Vi kan alle vere einige om at Pride-rørsla har strekt strikken litt for langt når det gjeld normaliseringa av ikkje-heteroseksuelle legningar. Faktisk er det ikkje eingong ei normalisering: det er ei vill overdriving, og slik ei eksponering at folk får alt opp i trynet, og mange får det òg langt ned i halsen. Pride-flagg skal vaie utanfor kvar ein bygning, og Pride-tog skal marsjere sjølv gjennom dei minste bygdetun – kvar dag, heile året. Og alle som stiller spørsmål ved dette eller kjem med sakleg kritikk, blir aggressivt uthengt, sverta og verbalt prylt av ein samla flokk som meir og meir framstår som ein fanatisk mobb. Dette er eit døme på eksepsjonell intoleranse vi knapt har sett maken til. Kva gjer toppolitikarane? Dei dansar med dei i gatene, vrikkar på rumpene sine og veivar med dusk.
Korleis hamna vi i slikt eit uføre? Dette skjedde naturlegvis ikkje over natta. Henry Makow publiserte ein artikkel so tidleg som 9.november 2001 der han diskuterte det moglege opphavet til normaliseringa av homofili, som er sjølve berebjelken i det som seinare vart Pride. Sjølv om artikkelen er nesten 22 år gammal, er den flammande aktuell i dag. Her ligg etter mi meining sjølve rota til problemet, sjølve inngangen til dette massive ormeholet.
Artikkelen har namnet «Playboy & the (Homo) Sexual Revolution», og Saksyndig presenterer her ei gjengjeving av den og valde utdrag. Alle omsetjingar er av Saksyndig.
Når dei fleste skal skildre den maskuline mannen, den James Bond-aktige mannemannen, ser dei føre seg ein mann som bryr seg om utsjånaden, heimen sin og eigendelane sine. Han vil ha sex so mykje og ofte som mogleg, og vel seg damer utifrå utsjånaden (sjølv om mange av dei gjerne er dumme som brød). Han er sjølvoppteken og ønskjer ikkje å involvere seg emosjonelt eller forplikte seg. Det tradisjonelle familielivet med kone og barn byr han sterkt imot.
Makow skriv:
«Høyrest dette ut som mange homofile menn? Det er òg det maskuline idealet som har blitt spreidd av bladet Playboy sidan 1950-talet.»
Sjølve essensen til ein mann er ønsket, viljen og evna til å stifte og støtte ein familie. So langt tilbake som 1972, over femti år sidan, fekk tre av fire mannlege college-studentar ideane sine om maskulinitet frå nettopp Playboy. Dette har gjort uboteleg skade på det amerikanske, og dermed det vestlege, samfunnet. Kvinner og barn har blitt dei skadelidande.
«Likskapen mellom Playboy og homofile ideal er ikkje tilfeldig. Kinsey-rapporten (1948) forma noverande hovudstraumshaldningar til sex. Den heidra ukontrollerte seksuelle uttrykk og vart manifestet til motkulturen og den seksuelle revolusjonen. Den inspirerte Hugh Hefner til å starte Playboy i 1953.»
Kort forklart sa Kinsey-rapporten at seksuelt avvikande åtferd var so vanleg at den måtte sjåast på som normalt. Dette var naturlegvis løgn, som psykologen Judith Reisman skreiv i boka Kinsey: Crimes and Consequences (1998). Alfred Kinsey var kort og greitt ein bedragar, og rapporten hans var eit bedrageri. Reisman skriv:
«Kinsey, ein zoolog [dyreekspert] ved University of Indiana, lest som han var ein konservativ familiefar. I røynda var han ein barnemisbrukar og homofil pervo som forførte sine mannlege studentar og tvinga kona si og kjenningar til å spele i heimelaga pornofilmar. For å bevise at barn har legitime seksuelle behov. Kinsey og hans pedofile medsamansvorne misbrukte anten 2000 spedbarn og barn eller lente seg på data som hadde blitt samla inn i nazistane sine konsentrasjonsleirar.» (Reisman 1998: 312; sitat henta frå nemnde Makow-artikkel.)
Reisman konkluderte at framveksten av patologisk kjønnsdrift i USA var undervist i skular, i tillegg til å bli reflektert i finare og populær kunst, pressen, lovverket og offentleg politikk – dei dokumenterte tilsynelatande normene rundt seksuelt avvik som Kinsey visstnok hadde avdekt i rapporten sin.
Reisman skriv i boka Reisman, Crafting Gay Children: An Inquiry at rapporten var sponsa av Rockefeller-stiftinga. Målet til Kinsey var å erstatte ein jødisk-kristen æra der folk hadde sex utifrå forplantingsføremål, til ein æra der alt var tillate; han ville skape eit paradis for bi- og homofile. Han tråla Times Square i hjartet av Manhatten på jakt etter intervjukandidatar. 25% av informantane var prostituerte og tidlegare fengselsinnsette, inkludert mange seksualforbrytarar. Kinsey døydde sjølv relativt ung av sjukdom assosiert med impotens og sjølvskading. Ei av dei mest sentrale løgnene i rapporten var at ti prosent av amerikanske menn var homofile, når det reelle talet var to prosent. Han overdreiv dermed talet homofile i USA femdobbelt.
Ifølgje Playboy-grunnleggjar Hugh Hefner produserte Kinsey-rapporten ei fenomenal seksuell oppvakning, hovudsakleg på grunn av mediemerksemda. Dette er berre nok eit døme på at eliten vilt overdriv noko (dei hypar det) i media for å tvinge fram sosial endring. Det fungerer både positivt (Pride) og negativt (covid og klimakrisa). Playboy tok imot bodskapen om seksuell fridom med opne armar og vidareformidla den med febrilsk iver. Mange såg nok på dette som ei frigjering frå det sosiale kravet om at sex berre skulle skje innanfor ekteskapet. Det dreia seg diverre ikkje om fridom, men om å gjere menn avhengige av desse fantasiane i glansa vekeblad (og seinare Internett). Avhengigheit til noko er sjølve antitesen til fridom. For å oppnå avhengigheit til porno, måtte menn skremmast ifrå å både gifte seg og føre slekta vidare.
Med Reisman sine ord frå Soft Porn Plays Hardball (s.47): «Playboy var det fyrste riksdekkjande bladet som utnytta college-gutar si frykt for kvinner og familieforpliktingar. Playboy baud seg fram som ei påliteleg, behageleg erstatning for monogam, heterofil kjærleik.»
Playboy og radikale feministar hadde éin ting til felles, og det var forakt for kjernefamilien. Verken damer som kritikklaust puler kven som helst, eller hardbarka, karrierehungrige feministar er spesielt gode kandidatar for å bli mødrer og koner. Det dei gjorde fungerte tragisk nok: No har vi ein epidemi av skilsmisser, porno, impotens, seksuelt misbruk av barn, BDSM, tenåringsgraviditet, kjønnssjukdommar og AIDS. Det var stoda i 2001 – no er alt, kanskje med unntak av AIDS, hundre gonger verre. No har vi òg kjønnslemlesting av små barn. Fødselsraten har falle betydeleg i nær sagt alle vestlege land, og er på noverande tidspunkt for låg til å oppretthalde folketalet.
Psykologen Richard Cohen har eit syn på homofili som mange, spesielt fanatikarane i Pride-rørsla, vil frese av. Makow nemner boka hans Coming Out Straight: Understanding and Healing Homosexuality (2000):
«Homofili er ei utviklingsforstyrring karakterisert av manglande evne til å etablere eit permanent band til ein medlem av det motsette kjønn.» Homofil oppstår «når eit gutebarn mislykkast i å knyte seg til sin eigen far. Ved å ha sex med menn prøver den vaksne homofile å kompensere for den farskjærleiken han vart nekta i barndommen og ungdommen.»
Cohen var sjølv homofil, men vart «kurert» og er no ein gift trebarnsfar. Kvinneleg homofili meiner han kjem av at ei jente sin reaksjon på å bli avvist eller misbrukt av faren sin. Han skal visstnok ha kurert hundrevis av homofile, men har møtt kraftig kritikk for å prøve å underminere den homofile politiske agendaen. Nemnde agenda handlar kort fortalt ikkje om å anerkjenne andre legningar enn den heterofile, men om å omdefinere normene i samfunnet.
Ifølgje Anne Moir er derimot eit mindretal av menn fødde homofile på grunn av hormonell ubalanse i mors liv.
Makow skriv vidare om homofili:
«I mange tiår vart homofile fortalde at dei var ‘sjuke’, og vart feilaktig forfølgde på ein vondsinna måte. Løysinga til homoaktivistrørsla: overtyde verda om at det faktisk er dei heterofile som er sjuke. I 1973 mobba dei Den amerikanske psykologiforeininga til å erklære homofili for normalt. Saman med feministaktivistar (som trur heterofili er ibuande undertrykkjande), byrja homoaktivistar å plukke frå kvarandre alle heterofile institusjonar: maskulinitet, femininitet, ekteskap, kjernefamilien, speidarane, sport og militæret.»
I våre dagar kan til dømes politikarar og embetsfolk ikkje svare på kva ei kvinne er. Det er direkte komisk, men diverre òg djupt urovekkjande. Dei har mist evna til å tenkje sjølv, dei er livredde for å tape ansikt – og dermed alt dei eig og har.
«Støtta i ryggen av den finansielle eliten, dikterer homoaktivistar og deira støttespelarar no vår kulturelle sensibilitet. Dei er ansvarlege for den umodne overfokuseringa på pornografisk sex som gjennomsyrar TV, musikkvideoar og Internett. Denne tilstanden av stoppa menneskeleg utvikling er karakteristisk for mange homofile. Men fordi heterofile kvinner oppfører seg som menn, og omvendt, har heterofile no blitt gjort om til homofile. Vi kan ikkje etablere eit ‘permanent band med ein medlem av det motsett kjønn’. Føremålet til eliten er å øydeleggje familien og fremje sosial dysfunksjon og avfolking.»
(Sjå òg «Feminisme er eit avfolkingsprogram», publisert 8.november 2022.)
Normalisering av homofili har for lengst gått over i ei overeksponering av det. Homo- og feministaktivistar trur no at den tradisjonelle moralen vart funnen opp for å undertrykkje, medan den eigentleg er den oppsamla visdommen frå tallause generasjonar om kva som er sunt og til sist tilfredsstillande. Perversjon er og blir eit avvik frå kva som er sunt, og dette er spesielt aktuelt no når eliten òg har byrja å normalisere pedofili. Sexavhengigheit og usunne lyster er fyrst og fremst eit rop om hjelp, ikkje på nokon måte ein indikator på stoltheit (engelsk pride).
«Med Hugh Hefners hjelp reiv Alfred Kinsey sex vekk frå kjærleik og forplanting. Han reduserte det til nok ein kroppsfunksjon slik som urinering. […] For å konkludere var den ‘seksuelle revolusjon’ eigentleg ein triumf for eit eliteprogram av stoppa utvikling.»
Konsekvensen er at det moderne samfunnet er på randa av moralsk samanbrot.
