The Gateway Pundit skriv om Haaland-saka

24.august publiserte nettstaden The Gateway Pundit ein artikkel om Trond Harald Haaland, Stavangermannen som vart henta av helseteam og politi og sperra inne på psykiatrisk sjukehus i ni døgn, tilsynelatande på grunn av innlegg han hadde posta på Facebook. Artikkelen er skriven av den svenske uavhengige journalisten Peter Imanuelsen, òg kjent som PeterSweden. Artikkelen har tittelen «Norway LOCKED Man in Psychiatric Ward for Questioning mRNA Shots» («Noreg stengde mann inne på psykiatrisk avdeling for å stille spørsmål ved mRNA-sprøyter»).

Artikkelforfattaren åtvarar lesaren om at denne historia er verre enn dei vil tru, og at han ikkje trudde dette kunne skje i eit demokrati. Han stiller med rette spørsmålet om vi verkeleg lever i eit demokrati no.

Han skriv følgjande om Haaland (mi omsetjing):

«Dette handlar om ein norsk mann ved namn Trond Harald Haaland. Han har lenge vore frittalande om ting som World Economic Forum, klimaendring og vaksinepass. Han har publisert mange innlegg om overtalsdødsratane vi har sett etter utrullinga av mRNA-vaksinane.

Med andre ord er dette ein mann som ikkje trur på hovudstraumsmedie-narrativet. Han tenkjer sjølv. Og han har drive og aktivt kritisert det norske helsesystemet for det som skjedde under pandemien.

Blant anna sendte han tidlegare i år eit brev til ein svært høgtståande lege i regionen sin [Rogaland], der han kravde at ein stoppa covid-vaksinering av barn i fem til elleveårsalderen.

No har nokon anonymt meldt han til politiet for å vere ‘mentalt ustabil’. Vi har inga aning om kven det var. Det kan vere kven som helst. Det kan vere ein eller annan Antifa-ekstremist som meldte han for alt vi veit.»

Vi kjenner alle den historia no. Nokon sendte inn ei anonym bekymringsmelding, slik at politi og helsepersonell kom på døra til Haaland og henta han – alt dette fordi han hadde publisert «konspirasjonsteoriar» på Facebook.

Artikkelen har skjermbilete av nokre av innlegga til Haaland, det som kan kallast eit representativt utval. Her er eitt av dei, ein kommentar til at Frankrike har vedteke ei ny lov slik at styresmakter på avstand kan aktivere kamera, mikrofon og GPS på mobiltelefonar. Den som publiserte innlegget Haaland kommenterer, er interessant nok PeterSweden, artikkelforfattaren. Haaland sin kommentar er:

«Har nok gjort det lenge. Snowden viste oss det.

Hva om de hacker telefonen din og interagerer de stalker deg du vil aldri kunne vise det til noen o[g] bli erklært gal de kan gjøre en del rare ting. Skriver så det er tydelig noen er der. Bare en tanke. Da sliter du nok ingen vil tro deg. De kan holde på døgnet rundt. Noen muligens opplevd det ? Jeg tror de i tilfelle.»

(Sjå òg «Gang-stalking: Det er ikkje paranoia om dei verkeleg er ute etter deg», publisert 3.januar 2022.)

PeterSweden påpeiker heilt korrekt at overlegen som la Haaland inn (namngjeven som Erzebet Szasz i Document-journalist Øyvind Thuestad sin artikkel), ikkje hadde lese nokon av Facebook-innlegga fordi ho ikkje har Facebook-konto. Ho var likevel i posisjon til å hevde at han ikkje postar slike innlegg når han er mentalt stabil. Er det dette som blir kalla «kvalifisert gjetting»?

PeterSweden kjem her med ei etter mitt syn briljant oppsummering av Haaland-saka (igjen mi omsetjing):

  1. «Mannen legg ut ting som kjem med kritikk av hovudstraumsnarrativet på sosiale media.
  2. Nokon melder han anonymt til politiet.
  3. Politiet melder han til helsesystemet.
  4. To ‘helsearbeidarar’ og to politibetjentar kjem på døra hans same dag som han deler eit av mine [PeterSweden] innlegg om statleg overvaking.
  5. Dei haler han med seg og stengjer han inne med tvang.
  6. Han får ikkje kome ut og trekkje friskluft.
  7. Han får ikkje ha med seg advokaten sin i eit møte.»

PeterSweden samanliknar til slutt Haaland-saka med måten politiske dissidentar vart behandla i Sovjetunionen, der desse vart sperra inne på psykiatriske sjukehus fordi «helseekspertar» hadde vurdert at dei politiske meiningane deira tyda at dei var «mentalt ustabile». Han meiner òg at det er påfallande at ingen i hovudstraumsmedia har nemnt saka i det heile.

At saka no får internasjonal merksemd seier mykje om kor oppsiktsvekkjande den er.

Kommenter innlegget