Den britiske nettstaden The Exposé meldte 17.oktober 2023 at den tyske advokaten Reiner Füllmich like etter helga vart arrestert. Füllmich, som er mest kjent for sitt prosjekt for å bevise at koronaprosjektet er eit brotsverk mot menneskeheita, skal ha mist passet sitt då han og kona var på ferie i Mexico. Då han kom til den tyske ambassaden i Tiajuana, pågreip tyske styresmakter han, sette han på eit fly til München og arresterte han der.
The Exposé baserer denne sjokkerande nyheita på ein artikkel skriven av Howell Woltz på nettstaden Richardson Post. Woltz fortel at det var deira felles venninne Elsa Schieder frå Truth Summit som fortalde at advokat Füllmich hadde blitt arrestert. Ho sa at det for ho var overraskande at han var ein fri mann sopass lenge: «Globalistane som prøvde å drepe oss hatar verkeleg Reiner Füllmich. [mi omsetjing]»
Som Holtz skriv:
«Den udugelege Olaf Scholz og regjeringa hans i Tyskland er like populære som apekoppar i ein homosauna, so dei må stengje ned fakta om at vaksinen som dei tvinga på folket sitt har drepe langt fleire enn Wuhan-viruset [covid-19].»
Han skriv so at 95% av covid-19-dødsfall mellom 1.juni 2022 og 31.mai 2023 har funne stad i den vaksinerte delen av befolkninga, dette ifølgje ein ny studie basert på data frå det britiske statlege kontoret for nasjonalstatistikk (Office for National Statistics, ONS). Nemnde artikkel skriv at talet er 94%, men det er framleis eit særs høgt tal. Desse 17 millionar dødsfalla må undertrykkjast for ein kvar pris, og det er grunnen til at dei la planar for å øydeleggje Reiner Füllmich, meiner Woltz.
Kona til Füllmich fekk gå fri. Han vart derimot arrestert, og det etter ordre frå Tyskland og EU, dei to største benefisientane til Pfizer.
Woltz ser ut til å antyde at Füllmich sin tidlegare kollega og allierte, advokat Viviane Fischer, har gjort ein avtale med EU og den tyske regjeringa. Fischer og Füllmich rauk for ei tid tilbake uklar, og Füllmich danna sin eigen koronaetterforskingskomité.
(Sjå òg «Reiner Füllmich og Viviane Fischer har byrja sin historiske rettssak mot kreftene bak Covid-19-‘pandemien’: ‘Urettferd mot éin er urettferd mot alle», publisert 7.februar 2022.)
(Sjå òg «Transkripsjonar av Reiner Füllmich sin Grand Jury er no tilgjengelege», publisert 15.april 2022.)
(Sjå òg «Reiner Füllmich med oppdatering, inkludert svar på falske anklagar frå medgrunnleggjaren av Koronaetterforskingskomiteen», publisert 3.oktober 2022.)
Woltz skriv:
«Det ‘brotsverket’ dei bruker for å arrestere Reiner Füllmich er ein påstand om at 1,35 millionar euro manglar frå ein trepersonskonto som vart brukt for å straffeforfølgje sakene deira mot regjeringa(ne) og farmasiselskapa.
So det kan sjå ut som anklagarane gjorde ein avtale og vende den elskelege Viviane [Fischer] mot sin mentor, og plasserte ho på alle tenkjelege sosiale media dei kunne oppdrive, slik at dei kunne få ut påstanden om at Reiner Füllmich stal pengar frå ei sak som han personleg grunnla.
Der er berre eitt problem med den saka […] og takka vere litt graving har sanninga sleppt ut som vil krevje at saka blir avvist.
Pengane er framleis på kontoen.»
Woltz veddar på at Viviane Fischer har blitt tilbydd immunitet frå dette «brotsverket», mot at ho les frå deira manus mot ein av dei største heltane i covid-affæren. Og kvifor har dei valt akkurat dette tidspunktet, midten av oktober 2023, for å ta han? Woltz meiner dette har samanheng med den komande ICS 4-konferansen i rumenske Bucureşti neste månad. Der skal visstnok sanninga om heile «pandemien» bli offentleggjort, og Romania skal vere eit av dei få områda globalistane enno ikkje kontrollerer. Woltz trur derimot at sanninga vil bli offentleggjort sjølv om Füllmich skulle bli uriktig tiltala for tjuveri av over ein million euro.
