Medisinsk kannibalisme: Britiske kongelege drakk blod og åt menneskekjøt

Boka Mummies, Cannibals and Vampires: The History of Corpse Medicine from the Renaissance to the Victorians av Richard Sugg vart publisert tilbake i 2011, og fortel at britiske kongelege drakk blod og åt menneskekjøt. Denne kannibalismen skal ha gått føre seg heilt opp til slutten på 1700-talet. The People’s Voice skriv (mi omsetjing):

«Forfattaren Richard Sugg seier at dette ikkje var ein praksis som berre var reservert for monarkane, men var utbreitt blant velståande og velutdanna i heile Europa.

Daily Mail rapporterer: Til og med medan dei fordømte dei barbariske kannibalane i Den nye verda, brukte dei, drakk eller gjekk med pulveriserte egyptiske mumiar, menneskefeitt, kjøt, bein, blod, hjerne og hud.

Mose teken frå skuldrane til døde soldatar vart til og med brukt som ein kur mot nasebløding, ifølgje dr. Richard Sugg ved Durham universitet.

Dr. Sugg sa: ‘Menneskekroppen har i stort omfang blitt brukt som ein terapeutisk agent der dei mest populære behandlingane involverte kjøt, bein eller blod. Kannibalisme førekom ikkje berre i Den nye verda, som ein ofte har trudd, men òg i Europa. Ein ting vi sjeldan blir undervist i på skulen, men som likevel har evidens i litteratur og historiske tekstar frå perioden er denne: James 1. nekta likmedisin; Karl 2. laga sin eigen likmedisin; og Karl 1. vart gjort om til likmedisin. Saman med Karl 2. inkluderte brukarar Francis 1., Elisabet 1. sin kirurg John Banister, Elizabeth Grey, Grevinna av Kent, Robert Boyle, Thomas Willis, Vilhelm 3. og Dronning Mary.’

Historia om medisinsk kannibalisme argumenterer dr. Sugg reiser ei rekkje viktige sosiale spørsmål.

Han sa: ‘Medisinsk kannibalisme bruker den formidable vekta til europeisk vitskap, publisering, handelsnettverk og skolert teori. Medan likmedisin har stundom blitt presentert som middelalderterapi, hadde det sitt høgdepunkt under dei sosiale og vitskaplege revolusjonane i det tidlege moderne Storbritannia. Det overlevde langt inn på 1700-talet, og blant dei fattige heldt det sta fast heilt til Dronning Victoria-tida. Bortsett frå sjølve spørsmålet om kannibalisme, verkar kjeldene til kroppsdelane no høgst uetiske i våre auge.’

‘Då medisinsk kannibalisme var på sitt mest populære, vart lik og bein rutinemessig tekne frå egyptiske graver og europeiske gravlundar. Ikkje berre det, men eit stykke inn på 1700-talet var ei av dei største importvarene frå Irland til Storbritannia hovudskallar. Om dette var verre enn den moderne svartebørsen for menneskeorgan eller ikkje, er vanskeleg å seie.’

Boka gjev talrike, levande, ofte urovekkjande døme på praksisen, der ein ser alt frå avrettingsskafott i Tyskland og Skandinavia, gjennom rettslokala og laboratoria i Italia, Frankrike og Storbritannia, til slagmarkene i Holland og Irland og vidare til menneskeetande stammefolk i Amerika.

Eit måleri som viser avrettinga av Karl 1. i 1649 viser folk som tørkar opp blodet til kongen med lommetørkle.

Dr. Sugg sa: ‘Dette vart brukt for å behandle ‘kongens vondskap’ – noko som vanlegvis vart kurert ved berøringa til levande monarkar. Over i det kontinentale Europa, der øksa fall rutinemessig på halsane til kriminelle, var blod fyrstevalet som medisin for mange epileptikarar. I Danmark såg den unge Hans Christian Andersen foreldra sine få sitt sjuke barn til å drikke blod ved skafottet. So populært var denne behandlinga at bødlane rutinemessig fekk assistentane sine til å fange opp blod i koppar då det spruta frå halsane til døyande forbrytarar.’

‘Av og til tok ein pasient ein snarveg. Under ei avretting i Tyskland på tidleg 1500-tal ‘greip ein omstreifar den halshogne kroppen før den hadde falle til marka og drakk blod frå den’.’

Det siste dokumenterte tilfellet av denne praksisen i Tyskland fann stad i 1865.

Medan James 1. nekta å innta hovudskallar, lika barnebarnet Karl 1. ideen so mykje at han kjøpte oppskrifta. Etter å ha betalt kanskje 6000 pund for den, brukte han ofte å destillere hovudskallar sjølv i sitt private laboratorium.

Dr. Sugg sa: ‘Dette remediet, som var kjent som ‘Kongens dropar’, vart brukt mot epilepsi, krampar, sjukdommar i hovudet og ofte som ei naudbehandling hjå døyande. Det var det fyrste Karl rekte seg etter 2.februar 1685, då hans siste sjukdom byrja, og vart administrert ikkje berre på dødsleiet hans, men òg på det til Dronning Mary i 1698.’»

Dr. Sugg si forsking vil visstnok vere ein del av ein komande dokumentar på britiske Channel 4, der dei rekonstruerer versjonar av gamle kannibalistiske medisinar ved hjelp av hjernar, blod og skallar frå griser. Ikkje menneske, heldigvis.

4 comments

  1. Jødiske Vicki Polins historie om hennes families dobbeltliv er rystende;
    de sabbateiske frankister var en satanistisk bevegelse blant jøder som oppstod på 1600- og 1700-tallet, og de eksisterer fortsatt, later det til.

    Likar

Kommenter innlegget