Brad Salzberg skriv på sin Substack 18.september 2023 om dei mystiske omstenda rundt døden til Michel Trudeau, den yngste broren til Justin Trudeau. 13.november 1998 vart Michel meldt drukna etter at eit snøras feia han ut i Kokanee-sjøen i den kanadiske provinsen British Columbia. 25 år seinare har liket enno ikkje blitt funne – og ingen, minst av alle Trudeau-familien, har gjort nemneverdig mykje for å finne etterleivningane heller.
Kokanee-sjøen er ideell for å bevare nettopp lik, ettersom vatnet er kaldt året rundt – spesielt i november månad då Michel visstnok drukna. Sjøen er ein av meir enn 30 alpine sjøar lokalisert i Kokanee Glacier Provincial Park, og ligg 1981 meter over havet.
Cultural Action Party of Canada (CAP; tilknytt artikkelforfattar Salzberg) snakka med ein lokalkjent mann, og han meiner at ein under eit tidsvindauge på tre månader om sommaren ville ha hatt rikeleg med høve til å finne liket; det kalde vatnet i den stilleståande sjøen ville garantert ha bevart liket ganske lenge. I vatn med temperatur på sju plussgrader eller mindre, vil eit lik vere intakt i fleire veker, og eit skjelett vil vere identifiserbart etter so lenge som fem år. Då vil ein kunne avgjere identiteten mellom anna ved hjelp av tennene. Kokanee-sjøen ligg på godt under sju grader om vinteren, for ikkje å nemne om våren og sommaren. Den lokalkjende mannen fortalde at i slutten av mai byrjar sola å dukke opp frå bak fjella og smelte overflateisen på sjøen. Då skulle ein forvente at dei etterlatne og leitemannskap hadde byrja å sokne etter Michel seinast i juni månad 1999. Dette skjedde derimot aldri.
Det tek ifølgje den lokalkjende mannen rundt fem timar å gå frå den sokalla «base camp» til sjøen. Det høyrest for mannen merkeleg ut at Michel og vennene skulle ta seg bryet med å gå heile fem timar med ski på ryggen til ein avsidesliggjande sjø. Området består av uvegsam villmark.
Michel skal ha døydd 13.november 1998, ein fredag – han døydde altso på fredag den trettande. Det som den kanadiske pressa derimot ikkje skreiv so mykje om, var at Michel nesten vart drepen i ei bilulykke fleire månader tidlegare. 17.juli 1998 (igjen ein fredag) vart han påkøyrt av eit anna køyretøy medan han køyrde gjennom Portage la Prairie i kanadiske Manitoba. Kollisjonen var so kraftig at bilen han sat i rulla rundt fleire gonger og vart totalvraka. Det var eit mirakel at han overlevde, vart det rapportert. Fem månader seinare var han død.
Eit anna aspekt som kanadiske media lét vere å formidle so altfor mykje om, var den uvanlege «vennskapen» mellom Michel og den kubanske diktatoren Fidel Castro.
(Sjå òg «Eksplosiv evidens beviser at Justin Trudeau er sonen til Fidel Castro», publisert 12.august 2022.)
Michel Trudeau vart fødd 2.oktober 1975. Berre fire månader seinare var han og besteforeldra på besøk på Cuba, der Castro sjølv møtte babyen. Ein artikkel i Maclean publisert 16.november 2016 fortel om den uvanlege nærleiken mellom Castro og vesle Michel (sitat frå nemnde artikkel, omsetjing av Saksyndig):
«Alle eg intervjua for Three Nights in Havana, inkludert mange av dei leiande diplomatane på begge sider, sa at den verkelege utløysaren for varmen i Trudeau-Castro-forholdet var Michel [utheving i originalteksten]. Det var den augneblinken der Pierre Trudeau og Margaret, som heldt Michel i armane, kom ned trappa frå flyet, og der stod Fidel nede ved botnen av trappa, klar til å bokstavleg tala ta Michel i armane sine [igjen original utheving].»
Åtferda til Fidel indikerer at han var i biologisk slekt med Michel, heller enn berre ein venn av familien. I tillegg skriv John Geddes, forfattaren av Maclean-artikkelen, at der finst mange, mange bilete av Fidel der han held babyen.
CAP og Brad Saltzberg meiner dette underlege forholdet mellom Castro og Michel kan vere nøkkelen bak dei mange mystiske omstenda knytt til Michels bortgang. Ein kan derimot ikkje bevise konkret at ein slik samanheng eksisterer. Det er derimot eit faktum, som det står skrive i Canadian Encyclopedia, at leitemannskap dagen etter drukningsulykka gjorde eit forsøk på å undersøkje med miniubåt botnen av den 100 meter djupe sjøen. Men mannskapet vart overraska av uvêr, helikopteret vart nesten fanga, og mannskapet måtte gå til fots 4,8 kilometer ned igjen frå fjellet. Dei gjorde aldri nokon nye forsøk på å leite etter etterleivningar. Ingenting har sidan blitt funne, ikkje so mykje som ein fjellsko. Dette til trass for at forholda i sjøen ikkje kunne ha vore meir perfekte til å bevare eit lik.
Det var den mellomste broren, Alexandre «Sacha» Trudeau, som sa at familien ønskte at ingen fleire skulle risikere livet for å leite etter liket. Dei ønskte tydelegvis ikkje å få sjelefred når det gjaldt lagnaden til Michel. Dessutan ville det ha vore langt tryggare å leite etter han om sommaren, ettersom Kokanee-sjøen er relativt liten: Den er 1200 meter lang, 400 meter brei og 100 meter djup.
Ingen innanfor kanadisk presse har skrive særleg mykje om den yngste Trudeau-sonen, anna enn at han gjekk i klasse med ei dame ved namn Sophie Grégoire. Det går òg rykte om at han rundt sin død i 1998 var kjærast med ho. Sophie var Justin Trudeau si framtidige kone. Dei gifta seg i 2005, og separerte seg i 2023. Ein kan difor spekulere i om det mystiske dødsfallet var relatert ikkje berre til den moglege farskapen til Fidel Castro, men òg til dette romantiske forholdet. Dreia det seg om sjalusi frå storebroren, eller ville nokon halde Castro-relasjonen hemmeleg?
