Sjokkerande nyoppdaga opptak avslører at Nixon truga med å avsløre CIA si involvering i drapet på JFK

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ei bombe av eit opptak frå Watergate-æraen viser at Richard Nixon åtvarar CIA-direktør Richard Helms om at han veit om CIA si involvering i drapet på John F. Kennedy, kort tid før Nixon vart kasta ut av embetet.

Dette nyoppdaga opptaket framstiller Nixon som stadig meir beleira av Watergate, men ikkje klar over at minst fire av Watergate-innbrotstjuvane ved innbrotstidspunktet framleis var hemmeleg lønte av CIA, og at CIA hadde infiltrert innbrotsteamet.

Nyleg avklassifiserte dokument avslører at Watergate-spesialaktor Nick Akerman var klar over både CIA sin førehandskunnskap og involvering i innbrotet – men at han tagde om det på den tida.

Roger Stone rapporterer: Senator Howard Baker, den republikanske leiaren i Senatet sin Watergate-komité og hans rådgjevar Fred Thompson sjølv, ein framtidig amerikansk senator frå Tennessee, som Baker, kom over CIA sin omfattande førehandskunnskap og direkte involvering i Watergate-innbrotet. Baker og Thompson visste begge at minst fire av Watergate-innbrotstjuvane var på CIA si lønningsliste på innbrotstidspunktet, og at gjennom CREEP tryggleiksdirektør James McCord, hadde infiltrert innbrotsteamet. Leiar i Senatets Watergate-komité Sam Ervin nekta bastant å late Baker og komité-republikanarane inkludert Edward J. Gurney frå Florida retten til å publisere ein Minority Report som inneheldt denne oppsiktsvekkjande informasjonen relatert til CIA.

[Kommentar frå saksyndig: Ein sokalla Minority Report («mindretalsrapport») er ein komitérapport skriven av minst to komitémedlemmer for å offisielt fastslå standpunktet deira rundt eit tema, når desse medlemmene er i mindretal rundt nemnde tema (ikkje nødvendigvis i det politiske mindretalspartiet). Kort fortalt er ein Minority Report meint å representere synet mindretalet i ein komité har på ei sak.]

Nixon hadde djup mistillit til CIA fordi han visste at president Eisenhower hadde gjeve ordre til byrået om å gje topphemmelege briefingar til både Nixon og Kennedy etter at begge var dei sikre nominerte frå partia sine. Nixon var bitter over at Kennedy brukte informasjonen i debattane deira, og gjekk til åtak på Nixon for å vere «mild» mot kommunist-Kina, når han visste godt at Nixon hadde vore leiar i ei arbeidsgruppe som visepresident der han oversåg førebuingar til «Grisebukt»-invasjonen. Nixon kunne naturlegvis ikkje avsløre dette komande forsøket på å styrte Castro.

Innanrikspolitisk sjef i Det kvite hus, John Ehrlichman, skreiv at då han tente som Det kvite hus sin juridiske rådgjevar, gav Nixon han ordre om å be CIA levere frå seg alle dokument relatert til mordet på John F. Kennedy. Nixon vart fly forbanna då Richard Helms, CIA-direktøren, nekta å utføre denne presidentordren om å levere dei frå seg.

Dette oppsiktsvekkjande, nyoppdaga Watergate-æra-opptaket forevigar ein stadig meir beleira Nixon som desperat prøver å mobilisere CIA til å forsvare seg ved å truge dei med å eksponere deira største hemmelegheiter. Nixon visste òg at kongressmann Gerald Ford, som ein av medlemmene i Warren-kommisjonen, hadde, etter eksplisitte instruksar frå FBI-direktør J. Edgar Hoover, endra det offisielle obduksjonsdiagrammet for president John F. Kennedy; han hadde fått fjerna markeringa av ei kule i øvre del av ryggen til halsen for å tilpasse teorien om éi kule, og for å skjule det faktum at Kennedy hadde blitt treft med fleire enn dei rapporterte tre skota.

Nixon var fullt klar over Ford sitt forræderi, som var å skjule sanninga om mordet på Kenney og CIA si involvering i det. Stabssjefen i Det kvite hus, general Alexander Haig, fortalde meg [artikkelforfattaren] at «Nixon hadde ballegrep på Ford.» Femstjernersgeneralen sa: «Nixon fekk meg til å seie til Ford at dersom han (Nixon) gjekk under, ville han ta alle med seg.»

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s