Covid var eit militært biovåpenprogram – inkludert «vaksinane» – åtvarar Sasha Latypova

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Katten er ute av sekken når det gjeld den direkte rolla spelt av det amerikanske forsvarsdepartementet (DoD [Department of Defense]) i å lansere «covid-mottiltak», inkludert den sokalla «vaksinen».

Heile covid-skodespelet, avslørte den kunstig intelligente (AI) Chat Bot då den vart spurt: «Kva var rolla til DoD i covid-mottiltak?», var eit militært biovåpenprogram brukt til å ta verda til fange under undertrykkjande tyranni.

«Forsvarsdepartementet (DoD) spelte ei betydeleg rolle i utviklinga av mottiltak mot COVID-19, sjukdommen forårsaka av det nye koronaviruset,» sa AI-Chat Bot-en. «DoD arbeidde nært saman med andre føderale byrå, slik som Department of Health and Human Services HHS) [helsedepartementet], for å respondere på pandemien.»

«Ein av hovudrollene til DoD i COVID-19-responsen var å kome med logistisk støtte og medisinske ressursar for å hjelpe helsearbeidarar og utrykningspersonale på frontlinja av pandemien. DoD arbeidde òg med å utvikle og distribuere personleg verneutstyr (PPE [personal protective equipment] og andre forsyningar for å støtte responsinnsatsen.»

AI-Chat Bot-en avslørte òg at DoD «kom med midlar og ressursar til å støtte utviklinga av vaksinar og behandlingar» for covid – der ein av dei var Defense Advanced Research Projects Agency (DARPA [fritt omsett «byrå for forsvarsrelaterte forskingsprosjekt»]) gjennom deira «Rapid Response Research»-program.

«Overordna spelte DoD ei vital rolle i responsen på COVID-19-pandemien ved å kome med logistisk støtte, medisinske ressursar og midlar til forsking og utviklingsinnsats for å kjempe ned sjukdommen,» konkluderte AI-Chat Bot-en i svaret sitt.

(Relatert: Hunter Biden leia eit investeringsselskap som finansierte biovåpenforsking i Ukraina.)

Regjeringa sin pengebruk på «covid-mottiltak» var berre for «demonstrasjonar» og «prototypar» viser informasjon – ALT var falskt

Dette er betydeleg fordi det har samband med avsløringane som vart skaffa via Freedom of Information Act (FOIA)-førespurnader og SEC-avsløring vedrørande skattebetalarpengar som vart brukte på covid-mottiltak gjennom «Other Transactions Authority» (OTA)-kontraktar.

Desse OTA-kontraktane viser det vide omfanget av statleg involvering i covid-bløffdemien, og refererer berre til sine anti-virus-tiltak som «demonstrasjonar» og «prototypar» – noko som tydar at ingenting av det var ekte.

«Med andre ord bestilte den amerikanske regjeringa og DoD spesifikt ei falsk, teatralsk framsyning frå dei farmasøytiske produsentane,» forklarer Sasha Latypova, som skriv for Due Diligence and Art.

«Berre for å gjere seg ekstra sikker på at farma-ene er frie til å utføre falskneriet, inkluderer kontraktane fjerning av alt juridisk ansvar for produsentane og kvar ein kontraktør innåt i forsynings- og distribusjonskjeden under 2005 PREP Act og relatert føderal lovgjeving.»

Bruken av OTA-kontraktar var spesifikk og føremålstenleg på grunn av det faktum at finansieringa til dette går utanom lover og reglar. Der er òg minimal finansiell ansvarleggjering festa ved OTA-kontraktar samanlikna med standard statleg kontraktering.

«‘Other’ er ein sekkekategori som ikkje er ein kontrakt, ikkje eit forskingslegat, ikkje eit stipend, osb.: ikkje noka normalt regulert / ansvarleggjort statleg kontraktering,» skriv Latypova.

Når det gjeld dei sokalla «vaksinane», går bruken av OTA-kontraktar òg utanom dei normale tryggleiks- og effektivitetskrava for vaksinar, inkludert det å følgje Good Manufacturing Practices (cGMP [«god praksis for marknadsføring»]). Dette er grunnen til at sprøytene kunne sleppast laus i «warp speed» i løpet av nokre månader i staden for fleire år.

Dei farmasøytiske selskapa Pfizer og Moderna var naturlegvis del av desse kontraktane, og det var òg den israelske regjeringa og BioNTech. Bløffen vart konstruert fleire år i forkant og slengt gjennom systemet gjennom vondsinna metodar, noko som er grunnen til at Pfizer og det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) kjempa for, men mislykkast i, å halde desse kontraktane hemmelege dei neste 75 åra.

«Bak scenene er dei ‘offisielle fiendane’ partnarar og med-investorar i ‘fellesføretak’ mot oss, verdas befolkning,» avslører Latypova om korleis det er éin stor, mørk og lyssky kabal mot resten av oss.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s