Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Har de lagt merke til at store familiar blir sterkt frårådde i desse dagar? Våre filmar, TV-program, større nettverk og til og med lærebøkene oppmuntrar oss til å utsetje å få ungar so lenge som mogleg, og til å få svært få barn dersom vi omsider bestemmer oss for å bli foreldre. Dei som gjer opprør mot kondisjoneringa og får mange barn, blir sett ned på og ofte utstøytt. De ser, sanninga er at den globale eliten og deira lakeiar ikkje ser på menneskeliv som verdifulle. I staden ser dei på oss som ein gigantisk flokk karbon-utsleppande biomaskiner som må haldast i taumane. I deira sinn er det slik at dess fleire menneske som bur p planeten, dess verre vil «klimaendringa» bli. Og sidan dei trur at «klimaendring» er den største krisa som menneskeheita står overfor, er dei temmeleg interesserte i å tynne ut flokken på alle slags moglege måtar.
So mykje tid og innsats går med på å overbevise kvinner om å prioritere «utdanning» og «karriere» over det å bli mor, og all den propagandaen har til sjuande og sist vist seg å vere nokso vellykka.
Faktisk vel færre kvinner i USA enn nokosinne å få barn:
«Berre halvparten av kvinner under 45 får babyar i USA, ifølgje offisielle data som avslører fruktbarheitstørka i landet.
Frå 2002 til 2019 fall andelen kvinner i alderen 15-45 med minst eitt barn frå 59,9% til 52,1%, eit fall på ein åttandedel.
Talet fall frå 46,7% til 39,7% blant menn i same tidsrom, ifølgje Centers for Disease Control and Prevention (CDC) si nasjonale spørjeundersøking.»
Dersom de ser på tala, var barnlause kvinner ein enorm faktor under dei siste to nasjonale vala i USA.
Spørjeundersøking etter spørjeundersøking har vist at kvinner utan barn har mykje større sannsyn for å omfamne dei sosiale og politiske agendaene til den globale eliten, og når det er på tide å røyste, har dei tendens til å dukke opp i særs store tal.
I tillegg har CDC òg oppdaga at amerikanarar ventar lenger enn nokosinne med å stifte familie sjølv om dei vel å få barn:
«Kvinner får sitt fyrste barn når dei er 0,8 år eldre no enn dei var i 2002 – der snittalderen har flytta seg frå 22,9 til 23,7 år.
Menn har alltid fått sitt fyrste barn ved høgare alder enn kvinner, men dei har opplevd ein liknande auke i alder då dei fyrste gong vart foreldre – frå 25,1 til 26,4 år.»
I desse dagar ventar svært mange kvinner til dei er i 30- eller 40-åra før dei byrjar å få barn.
Men det er ikkje normalt.
Gjennom menneskehistoria har det normale for kvinner vore å få barn i sine mest fruktbare år, då babyane som blir produserte har størst sannsyn for å vere friske.
Og for både menn og kvinner er det slik at når de blir eldre, blir det vanskelegare for dykk å finne energi til å halde tritt med svært unge barn.
Tragisk nok prøver globale leiarar verkeleg hardt å dytte oss inn i eit nytt paradigme som fullstendig fornektar viktige biologiske realitetar.
Naturlegvis er det mange menneske der ute som ikkje kan få barn sjølv om dei ønskjer det på grunn av fruktbarheitsproblem.
Ein nyleg studie avdekte at spermtalet har falle med rundt 60% sidan 1973:
«Den nyaste analysen la til sju år av prøveinnsamling og 44 studieresultat til dei 244 inkluderte i den tidlegare 2017-analysen. Den studien, i sin analyse av datatrendar mellom 1973 og 2011, avdekte ein gjennomsnittleg nedgang i spermkonsentrasjon på 1,6% per år, og ein overordna nedgang på 59,3%. Den nyaste studien avdekte ein endå brattare nedgang – til 2,64% etter år 2000 og eit overordna fall på 62,3% blant ikkje-utvalde menn. Dette, legg forfattarane til, representerer ein nedgang på -4,70 millionar/år, og indikerer at denne verdsomspennande nedgangen held fram inn i det 21.hundreåret i ein stadig aukande fart.»
Desse tala er ekstremt alarmerande, og dei indikerer sterkt at nedgangen i spermtalet vårt faktisk akselererer.
Når spermtalet blir lågt nok vil ein betydeleg del av den mannlege befolkninga rett og slett ikkje vere i stand til å produsere barn.
Og når vi fyrst kjem til det punktet, vil menneskeheita stå overfor ein katastrofe.
Men eliten berre held fram med å pumpe ut sin propaganda. I ein nyleg episode av 60 Minutes, erklærte biologen Paul Ehrlich bombastisk at «menneskeheita er ikkje berekraftig»:
«‘Åh, menneskeheita er ikkje berekraftig’, fortalde Paul Ehrlich, den Stanford-baserte forfattaren av The Population Bomb til CBSs Scott Pelley. ‘For å oppretthalde livsstilen vår – din og min, essensielt – for heile planeten, vil ein måtte trengje fem fleire Jorder. Det er ikkje klart kor vi skal få dei frå’.
Ehrlich, som fekk rykte på seg for å vere ein alarmist etter 1968-utgjevinga av The Population Bomb, seier at vår noverande krise grunnleggjande koker ned til dette: befolkningsveksten hjå menneske utraderer ressursane som støttar liva våre, inkludert biomangfaldet som hjelper til å oppretthalde det. ‘Menneskeheita er særs oppteken med å sitje på ei grein som vi held på å sage over’, sa han.»
Ehrlich er ikkje ein utkantfyr.
Han har arbeidd i Det kvite hus.
Og no arbeider han ved Stanford universitet.
Dette er slik den globale eliten verkeleg ser ting.
Dei trur at vi står overfor eit frykteleg miljømareritt, og dei trur at menneskeheita er årsak til det marerittet.
Neste veke vil hordar av globale leiarar farte til Davos i Sveits for den årlege samlinga til World Economic Forum, og «miljøkollaps» vil vere eit primært fokus:
«Eit rekordhøgt tal forretnings- og regjeringsleiarar skal fare til den sveitsiske resorten Davos neste veke for å røde om utfordringar som rangerer frå global økonomisk saktegåing til miljøkollaps når World Economic Forum vender tilbake til sitt vinterhabitat.»
World Economic Forum har blitt ei hending som ambisiøse globale leiarar rett og slett ikkje har råd til å gå glipp av.
I år vil heile 52 statsoverhovud vere til stade der:
«52 statsoverhovud og regjering vil møte opp saman med 56 finansministrar, 19 sentralbank-guvernørar, 30 handelsministrar og 35 utanriksministrar. Leiarar av FN, Det internasjonale pengefondet og Verdas handelsorganisasjon vil vere blant 39 leiarar av internasjonale byrå.»
Den globale agendaen for dei neste 12 månadene vil bli vesentleg forma av kva som finn stad i Davos neste veke.
Og du og eg er ikkje invitert.
Eg har skrive om den veksande bølgja av globalisme lenge. Og til og med etter alt som har kome for dagen dei siste åra ser globalistane ut til å vere sterkare enn nokosinne.
Det er unaudsynt å påpeike dette, men dei er ikkje interesserte i å ivareta dykkar interesser.
Det dei verkeleg vil er å tynne ut flokken på kva som helst slags måte, og det tydar å oppmuntre resten av oss til å få færre barn.