Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Sidan Demokratar no aggressivt pushar ein koordinert fryktporno-kampanje for å prøve å overbevise amerikanarar om at gasskomfyrar plutseleg er dødelege og må forbydast, har dei sokalla «progressive» sementert sin posisjon som anti-progressive. Faktisk er dei anti-sivilisasjon, og dei ønskjer å ta vekk eld og alt som forbrenn: komfyrar, køyretøy, skytevåpen, omnar og so vidare.
På toppen av alt dette har du i somme Demokrat-kontrollerte delstatar ikkje lenger rett til å spyle ned eit normal-kapasitetstoalett. Vassrestriksjonar krev lågt-spylande toalett som knapt gjer jobben, og dersom du installerer eit vanleg toalett, kan du få bøter.
New York-guvernør Hochul har nettopp erklært at ho ønskjer å forby alle gasskomfyrar innan år 2030, noko som tvingar newyorkerane til å gå over til elektriske komfyrar. Men sidan straumnettet sviktar i mange stormar, vil slikt eit trekk gjere til at fleire millionar newyorkerar ikkje vil ha ein måte å lage mat eller varme seg under straumbrot på grunn av uvêr. Dette kjem berre til å forverre folkehelse-/folketryggleikskrisa som ser ut til å følgje kvar ein større snøstorm eller radikale vêrhending.
I California har guvernør Newsom erklært av sal av køyretøy med forbrenningsmotor vil bli forbode innan 2035. Delstaten Washington vil forby dei innan 2030. I New York vil eit liknande forbod bli iverksett i 2035. I desse og andre delstatar vil transportval kollapse, og etterlate privatpersonar og forretningar med få praktiske alternativ medan ein overbelastar kraftnettet til det bryt saman, takka vere at elektriske alternativ og elektriske køyretøy krev mykje straum av ein middelmåtig elektrisk infrastruktur.
Demokratar fører sine delstatar tilbake til 1700-talet
Når forboda samlar seg opp tek det ikkje lange tida å innsjå at Demokrat-styrte delstatar er engasjert i av-siviliseringstilbakerulling av moderne framsteg. Dei tek vekk forbrenningsenergien, reine energikjelder slik som naturgass og påliteleg vassoverflod. Dette kjem til å skape ein todelt nasjon der:
- BLÅ [Demokrat-kontrollerte] delstatar vil bli om til bakstreverske, kollapsa, kriminalitetsherja helveteshol med svært liten tilgang til fungerande kraftkjelder, transport, varme, air-conditioning, matvarer og andre grunnleggjande varer. Når produsentane stikk sin veg vil økonomien liggje i ruinar, og områda vil bli befolka av mottakarar av velferdsytingar, kriminelle, rusavhengige og alle som er for fattige til å ha råd til å flykte derifrå.
- RAUDE [Republikanar-kontrollerte] delstatar vil vere framstegsprega, moderne og høgt etterspurde, med rikeleg tilgang til energi, køyretøy, billeg gass, vatn, transport, mat og meir. Økonomien vil raskt vekse på grunn av tilgangen til energi og importen av gründerar og arbeidarar so flyktar frå kollapsande blå delstatar.
Å bu i ein blå delstat vil snart vere som å leve på 1700-talet, medan raude delstatar vil fungere som moderne, vellykka samfunn med alle fordelane til kraft, energi, moderne transport, varme, matlaging, vatn og andre ressursar.
I ei verd med fly, tog og bilar er Demokrat-styrte delstatar med andre ord bestemte på å ha ingen fly, ingen tog og ingen bilar. Berre massar av slavebundne, sensurerte, lydige, vaksinerte røystarar som i praksis er fanga i ein fangeleir like stor som sjølve delstaten.
På 1980-talet kom det ein fabelaktig film med Steve Martin og John Candy ved namn Planes, Trains and Automobiles. I dag vil den filmen ha som hovudroller AOC [Alexandria Ocasio-Cortez] og Al Gore og ha tittelen NO Planes, NO Trains and NO Automobiles.
Flykt frå fangeleir-delstatane eller lag din eigen nye delstat om du håper å overleve
Alt dette forklarer kvifor so mange menneske flyktar frå Demokrat-kontrollerte delstatar slik som California, New York og Illinois. Alt som er styrt av Demokratar – det vere seg ein by, eit fylke eller ein delstat – vil kollapse i ruinar, forpesta av valdeleg kriminalitet, heimløyse, hårreisande rusavhengigheit, korrupsjon og fortviling. Ingen liv er berekraftige under Demokratisk styre, sidan dei er øydeleggjarar av sivilisasjon (og familiar, logikk, fornuft, språk, pengar, rettferd, kunnskap, fridom, privatliv, osb.). Dei som ønskjer å leve med eit snev av fridom og overflod vil anten måtte flykte frå den blå delstaten eller bryte ut av den og danne sine eigne nye delstatar (slik som Nye California-innsatsen som allereie er undervegs).
Dersom dei mislykkast i å flykte, vil dei bli sogne inn i ein malstraum av øydelegging og dommedag som Demokratar no omfamnar. Sidan valdskriminalitet no skyt til himmels i Demokrat-kontrollerte byar, stengjer til og med matbutikkar dørene og rømmer, noko som etterlèt mange område i desse byane med få matalternativ. I New York seier til dømes matbutikkar at dei kjem til å byrje med å låse inn kjøt på grunn av utbreidd nasking. Dersom det ikkje løyser problemet, kjem dei rett og slett til å forlate dei blå byane. Som Fox News rapporterer:
«National Supermarket Association representerer uavhengige matbutikkar i New York by. Statistikken deira viser at 30% av medlemmane har forlate byen i seinare år.»
Det er no meir enn tydeleg at Demokratar er anti-menneske og anti-sivilisasjon. Dei går imot alt som er naudsynt for å drive eit moderne samfunn, og dei søkjer aktivt å ikkje berre øydeleggje infrastrukturen som held folk i live, men å tilinkjegjere befolkninga i same andedrag. Difor ser ein Demokratane si skamlause og utrøyttelege pushing av mRNA-infertilitets-/avfolkingssprøyter som allereie har drepe over ein million amerikanarar (og talet aukar framleis). Legg òg merke til at dei er anti-familie, anti-kvinne, anti-morskap og er fiendar av språk, fornuft, logikk og foreldrerolla. University of Southern California forbaud nyleg ordet field [«felt», med meir] frå sitt tillatne språk, og påstod at field i seg sjølv var rasistisk og anti-innvandrar. So alle som no studerer ved universitetet for få kunnskap i feltet vitskap vil bli sett på som rasistar, spesielt om dei studerer elektromagnetiske felt eller liknande fenomen.
Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 13.januar 2023.