Australia si covid-«vaksine»-utrulling vart hemmeleg leia av det amerikanske militæret: rapport
Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Alt det tyranniet som vi fortalde dykk fann stad i Australia gjennom covid-«pandemien», vart i all hemmelegheit leia av ingen ringare enn USA sitt militære. Det veit vi no.
Frå dei fyrste nedstengingane til munnbind- og «vaksine»-påboda: alt vart leia av det amerikanske forsvarsdepartementet (DoD [Department of Defense]), som sette inn sine folk i maktstrukturen i Australia for å undertrykkje nasjonen under tyranni og folkemord.
Farmakolog Phillip Altmann og ei gruppe australske vitskapsfolk, legar og medisinske akademikarar påstår alle at DoD «hadde ei dominerande rolle i responsen på SARS-CoV-2-viruset og i den påfølgjande utviklinga, marknadsføringa og distribueringa av Covid-19-vaksinane.»
Operasjon Warp Speed, som vart stolt avdekt og sleppt laus av Donald Trump før han vart erstatta av Joe Biden, seier dei lét DoD sende ut injeksjonane raskt. Desse injeksjonane, seier Altman med fleire at DoD designa, eigde og handterte alle sprøytene som vart køyrde inn i armane på australiarar, der mange ikkje hadde noko anna val enn å lyde – ellers ville dei misse levebrødet og til slutt livet.
Ifølgje Altman og hans koalisjon av ekspertar brukte DoD milliardar på «stor-skala produksjonsdemonstrasjonar» som hadde absolutt ingenting å gjere med legitim vitskap. Det heile var ein bedragersk psy-op (psykologisk operasjon) utvikla for å generere millardar av dollar i ny profitt for Big Pharma medan store delar av planeten vart avfolka.
(Relatert: Etter utsleppinga av covid-injeksjonar fall Australia sin fødselsrate med 63%, viser data.)
«Intensjonen var å skape inntrykket av at normale regulerande prosessar vart følgde når dei i røynda vart fullstendig forbigått,» forklarer David James, som skriv for LifeSiteNews.
«Den australske regjeringa og regulerande autoritetar deltok i bedraget, og forsikra gjentekne gonger innbyggjarane om at der var god oversikt for å sikre tryggleik og effektivitet – sjølv når det var openbert at det var umogleg å vurdere tryggleik over slik ein kort periode og at behovet for gjentekne oppfriskningsdosar viste at injeksjonane ikkje var effektive over noko som helst tidsrom.»
Forsvarsdepartementet prøvde å skape aerosol-flaggermus-«vaksine» då covid vart sleppt ut av Wuhan-labben, seier Altman
I ein artikkel som han og teamet hans samla, argumenterer Altman at DoD oppfatta ein slags trugsel mot nasjonal tryggleik – som dei påstod – som deretter vart brukt til å overgje all makt i Australia til det amerikanske militær-industrielle komplekset.
«… alle avgjerder frå det punktet til i dag vart gjenstand for full kommando og kontroll fråd ei,» påstår Altman og hans allierte. «Mange uheldige konsekvensar har vore utfallet av denne hemmelege militære responsen på folkehelsetemaet.»
Artikkelen antydar deretter at covid faktisk kom frå eit amerikansk militære-alliert laboratorium i Wuhan, men at det vart opphavleg tukla med for å skape ein «aerosol-flaggermus-‘vaksine’».
EcoHealth Alliance var direkte involvert, som òg er vidt kjent no, og skattebetalar-finansiering frå USA vart sprøyta inn i prosjektet, via Tony Fauci og hans National Institute for Allergy and Infectious Diseases (NIAID), som fann stad på kommunistisk kinesisk territorium.
Project Veritas bekrefta òg tilbake i august 2021 at EcoHealth, takka vere avsløringar gjort av major Joseph Murphy, ein marineoffiser som arbeidde for Defense Advanced Research Projects Agency (DARPA), var involvert i å skape dette «bevisst virulente, humaniserte, rekombinerte SarsCov som skulle tilbakekonstruerast [reverse-engineered på engelsk] til ein… flaggermusvaksine.»
Alt i alt er det no kjent at det amerikanske militær-industrielle komplekset er direkte ansvarleg for å sleppe laus covid, so vel som å kaste mesteparten av verda inn i ein ny normal av medisinsk fascisme og tyranni.