Vaksineskade frå piggproteinsprøyter framkallar flodbølgje av uhelse over heile kloden

Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.

«Somme har det ikkje greitt!» seier eit covid-vaksineskade-offer kjensleladd i den nye filmen Anecdotals, som handlar om menneske som no lid av lamming i ymse delar av kroppen på grunn av Wuhan-virus-clot shots. Desse alvorleg skadde vaksinevaldsoffera sikrar publikummet sitt at dette ikkje er politisk, og at dei berre vil at alle som har blitt skadde av desse skitne sprøytene får den behandlinga og hjelpa dei fortener, inkludert dei sjølve.

Vaksinevaldsoffer lid av lammingar i ansiktet, beina, og har mist sansar, inkludert synet. Dette skjer med heilt friske folk berre dagar eller veker etter at dei tok mRNA-genendrande, vaskulær-tilstoppande, prion-skapande injeksjonar.

Desse vaksineskadde menneska ber vitne om at regjeringa deira laug til dei og sa at covid-injeksjonane var «trygge» og «effektive», men dei er i røynda eksperimentelle, farlege og ineffektive. Foreldre har mist barna sine på grunn av desse medisinske føretaka. Det er ei stor skam, og dei har til og med vanskar med å fortelje verda om det utan å bryte saman i tårer og forferdig framfor kamera.

Demens-herja Resident Biden [«bebuar Biden»] lovde verda at… «vaksinane er trygge, lover eg dykk, dei er trygge og effektive»

Den falske presidenten, dei regulatoriske leiarane i byrå som FDA og CDC, og dei Big Pharma-kjøpte vitskapsfolka i Verdas helseorganisasjon dreiv alle og laug og repeterte det same, gamle, falske mantraet som dei har sagt om kvar einaste vaksine som nokosinne er skapt: at dei er «trygge og effektive». Vel, å seie det 100 eller 1000 gonger gjer det ikkje sant, berre følg vitskapen og vitnesbyrda til tusenvis av vaksineskade-offer, og de innser kor farlege desse covid-sprøytene verkeleg er. Ikkje rart at dei tilbyr dei gratis, sjølv om dei eigentleg er finansierte av skattebetalarpengar når alt kjem til alt.

Covid-sprøyteoffer lid av utoleleg nervesmerte på grunn av sprøytene. Når hjarte- og karsystemet, sentralnervesystemet, dei reinsande organa, hjartet og hjernen blir fylt opp og tilstoppa av giftige, virus-imiterande protein-prion, bryt kritiske system saman. Det er grunnen til at Sudden Adult Death Syndrome (SADS) [«krybbedød hjå vaksne», som enkelte norske nyheitsformidlarar kallar det»; oms.komm.] er so vanleg no. Det er det nye namnet for vaksineskade og vaksine-indusert plutseleg død. Massemedia og det medisinske industrielle komplekset kallar det «uforklarleg».

Dataa er anekdotiske, basert på tusenvis av personlege beretningar, inkludert tilfelle dokumentert av legar, hjartelegar, immunologar, og til og med gravferdsagentar og balsamerarar. Vaksinevaldsoffer og foreldra deira er vitnesbyrd for skaden framfor komitear, byrå, medisinske styre, forskarar, regulatoriske leiarar og meir, for å prøve å få ut meldinga om at den medisinske industrien fullstendig ignorerer desse menneska som sjølv lid ufatteleg på grunn av dei mislykka, farlege, skitne sprøytene.

Vaksinevald er ekte, og vaksine-holocaust skjer akkurat no

Vaksineskade-data er latterleg openberre, og viser urovekkjande trendar om denne flodbølgja av kritiske skadar som skjer etter mRNA-vaksinasjon, og mykje av det blir rapportert til VAERS, Vaccine Adverse Event Reporting System (og liknande rapportsystem i land rundt om i verda). Likevel representerer desse rapportane i beste fall berre 10 til 20% av dei ekte tala vaksinevaldsoffer og deira lidingar.

Vi må alle spreie ordet og sikre oss at desse menneska blir høyrde og får den behandlinga dei fortener, medan vi beskyttar andre for å bli offer for det same. Lat oss hjelpe til med å setje ein stoppar for denne latterlege påstanden om at covid-sprøytene er «trygge og effektive». Alle som påstår det no, burde bli stilt for retten for å pushe skadeleg propaganda med vondsinna intensjonar. Dette er ikkje eit politisk problem, men heller ein verdsomspennande medisinsk tragedie av episke proporsjonar. Ta ein ståstad og hjelp desse menneska. Sjå videoen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s