Newspunch skriv i to separate artiklar at både Pfizer og det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) startar etterforskingar rundt covid-«vaksinane». Medan CDC lanserer ei offisiell etterforsking rundt dødsfall knytt til dei eksperimentelle mRNA-injeksjonane, startar Pfizer ei etterforsking rundt hjarteinfarkt knytt til injeksjonane, visstnok som følgje av offentleg motbør. Her presenterer Saksyndig difor begge artiklane i omsett utgåve. Begge artiklane vart publisert på nettstaden 14.januar 2023. Legg merke til Pfizer sin ståstad i artikkel 1 versus deira handlingar i artikkel 2.
CDC lanserer offisiell etterforsking rundt covid-vaksinedødsfall
Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.
CDC har lansert ei offisiell etterforsking rundt det store talet menneske som lid hjarteinfarkt eller døyr etter å ha teke Pfizers mRNA-vaksine.
«CDC seier det har vore nok tilfelle av folk som har fått vaksinen for deretter å få eit slag,» rapporterte Fox News.
TheGateWayPundit.com rapporterer: «Etter tilgjengelegheita og bruken av dei oppdaterte (bivalente) covid-19-vaksinane, møtte CDCs Vaccine Safety Datalink (VSD), eit nesten ektetids overvakingssystem, dei statistiske kriteria for å setje i gang tilleggsetterforsking rundt korvidt det var tryggleiksbekymringar for iskemisk slag hjå menneske i aldersgruppa 65 og eldre som fekk Pfizer-BioNTech COVID-19-vaksinen, bivalent. Raskrespons-etterforsking av signalet i VSD reiste spørsmålet korvidt 65+-aldersgruppa som hadde fått Pfizer-BioNTech COVID-19-vaksinen, bivalent, hadde større risiko for å få iskemisk slag i dei 21 dagane etter vaksinasjonen samanlikna med 22-44 [dagar] etter vaksinasjonen,» sa CDC.
«Dette innleiande signalet har ikkje blitt identifisert hjå Moderna sin COVID-19-vaksine, bivalent. Der kan òg vere andre forvekslande faktorar som bidreg til signalet som vart identifisert i VSD som er verdig meir etterforsking,» la CDC til.
Pfizer påstår der er ingen evidens som knyter slag til bruken av deira covid-vaksinar.
«Verken Pfizer og BioNTech eller CDC eller det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) har observert liknande funn i talrike andre overvakingssystem i USA og globalt, og der er ingen evidens som konkluderer at iskemisk slag er tilknytt bruken av selskapet sine covid-19-vaksinar,» sa Pfizer ifølgje Reuters.
Og her kjem den andre artikkelen frå Newspunch.
Pfizer lanserer etterforsking rundt sprøyterelaterte hjarteinfarkt etter offentleg motbør
Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Pfizer har lansert ei etterforsking rundt vaksinerelaterte hjarteinfarkt etter offentleg motbør mot mRNA-sprøytene.
Ein Pfizer-vitskapsmann har innrømt til ein undercover-journalist frå Project Veritas at selskapet er fullstendig klar over at vaksinane deira har skadd hjarte og forårsaka myokarditt.
Chris Croce, ein senior associate scientist ved Pfizer, sa at selskapet er fullt klar over det faktum at tilfelle av hjarteinfarkt og hjartesjukdom går til himmels blant dei som tok sprøytene.
Shtfplan.com rapporterer: Croce fortalde ein undercover Project Veritas-reporter at Pfizer for tida utfører ein «test» for å sjå om deira covid-19-injeksjonar forårsaker hjarteproblema. Dette er mest sannsynleg ein plan i eit forsøk på å kome i forkant av alle dei negative tilbakemeldingane om desse sprøytene. Ideen er å kome i forkjøpet det dei allereie veit vil kome.
Ha i sinne at desse studiane blir gjort av dei sjølvsame folka som profiterer fråd esse sprøytene, og som kallar dei som ikkje føretrekkjer produkta deira for «kriminelle».
«So… øh… ja… vi… vi sendte, liksom, 3000 prøvar frå pasientar for å bli testa for, liksom, forhøga troponin-nivå (nivå for å oppdage hjarteinfarkt), øh, for å sjå om det er vaksinebasert – eller, so,» fortalde Croce til reporteren. «Vi sendte akkurat [det fyrste partiet] sist veke, og det siste partiet vil bli sendt der neste veke. Alt er ekstern testing,» la han til ifølgje ein reportasje av Natural News.
«Croce sine subtile innrømmingar både i stemmeleie og gjennom orda han brukte for å skildre denne mystiske ‘testen’ er alle ubestridelege bevis på at Pfizer er bekymra over dei skadelege effektane av utsleppet av covid-injeksjonane sine.» – Natural News
Selskapet veit tydeleg at det kjem til å kome mykje motbør no når til og med dei med størst vrangførestillingar byrjar å kome fram til kva som skjer.
Som Project Veritas rapporterte tilbake i 2021, har Pfizer visst ganske lenge at naturleg immunitet (eit uvaksinert immunforsvar) er optimalt og høgt overlegent til den falske «immuniteten» skapt av deira eigne sprøyter. «Når nokon er naturleg immune, til dømes om dei har hatt covid, har dei truleg betre – ikkje betre, men meir antistoff mot viruset,» sa nokon frå Pfizer ved namn Mr. Karl til ein undercover-reporter.
«Fordi det vaksinen er, som eg sa, det proteinet som berre er på utsida, so det er eitt antistoff mot ein spesifikk del av viruset.»
Pfizer sine eigne «tryggleiks»-data viser at dei visste at denne «vaksinen» var langt frå trygg og effektiv. Det vart til og med so ille at medlemmer av herskarklassen som visstnok hadde teke tre eller fleire sprøyter måtte seie til folket at dei hadde covid og ville garantert ha døydd utan injeksjonane. Naturlegvis er det ingen måte å vete dette på, so mesteparten av dei panikkslegne og naive massane av amerikanarar kjøpte det.
Dette ser ut til å vere eit desperat forsøk på å kome i forkant av ein diger storm. Eller er det berre nok ei tilfeldigheit at Pfizer plutseleg «bryr seg om» at produktet deira drep menneske?