Av Thomas Brooke, Remix News. Omsett av saksyndig.
Medan venstreorienterte nyheitsformidlarar bruker rapportar om ukrainarar som reiser heim igjen for å få time hjå legane sine som eit høve til å kritisere måten dei konservative styrer NHS [det britiske offentlege helsevesenet], spør andre kvifor flyktningar får lov til å stikke heimom for avtalar i fyrste omgang.
Ukrainske flyktningar i Storbritannia reiser tilbake til heimlandet for å få medisinsk behandling i staden for å vente på å få tilgang til Storbritannias National Health Service (NHS), etter at ei rekkje streikar tvinga det offentlege helseomsorgssystemet ned på kne.
Ein reportasje av den britiske nyheitsformidlaren inews siterte eit tal tilfelle der dei som hadde flykta frå konflikten i Ukraina, rett og slett gav opp på grunn av lang ventetid på å få tilgang til medisinsk omsorg i Storbritannia; i staden valde dei ei risikabel 24-timarsreise til det krigsherja landet for å møte ein medisinsk profesjonell nesten med éin gong [altso med lita eller inga ventetid; oms.komm.].
Den venstreorienterte nyheitsformidlaren brukte reportasjane til å kritisere Storbritannia sitt styrande konservative parti, som har blitt låst fast i hissige, langdryge forhandlingar med fagforeiningar av NHS-arbeidarar som krev lønnsauke på linje med inflasjonen i Storbritannia.
inews la ut i detalj om ei av flyktningane, Maiia Habruk, som visstnok flykta frå den ukrainske hovudstaden Kyiv [Kiev] i fjor for å slå seg ned i det søraustlege London. Etter å ha lide av alvorleg tannverk, skreiv ho ned symptoma sine i eit NHS-chatterom og vart fortalt å forvente ein samtale frå ein medisinsk profesjonell neste dag. Dette skjedde aldri, so ho fór til si lokale Accident and Emergency (A&E)-avdeling, òg utan hell.
«Etter å ha venta i fire timar, såg ikkje eingong legen på meg, og ho fortalde meg òg å ta paracetamol. Igjen, det hjelpte ikkje, og eg hadde framleis alvorlege smerter,» fortalde frøken Habruk til nyheitsformidlaren.
Ho enda opp med å reise tilbake til Ukraina via Polen, der ho seier at ho fekk tak i ein lege nesten med éin gong.
«Eg vart fortalt at det var ei hastesak med visdomstanna mi og at den måtte trekkjast straks. Eg ønskjer ikkje på nokon måte å kritisere NHS. Eg synest det er fantastisk at alle kan få hjelp gratis,» la ho til.
Den ukrainske kvinna fortalde til nyheitsformidlaren at ho visste om tre andre som budde i London som hadde valt å heller reise tilbake til krigsherja Ukraina for medisinsk behandling, enn å vente på å få bruke Storbritannia sitt offentlege helseomsorgssystem.
Ei anna ukrainsk kvinne som bur i den skotske byen Glasgow, der helseomrogssystemet er styrt av den delegerte venstreorienterte skotske regjeringa, reiste visstnok òg heim igjen for medisinsk behandling, ifølgje den skotske liberale demokratiske leiaren Alex Cole-Hamilton, som tok opp temaet med Skotlands fyrsteminister nyleg.
Nokre medlemmer av folket gjekk ut på sosiale media for å stille spørsmål ved om det er rett at dei som vel å reise tilbake til Ukraina, framleis skal ha retten til å krevje asyl i Storbritannia.
«Dersom ei er i stand til og viljuge til å vende tilbake til Ukraina, då var dei ikkje ein ‘flyktning’,» skreiv ein brukar av sosiale media, medan ein annan skreiv: «Dersom flyktningen kan reise heim igjen for å konsultere legen sin, kvifor er dei då i Storbritannia? Dersom det er trygt å møte legen din, kan det då ikkje vere utrygt å bu der.»
Ein tredje la til: «Merkeleg definisjon av flyktning dersom dei reiser tilbake til heimlandet for avtalar. Svært merkeleg, faktisk!»
Den britiske konservative regjeringa erklærte i mars 2022 at ukrainarar som kjem til England skal få vederlagsfri tilgang til NHS-helseomsorg, inkludert konsultasjonar med allmennlegar og sjukepleiarar, sjukehustenester og akuttmottak.
Derimot har sjukepleiarar og ambulansepersonell vore i streik i vinter fordi dei prøver å tvinge regjeringa til å gå med på lønnsauke. Streikane har medført at millionar av britar ventar endå lenger på medisinske avtalar, og responstida til ambulansar er dei verste som er registrert.
To fleire 12-timars sjukepleiarstreikar har blitt organisert for denne veka, medan ambulansepersonell vil gå i streik igjen 23.januar dersom ein ikkje har kome framtil eit passande kompromiss når det gjeld lønna.