Nettstaden The People’s Voice rapporterer at Sam Hall, adm.dir. i selskapet Mixed Reality Rooms, trur at folk ut av bekvemmelegheitsgrunnar vil gje seg hen til datasimulert sex i ein kunstig røyndom, på engelsk Virtual Reality, forkorta VR. Folk flest vil tenkje at det er langt tryggare å ha sex i ein simulert røyndom enn å møte fysiske, levande menneske og ha sex på ekte. Det blir verken graviditet eller kjønnssjukdommar av slike digitale samleie. Og med tanke på risikoen knytt til å ha sex med fullvaksinerte, er denne tanken slett ikkje so søkt.
(Sjå òg «Desperate amerikanske kvinner leitar på Facebook etter SÆD frå uvaksinerte menn!», publisert 8.november 2023, og «Menn gjev sæd til verpesjuke lesber på parkeringsplassar for ein neve dollar», publisert 19.november 2023.)
Pornografi har allereie øydelagt fleire generasjonar av menn og damer ved å gje dei urealistiske forventingar til korleis sex faktisk går føre seg. Når sjølv pornoblad hadde ein dokumentert skadeleg effekt på unge, lettpåverkelege sinn, kunne ein mangedoble denne skadeeffekten då Internett og gratis porno vart ein realitet. Og kva då med VR-sex? Då kan ein truleg hundredoble, om ikkje tusendoble risikoen for ugjenoppretteleg skade på både moralen og sjølve hjernen.
(Sjå òg «Porno og onani er som opium for massane, og dei som styrer unna slikt blir sett på som ein trugsel av herskarklassen», publisert 18.januar 2023.)
Eit anna høgrisikomoment innan VR-sex som vil gjere det høgst avhengigheitsskapande hjå villfarne ungdommar som ikkje veit betre, er at i det sokalla «Metaverset», som denne dataskapte røyndommen blir kalla, er det absolutt ingen grenser. Folk kan ha simulert sex med alt og alle; den søte jenta i klassen, filmstjerner, si eiga mor (!) og vrinskande hestar (!!). Naturlegvis vil pedofile òg kunne ha simulert sex med små barn dagen lang, for mykje tydar på at eliten har tenkt å ikkje berre lågne den seksuelle lågalderen til 12, men òg avkriminalisere pedofili. Med VR vil dermed sjølv desse perverse udyra møte frelsa i munnen på eit digitalt barn.
Hall antydar at VR-sex på sikt vil fase ut porno-appar og pornonettsider akkurat slik dei i si tid gjorde med pornoblad. Han gløymde å leggje til at pornoblad, som ein del av eliten sin vondsinna agenda for å avskaffe kjernefamilien og normalt seksuelt samkvem mellom menneske, i si tid òg fasa ut eit normalt sexliv for mange ulykkelege sjeler.
(Sjå òg «Henry Makow: Kinsey-rapporten og Playboy la grunnlaget for dagens Pride-galskap», publisert 21.september 2023.)
Eg registrerer at sexleiketøy sel som hakka møk i våre dagar, då gjerne til styrtrike, mektige karrierekvinner som er fysisk ute av stand til å oppnå orgasme på «gamlemåten». Sexleiketøy kan seiast å vere nært relatert til konseptet VR-sex, sidan dei i seg sjølv er mekaniske etterlikningar av kjønnsorgan, munnar og stundom heile menneskekroppar. At ikkje berre kvinner kjøper sexleiketøy, ser ein òg på det store utvalet av sexleiketøy for menn: sjømannsbruder (FleshLights på engelsk fordi etuiet dei kjem i til forveksling liknar på lommelykter, flashlights), og den nyaste Oris herrevibrator, som mellom anna kan kjøpast her. (Eg lurer på om nokon kjøpte denne til farsdagen nyleg…) Dette sexleiketøyet skil seg frå tradisjonelle luksusrunkeverktøy ved at det faktisk kjem «sensuelle lydar» frå tingesten. Eit anna sexleiketøy ved namn Masturbatoren Sam Neo lèt brukaren kople seg opp mot «interaktive videoar». Koplar ein på eit sett med hovudtelefonar og VR-briller, kan ein dermed få ei fullverdig oppleving av munnsex. Til dømes med den gamle lærarinna di frå tysktimane på ungdomsskulen, ein lokalpolitikar, kommuneoverlegen – eller kanskje òg ein villsau.
Til og med ikkje fantasien set grenser i VR-sexen si moralsk forderva verd. Iallfall ikkje om den er styrt av kunstig intelligens.
Problemet med å byggje opp urealistiske forventingar til ei hending, er at når sjølve hendinga skjer er du dømt til å bli skuffa. Dette forklarer sinnet og frustrasjonen mange kvinner føler når dei etter å ha gjennomført eit fullstendig normalt samleie, ligg igjen med inntrykket av at noko manglar. Og den kyniske marknaden, Big Porn, er der for å fylle denne kunstig skapte mangelen – til dømes med ein mirakelvibrator til 8000. Då er vegen kort til VR-settet, som òg i næraste framtid vil kunne fåast med lukt. Då slepp ein ekte sex, der partneren gjerne slepp ein brakfis eller to under klimaks.
Hall konkluderer at multisensorisk VR vil føre til at metavers-sex vil bli det normale for folk flest i teknologisk avanserte område. Til dømes 15-minuttsbyar med overvakingsregime og sosialkreditt-system der vanleg sex har blitt både upraktisk og beint fram farleg.
Saksyndig har ingen sponsoravtale med nettstaden som sel dei omtala sexleiketøya. Målet mitt er berre å drite den gjengen ut.
