Globalistane planlegg å sleppe laus luftbore Ebola, åtvarar Alex Jones

Av Belle Carter, Natural News. Omsett av saksyndig.

Den uavhengige nyheitsformidlaren Infowars sin grunnleggjar Alex Jones, åtvara publikummet sitt om at dei globale elitane planlegg å sleppe laus det neste biovåpenet for å utradere og stengje ned menneskeheita – Ebola-viruset, og denne gongen via lufta.

Jones forklarte korleis Wuhan koronavirus (Covid-19)-pandemien berre var generalprøva for ein testfase for det globalistane allereie har planlagt.

«Dei ønskte å teste sensuren, teste overvakinga og hente inn kontrollnettet. Dette var berre ein generalprøve og det er framleis eit farleg virus, og sprøyta er ti gonger verre,» sa han under ein episode av The Alex Jones Show.

«Dei kjem ikkje til å gje opp, sjølv om dei har tapt sensurslaget sitt. Eg sit litt på kanten av stolen her, fordi Den nye verdsordenen går til åtak på oss akkurat no.»

Ifølgje ein artikkel på nettsida til Global Alliance for Vaccines and Immunization (GAVI), har Ebola so langt berre råka afrikanske land, og enkelte tilfelle utanfor kontinentet har raskt kome under kontroll. Men viruset kan mutere for å spreie seg lettare mellom folk, noko som gjer det til ein større pandemisk trugsel.

Artikkelen har lege ute på nettsida til organisasjonen sidan mars 2021.

Viruset spreier seg gjennom direkte kontakt med blod, sekret, organ eller andre kroppsvæsker til infiserte individ, og på overflater og materiale som er kontaminerte med desse væskene. Men ekspertar på smittsame sjukdommar bekymrar seg over at dette dødelege viruset kan mutere og bli overført berre ved hjelp av eit host eller eit nys.

«Det er den største bekymringa eg nokosinne har hatt i min 40-årige folkehelsekarriere,» sa dr. Michael Osterholm, direktør ved Center for Infectious Disease Research and Policy ved Universitetet i Minnesota. «Eg kan ikkje førestille meg noko i karrieren min – og dette inkluderer HIV – som kan vere meir øydeleggjande for verda enn eit respiratorisk overførbart Ebola-virus.»

Ein CNN-artikkel frå oktober 2014 rapporterte at Verdas helseorganisasjon (WHO)-vitskapsfolk ikkje visst om noko virus som dramatisk har endra sin overføringsmetode.

Osterholm sa at risikoen er relativt liten at viruset vil gjere det hoppet. Men han åtvara at når viruset spreiar seg, aukar sannsynet for det.

Kvar gong ein ny person får Ebola, får viruset ein annan sjanse til å mutere og utvikle nye evner. Osterholm kallar det «genetisk rulett».

Uganda erklærer slutten på Ebola-utbrot

Onsdag 11.januar [2023] erklærte den ugandiske regjeringa slutten på sitt Ebola-utbrot, mindre enn fire månader etter at tilfelle fyrst vart rapporterte. Ifølgje The Guardian, rapporterte det austafrikanske landet ingen nye infeksjonar på meir enn 42 dagar, som er dobbelt so lenge som den maksimale inkubasjonsperioden til viruset.

«Uganda sette ein rask stoppar for Ebola-utbrotet ved å auke opp nøkkel-kontrolltiltak slik som overvaking, kontaktsporing og infeksjon, førebygging og kontroll,» sa helseminister dr. Jane Ruth Aceng Ocero på onsdag. «Den magiske kula har vore samfunna våre, som forstod kor viktig det var å gjere det som trengst for å gjere slutt på utbrotet, og tok handling.»

56 personar døydde av viruset under det siste utbrotet, og der har vore 142 bekrefta tilfelle sidan 20.september 2022.

Ebola er ikkje nytt i Uganda, og eit utbrot i år 2000 drap meir enn 200 menneske. 2014-2016-utbrotet i Vest-Afrika drap over 11 000, som er det høgste dødstalet knytt til sjukdommen. Andre afrikanske nasjonar har òg hatt Ebola-utbrot med jamnare mellomrom samanlikna med vestlege nasjonar.

Videoen der Alex Jones snakkar om planlagt Ebola-utslepp frå globalist-eliten kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s