forlate Vesten til fordel for Austen.

Det at Kina dukka opp i Golfen, på Riyadh-toppmøtet, har vendt om på ting i den delen av verda. Dei arabiske statane såg at Beijing var fornuftige, at dei hjelpte dei å skape fred med dei persiske naboane. Sjølv om Iran er ein eldgamal alliert av Kina, og blir forsvarte av Kina, så lar ikkje Kina dei sleppe unna med utskeiingane sine. Begge landa har skjønt ulikskapen med Vesten som sidan 1979 aldri har slutta med å splitte og hisse dei opp imot kvarandre.

India og Iran samarbeider hardt med Russland om å bygge ein transportkorridor som vil la dei drive handel trass i Vestens økonomiske krigføring (i Vesten presentert som «sanksjonar», sjølv om tiltaka er illegale etter folkeretten). Allereie er Mumbai knytt til sørlege Russland og snart Moskva og St. Petersburg. Dette gjer Russland og Kina komplementære. Beijing bygger vegar i Eurasia frå aust til vest, Moskva langs lengdegradene.

For Kina er denne krigen ein katastrofe som forstyrrer planane dei har om å bygge Silkevegen, og dei har aldri kjøpt det Vestlege narrativet. Landet var ein gong offer for Russland, som på 1800-talet deltok i okkupasjonen av Tianjin og Wuhan (Hankou), men dei veit at Vesten vil gjere kva dei kan for å utbytte begge. Dei minnest sin tidlegare okkupasjon for å vere merksam på at lagnaden deira er knytt til Russlands. Dei skjøner ikkje mykje av dei Ukrainske sakene, men veit at visjonen dei har for organiseringa av dei internasjonale relasjonane berre kan realiserast dersom Russland vinn. Dei har ikkje noko ønske om å kjempe ved Russlands side, men vil intervenere dersom Russland blir trua.

Denne reorienteringa til verda er svært synleg i regjeringsinstitusjonane. Vesten fornedra Russland i Europarådet heilt til Moskva tok sin hatt og gjekk. Til Rådets overrasking, stoppa ikkje Russland med dét. Dei forlot i tillegg alle avtalane dei hadde gjort med Europarådet, den eine etter den andre, på alle slags område, alt frå sport til kultur. Vesten innser plutseleg at dei har fråtatt seg sjølve ein generøs og kultivert partnar.

Det bør fortsette i alle andre mellomstatlege organisasjonar, først og fremst i FN. Det er ei gamal historie om Vest/russiske forhold som går tilbake til Moskvas ekskludering frå Folkeforbundet i 1939. På den tiden ba sovjetarane, bekymra for eit mogleg nazistisk angrep på Leningrad (Sankt-Petersburg), Finland om å kunne leige hamna i Hanko. Men då forhandlingane trakk ut, invaderte dei Finland, ikke for å annektere landet, men for å plassere marinen sin i Hanko. Denne presedensen undervisast i dag som eit døme på russisk imperialisme, sjølv om den finske presidenten Urho Kekkonen sjølv erkjente at haldninga til sovjetarane var «forståeleg».

La oss kome tilbake til FN. Å ekskludere Russland skulle vere mogleg berre dersom Generalforsamlinga skulle reformere FN-pakta. Dette var mogleg i oktober, men ikkje i dag. Dette prosjektet går hand i hand med ei omtolking av historia og naturen til FN.

Det blir hevda at medlemskap i Organisasjonen hindrar krig. Dette er tøv. Medlemskap i FN forpliktar til å «oppretthalde internasjonal fred og tryggleik», men menn som er det dei er, løyver bruk av makt under gitte omstende. Iblant blir dette løyvet til og med til ei plikt under «ansvaret for å forsvare». Det er nøyaktig det Russland gjer for folket i Donbas og Novorussia. Legg merke til at Moskva ikkje er blinde, og har trekt seg frå høgre breidd (den nordlege delen) av byen Kherson. Den russiske generalstaben trekte seg bak ei naturleg grense, Dnepr-elva, då dei vurderte det som umogleg å forsvare den andre delen av byen mot Vestlege arméar, sjølv om befolkninga i heile byen via folkerøysting bad om å bli ein del av Den russiske føderasjonen. Det har aldri vore eit russisk nederlag i Kherson, men det hindrar ikkje Vesten i å snakke om Zelensky-regimet si «gjenerobring» av byen.

Framfor alt blir FNs funksjon tilslørt ved ispørjesettinga av Sikkerheitsrådets hovudstyre. Då organisasjonen vart grunnlagt, var den å anerkjenne at kvar stat i generalforsamlinga var likeverdige og å gi stormaktene den gong kapasiteten til å hindre konfliktar innan Sikkerheitsrådet. Sikkerheitsrådet er ikkje ein plass for demokrati, men for konsensus: inga avgjerd kan takast utan at samtlege av dei fem permanente medlemmane er einige. Folk let som om dei er overraska over at dei ikkje kan fordømme Russland, men er dei overraska over at USA, Storbritannia og iblant Frankrike ikkje har blitt fordømde for deira illegale krigar i Kosovo, Afghanistan, Irak og Libya? Utan vetoretten ville FN ha blitt ei absolutt ineffektiv forsamling. Men denne tanken vinn fram i Vesten.

Vidare ville det vere absurd å tru at Kina, verdas leiande kommersielle makt, skulle bli i eit FN der Russland, verdas leiande militære makt, var ekskludert. Beijing vil ikkje spele rolla som garantist i ein operasjon mot sin allierte, sidan dei er overtydde om at deira død vil bli forspelet til Kinas eigen. Det er grunnen til at russarane og kinesarane førebur andre institusjonar som berre vil manifestere seg dersom FN blir forvrengd, om organisasjonen blir omdanna til ei einsfarga forsamling som såleis har mista kapasiteten sin til å hindre konfliktar.

Vi merkar oss at den einaste moglege utvegen er at Vesten aksepterer at dei er det dei er. Men per i dag er dei ikkje i stand til det. Dei forvrenger røyndommen i håp om å oppretthalde sitt århundrelange overherredøme. Det spelet er over, både fordi dei er trøytte og fordi resten av verda har endra seg.

[1] «Hatten Sie gedacht, ich komme mit Pferdeschwanz?«, Tina Hildebrandt und Giovanni di Lorenzo, Die Zeit, 7. Dezember 2022.

[2] «Hollande: ‘There will only be a way out of the conflict when Russia fails on the ground’», Theo Prouvost, The Kyiv Independant, December 28, 2022.

[3] «Ukraine: UN General Assembly demands Russia reverse course on ‘attempted illegal annexation’», UN News, October 13, 2022.

[4] «Buhari : les armes utilisées en Ukraine pénètrent dans les pays du bassin du lac Tchad», Tass, Alwihda Info, 8 Décembre 2022. «Le Sahel menacé par le djihadisme: une nouvelle Syrie», Leslie Varenne, Mondafrique, 15 décembre 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s