Den langsame døden til britiske National Health Service

Av Timandra Harkness. Henta frå Unherd. Omsett av saksyndig.

Kvar dag blir vi fortalt at NHS [det britiske offentlege helsevesenet; oms.an.] kollapsar. Det sviktar dei sjuke og såra når dei treng det som mest, og etterlèt skrøpelege eldre liggjande i timevis utan å få ambulanse, kastar pasientar over på sjukeheimar, og tvingar kronisk sjuke til å vente i årevis på behandling som ville ha gjort dei i stand til å gå vidare i livet. Men er dette sant?

Ja, eg er redd for det. Eg ønskjer eg kunne gje dykk ein meir optimistisk vri, og omfamne prospektet at rask handling kan snu rundt den dystre tilstanden til Storbritannias National Health Service, men dataa lyg ikkje.

«Dette er openbert ei krise, men vi har vore i krise i svært lang tid,» fortalde ein legevenn av meg i går [9.januar 2023], då det vart annonsert at streikar av NHS-personale vil finne stad denne månaden. Som vi tydeleg såg under pandemien, har ikkje NHS vore i stand til å handtere normale behovsnivå på fleire år. Sjølv før covid råka fekk ikkje ein av fem akuttpasientar tilsyn innan fire timar, medan ventelista for ikkje-akutt behandling hadde vakse med 50% i løpet av dei føregåande fem åra.

Dagens historier om pasientar som ventar i ambulansar i fleire timar på å bli lagt inn burde høyrast kjende ut. Vi høyrde dei i 2018, med dei same åtvaringane om uunngåeleg skade på pasientar, men dei i ambulansane og dei som venta fånyttes på at ein ambulanse skulle kome til dei. Pasientar døydde allereie i ambulansane medan dei venta på overføring til sjukehus, i 2021.

British Medical Association [den britiske legeforeininga], i sitt åtak på statsministeren sin «forbløffande mangel på hast» i å adressere krisa, seier at «å halde på og gjenoppauke arbeidsstyrken… er vegen vår ut av dette uføret». Sjukepleiarane sine leiarar har òg peikt på underbemanning som ein av grunnane for deira industrielle handling, der lønnsnivå har lege etter inflasjon det siste tiåret utgjer ein av grunnane til nemnde underbemanning. Men medan det er sant at NHS-pengebruk har auka år for år sidan 1997, har det gjort det langsamare enn i samanliknbare land.

So tidleg som 2013 brukte Storbritannia allereie mindre enn noko anna G7-land bortsett frå Italia på helseomsorg. I 2017, då Frankrike brukte 3737 pund [45 200 kroner] per hovud, og Tyskland 4432 [53 600], brukte vi [Storbritannia] 2989 pund [36 100]. Same året samanlikna BMJ [British Medical Journal] NHS med helseomsorg i ni andre høginntektsland, og fann den lågaste pengebruken per hovud, det lågaste lege-/sjukepleiar-/befolkningsforholdet, og under snittet pasientutfall når det gjaldt kreftoverleving, forventa levealder og somme typar hjerneslag og hjarteinfarkt. Men å kaste statlege pengar på problemet no vil ikkje snu rundt eit kollapsande system over natta. Langsiktig nekt i å handtere problema kan ikkje bli viska ut med kortsiktige, høgprofilerte føretak.

Under covid-pandemien skapte regjeringa raskt ein bråte med Nightingale-sjukehus for å ta imot pandemipasientar. Det var ein imponerande kriserespons – men der var ikkje ekstra personale til å ivareta pasientar, so dei stod ubrukte. Oppmuntra av den teknologielskande tidlegare helseministeren Matt Hancock, skreiv fleire helsefond seg i 2019 på eit privatstyrt digitalt system designa for å redusere presset på akuttavdelingar. Til dømes skulle ein chatbot i Babylon Health-appen fortelje folk i Birmingham om dei trong å fare på sjukehus, i ei teneste skildra som «AI Triage» [Triage er praksisen å prioritere kva slags pasientar på ei akuttavdeling som skal få helsebistand fyrst, vurdert etter kor akutt behovet deira er; oms.komm.]. Fondet håpte på å forflytte store tal tilfelle til nettbasert vurdering, og å unngå «unngåelege ankomstar» som dei estimerte utgjorde 30% av dei som kom på akuttmottak.

På den tida uttrykte legar bekymring for at symptom-sjekkar-appen kunne gjere potensielt farlege feil. Ulikt medisinske behandlingar gjennomgjekk programvara ingen fagfellevurderte, randomiserte, kontrollerte forsøk. Etter haugevis med klagar frå klinikarar og helseregulatoren har NHS-sjukehuskontraktar med Babylon Health no blitt avslutta, somme fleire år før tida.

Babylon sin framvekst og undergang avslørte ei større sanning om det britiske helseomsorgssystemet: ei kjapp løysing, om det er ein høgteknologisk app eller ein injeksjon med pengar, lagar gode nyheitsoverskrifter, men langsiktige problem treng langsiktige løysingar. NHS hadde nådd punktet der kroniske problem hadde blitt om til ein akuttsituasjon.

Ta sosialomsorgkrisa, som fleire statsministrar etter kvarandre har lovt å ordne – noko so vil utgjere ein stor skilnad både når det gjeld å unngå medisinske katastrofar og late pasientar forlate sjukehus raskare – men som framleis er uløyst. I 2017 bad NHS-leiarar allereie for betre samarbeid med sjukeheimar for å halde folk ute av sjukehusa, og å få dei ut raskare etter sjukehusomsorg for å frigjere senger for dei som venta på innlegging. I dag er meir enn 10% av pasientar medisinsk forsvarlege å skrive ut, men har ingen stad å fare til. Alle ser ut til å erkjenne at NHS ikkje kan bli fiksa utan å fikse sosialomsorg, men ingen ser ut til å vere i stand til å fikse sosialomsorg.

Fordi befolkningar eldast i den industrialiserte verda, og meir avansert medisinsk behandling kostar meir medan den held oss i live lenger (slik at vi treng meir omsorg), vil helseomsorgskostnader halde fram med å stige – med mindre vi bestemmer oss for at vi ønskjer ein verre omsorgsstandard. Dette tydar ikkje at vi berre treng å bruke meir pengar. Amerikanarar bruker dobbelt so mykje per hovud – i snitt – og har framleis verre snittutfall. Men det er ikkje den einaste alternative modellen. Dei fleste andre G7-land bruker meir enn Storbritannia på helseomsorg, og har betre utfall.

Men å heve standarden til den til Frankrike, Tyskland og Australia krev strukturell endring. Dei landa leverer universell helseomsorg med betre utfall enn vårt [det britiske], men so vel som høgare budsjett har dei ulike system når det gjeld provisjon og betaling.

Dersom vi prøver å klamre oss til helseomsorg som ser ut som vårt eksisterande system, men med større budsjett, risikerer vi å snikinnføre eit tolags-system, med dei som har råd til å betale for å få privat behandling, og resten som tek sine sjansar i eit lotteri av utilstrekkjeleg NHS-provisjon. Det er det som gjev brodden til gjentekne spørsmål om kva slags politikarar som bruker privat helseomsorgsprovisjon: det kan ikkje lenger vere snakk om beleilegheit når det gjeld timing og stad, men om liv eller død.

Generasjonen som no ligg på golv med brotne hofter i 12 timar, eller i sjukehuskorridorar med demens i dagevis, eller i triage-limbo med ingen ende i sikte, er generasjonen som stolte på etterkrigstida sin sosiale kontrakt. Dei betalte skatt og helseforsikring med den forventninga at staten skulle vere der for dei når dei trong det mest. Den kontrakten har blitt riven i småbitar og kasta i fjesa på dei. Der er ein bitter ironi i det faktum at NHS prøver å gå vekk frå å behandle akutte tilstandar, og mot det å unngå slikt ved å fremje langsiktig helse: nokon treng å gjere det for sjølve NHS.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s