Drøftingsmøte med leiaren av korttidsavdelinga

Tysdag 2.januar 2024 finn det stad eit drøftingsmøte på ein viss sjukeheim i Bergensområdet, nærare bestemt på kontoret til det ubrukelege, stein dumme neket av ein HR-leiar. Ho er ei gråhåra dame i 50-åra som på papiret er jurist, og trass at ho er tilsett på ein sjukeheim, har ho aldri i sitt liv jobba på ei avdeling. Kledd i ein svart, tettsitjande kjole og eit heller ukledeleg Tiffany-halskjede spankulerer denne slanke sylfida mot den bankande døra. Der står leiaren for korttidsavdelinga. Ho ser ut som ho er på veg til si eiga avretting, ho ser både bleik, kvalm og utilpass ut der ho står og skjelv.

«Kom inn,» seier HR-leiaren. – «Vi bruker nokre minutt på å førebu oss før Sandy og advokaten hennar kjem.»

«So det er altso bekrefta at ho kjem med advokat, og ikkje sin tillitsvalde i Sjukepleiarforbundet,» seier leiaren med ei skjelven stemme på sitt breie Jæren-mål. Den høge fyrstikkdama landar på ein stol ved møtebordet.

«Advokaten sjølv sendte meg ein e-post i dag tidleg,» seier HR-leiaren med sin merkelege, tysk-norske aksent. – «So… Eg forstår det slik at Sandy kom heim til deg fredag ettermiddag?»

«Ja, ho banka på døra medan eg var…» Ho avbryt seg sjølv. – «Ja, ho kom heim til meg.»

«Det kan vi truleg bruke mot ho. Det er krenking av privatlivets fred, jamfør Straffelova.»

«Skal vi politimelde ho?»

«Dersom du oppfatta åtferda hennar som trugande, ja.»

«Øh…» Ho fører ei skjelvande hand gjennom det blonde, skulderlange håret. – «Eg oppfatta ho ikkje som trugande. Og ho kom heim til meg fordi ho ikkje fekk tak i meg på andre måtar. Nummeret mitt er jo hemmeleg. Og det er det gode grunnar til, som eg ikkje vil gå inn på no.» Ho held seg til munnen. – «Åh, kor kvalm eg er.»

«Dette går nok bra. I verste fall blir sjukeheimen saksøkt. I beste fall kan vi tilby sluttavtale for å unngå søksmål. Då speler vi i so fall ballen vidare til seksjonsleiaren, Eline. So gjer nok administrerande direktør vedtak om sluttavtale.»

«Godt. Har du hatt tid til å setje deg inn i saka? Har du sett e-posten frå Mona som eg vidaresendte til deg fredag?»

«Eg skumma igjennom innhaldet. Det er ganske alvorlege påstandar ho og Merete kjem med mot Sandy. Ifølgje dei framstår ho som farleg inkompetent, faktisk til ei sånn grad at ho ikkje kan vere i avdelinga.»

Akkurat då bankar det på døra hardt og bestemt. «BANK, BANK!»

«Åh herregud, no kjem dei!» klynkar den særs engstelege blondina.

«Pust med magen,» seier HR-leiaren og reiser seg. – «Dette går bra.»

I døra står Sandy ulasteleg kledd i ein svart, høghalsa genser, eit mørkeblått skjørt og ei svart skinnjakke. Rundt halsen glitrar det eit sølvsmykke med eit hjarteforma anheng. I øyra skin perleøyredobbar. Ved sida av ho står ein gråhåra kar i dress med ein veltrimma bart, briller og stålblå auge.

«God dag, mitt namn er Robert Stockmann-Paus frå advokatbyrået Stockman-Paus & Myking,» seier denne velkledde herremannen. – «Eg representerer min klient Sandy Victoria Joy Ramirez.»

«K-kom inn,» seier den lett skjelvne HR-leiaren. Leiaren for korttidsavdelinga ser ut som ho skal drite på seg.

«H-hei, S-sandy,» stotrar ho og helser kort og kleint på Sandy og advokaten med ei klam, kald hand.

Dei fire samlar seg rundt bordet. Ute er det sol, skyfri himmel og bikkjekaldt. Byfjorden glitrar vakkert. På skrivebordet ligg dagens Bergens Tidende, der ei av overskriftene handlar om ein elbil som vart funnen forlaten på Askøy-brua, og ei jente som vart funnen død i sjøen.

Advokaten tek opp stresskofferten sin og fiskar ut ei mappe. Han landar innkallinga til drøftingsmøte på bordet framfor dei to nervøse damene. Sandy sit der med eit uleseleg pokerfjes, hennar skjold mot den uforklarleg fiendtlege arbeidsgjevaren.

«Min klient krev ei forklaring på kvifor arbeidsgjevar vurderer avslutting av arbeidsforholdet,» seier han med ei roleg, sakleg, malmtung røyst.

«Og det skal vi drøfte på dette drøftingsmøtet,» seier HR-leiaren. Ho sit knapt på stolen, ho meir balanserer på kanten av den. Avdelingsleiaren i den tåpelege, blå dressjakka ser ut som ho skal lette. – «To kollegaer sendte skriftleg klage på din klient til avdelingsleiar sist veke, der det kom fram fleire særs kritikkverdige episodar som har skjedd over tid. Episodane skildrar manglande tilpassing til arbeidet og manglande fagleg dyktigheit, noko som er legitime grunnar til å seie opp ein tilsett i prøvetida.»

«Har det blitt iverksett tiltak for å korrigere denne uønskte åtferda hjå den nytilsette?» spør advokaten. – «Har ho blitt gjort merksam på desse ‘kritikkverdige episodane’ i forkant av innkalling til drøftingsmøte?» Han vender sitt stålblå blikk mot avdelingsleiaren, som ser ut som ho skal søkje tilflukt i den stygge dressjakka.

«N-nei,» svarer ho stille.

«Kva slags kritikkverdige episodar er det snakk om her?» spør han. – «Min klient er heilt ukjent med at der føreligg kritikkverdige forhold rundt hennar innsats som sjukepleiar.»

Då fiskar HR-leiaren fram e-posten frå Mona og Merete. Advokaten og Sandy les på arket som ligg på bordet. Sandy hevar augnebryna og får ein perpleks grimase i ansiktet. Advokaten rynkar panna. Dei to «leiarane» sit der og småskjelv og sveittar. Sandy bøyer seg so over til advokaten og kviskrar noko i øyret på han.

«Eg vil gjerne konferere med min klient i einerom,» seier han.

«V-vi kan forlate kontoret!» seier HR-leiaren med eit fjollete glis. Avdelingsleiaren reiser seg opp so fort at stolen fell i golvet med eit brak bak ho. Med eit tomatraudt ansikt og med stygt skjelvande hender plukkar ho opp stolen utan eit ord. Dei to damene trippar ut derifrå og lukkar døra igjen.

«Dette er særs alvorlege påstandar,» seier advokaten og strekar under fleire linjer i e-posten. – «Har du verkeleg gjort alt dette?»

«Absolutt ingenting,» svarer Sandy bestemt. – «Dette er 100% oppdikta påstandar frå to kollegaer som ikkje akkurat gjev sjukepleiarar eit godt ansikt.» Advokaten ser merksamt og alvorleg på ho. – «Eg har sterke mistankar om at dei overmedisinerer pasientane, og at dei kanskje har ein romantisk affære på jobb.»

«Kan du bevise det?» spør han.

«Det har vore visse episodar, men eg kan ikkje bevise det konkret.»

«Då nemner du det ikkje. Å forsvare seg mot påstandar ved å framleggje nye påstandar blir som å tenne ein motbrann i stova når det brenn på kjøkkenet. Eg går og hentar damene, og so held vi fram møtet.»

«Kjem eg til å misse jobben?» Sandy får eit nake, sårbart uttrykk i ansiktet.

«Dette skal eg ordne opp i.» Han reiser seg og opnar døra til det vesle kontoret. HR-leiaren og avdelingsleiaren sprett til der dei står ute i fellesarealet. Han vinkar dei til seg og møtet held fram. Sandy har igjen sitt imponerande pokerfjes der ho tappert og modig sit.

«Jaaa, då har du fått konferere med din klient i einerom,» seier HR-leiaren. Avdelingsleiaren er oskegrå i fjeset.

«Min klient kjenner seg ikkje igjen i nokon av påstandane,» seier advokaten. – «Faktisk er ho av den oppfatning at dei er oppdikta.»

«Oppdikta? Kvifor skulle to erfarne sjukepleiarar dikte opp påstandar om ein nytilsett kollega?» HR-leiaren smiler prøvande. Advokaten og Sandy er grav alvorlege.

«Mitt inntrykk av Mona og Merete er at dei finn måtar å bli kvitt kollegaer dei ikkje likar,» seier Sandy med ei fast, myndig, fryktlaus stemme. – «Det var ein episode i førre veke der Ivar og eg fann dei på medisinrommet når dei skulle ha vore på vaktrommet og gjeve oss rapport. Dei påstod dei hadde kontroll av narkotikarekneskapen, når Karin og eg hadde gjort det dagen før. Kvifor drive slik ein unaudsynt dobbeltkontroll av rekneskapen, når dei heller burde ivareta pasientane?»

«Det er di oppfatning av Mona og Merete,» seier HR-leiaren. – «Avdelingsleiar si oppfatning av deg, er at du ikkje heilt har greidd å tilpasse deg rolla som sjukepleiar på ei travel korttidsavdeling.»

«Kva er det å tilpasse seg til?» spør Sandy. – «Eg har då jobba som sjukepleiar i 11 år, og sju av dei på ei langt større og travlare korttidsavdeling. Eg jobba i tillegg fire år på eit akuttmottak. Dessutan hadde eg to oppfølgingssamtalar der du—» Ho peiker på avdelingsleiar, som skvett slik at ho nesten ramlar av stolen. – «–berre skrytte over kor profesjonell, erfaren og dyktig eg var. Du må innrømme at det samsvarer dårleg med ei plutseleg innkalling til drøftingsmøte.» Ho landar dei skriftlege referata frå dei to oppfølgingssamtalane på bordet. Advokaten les gjennom dei.

«Ja, her ser det ut til at arbeidsgjevars inntrykk av min klient har vore overvegande, om ikkje utelukkande, positivt heilt til fredag ettermiddag 29.desember 2023,» seier advokaten og ser med eit gjennomborande blikk på den skitnervøse blondina. – «Og so kjem plutseleg ein slik injurierande e-post. Og du vel som avdelingsleiar å kalle inn til drøftingsmøte fyrste vyrkedag etter nyttår, og sende innkallinga etter kontortid ein fredag ettermiddag. Det kan sjå ut som framgangsmåten er gjort for å hindre at min klient får kvalifisert representasjon i noko so alvorleg som ei oppseiingssak.» Han lener seg sakte over bordet. Blondina kryssar armane for å dempe skjelvinga i hendene. – «Og dersom ein tøddel av e-posten mot største formodning skulle vere sant, tydar dette på at min klient ikkje burde vere i nærleiken av ei avdeling. Men ingen liknande episodar har funne stad på tidlegare arbeidsplassar. Ingen tidlegare arbeidsgjevarar har kome med liknande negative tilbakemeldingar.»

Han legg fram ein liten bunke med personlege attestar frå tidlegare arbeidsgjevarar, i tillegg til ei liste over personar ho har brukt som referansar i sin karriere.

«M-men kvifor skulle Mona og Merete lyge?» spør HR-leiaren med ei skjelven stemme. Avdelingsleiaren ser gråteferdig ut.

«Dei har noko å skjule, tydelegvis,» seier Sandy. – «Eg går ofte gjennom narkotikarekneskapen med Karin og andre sjukepleiarkollegaer. Morfin og Midazolam går det rikeleg av, for å seie det mildt. Mona og Merete deler dei ut som om dei skulle ha vore drops. Og eg har aldri jobba på ei korttidsavdeling der halve avdelinga døyr frå den eine dagen til den neste.»

«Det er heilt ukjent for meg!» utbryt plutseleg avdelingsleiaren. – «Skuldar du Mona og Merete for å ta livet av pasientane? Det er absurd og straffbart å påstå slikt!»

«Min klient påstår ingenting,» bryt advokaten inn. – «Men det ho seier er verdt litt ettertanke. Kanskje de burde føreta ei uavhengig undersøking av medisinbruken på avdelinga. Det skader jo ikkje å lufte litt inne i klesskapa, om de skjøner. Kanskje burde de òg undersøkje om det faktisk døyr fleire på denne avdelinga enn på andre samanliknbare avdelingar. Om det verkeleg er overdødelegheit på avdelinga, burde det ringje nokre varselsbjøller. Tenk litt på den.» Han snur seg mot Sandy og vekslar eit blikk med ho. Ho gjer eit kort nikk. – «No… Desse påstandane i e-posten manglar presisjon av tidspunkt og romnummer. Dei er av eit generelt og anekdotisk preg, og slikt er vanskeleg å forsvare seg mot når ein ikkje veit når det skal ha skjedd, eller kva slags pasient det var snakk om. Dei harmonerer ikkje med min klients veremåte eller arbeidsstil. Det er mi vurdering som advokat at ei oppseiing vil vere usakleg etter Arbeidsmiljølova, og dermed ugyldig. Min klient kan krevje gjeninnsetjing i stillinga eller økonomisk oppreisning.»

«Vel, ein tilsett i prøvetid har mindre rettar enn ein fast tilsett,» seier HR-leiar med sitt anspente smil. – «Og det er arbeidsgjevars skjønn som avgjer om ein tilsett passar i jobben. Det er tydelegvis to erfarne sjukepleiarar sitt skjønn at Sandy er fagleg udyktig, og at ho ikkje passar som sjukepleiar på korttidsavdelinga på denne sjukeheimen.»

«Mona og Merete sitt ‘skjønn’ er basert på fullstendig falske påstandar,» seier Sandy bestemt medan ho ser på dei to damene med lynande auge. – «Eg jobbar jo knapt med dei, so kor har dei fått dette frå om dei ikkje har dikta det opp? Prøver de å seie meg opp, so går Robert og eg rettens veg og saksøkjer sjukeheimen.»

«Jamfør juridisk presedens vil Sandy kunne få utbetalt so mykje som tre årslønner for tapt framtidig arbeidsinntekt, pluss erstatning for tort og svie,» seier advokaten. – «De bør vurdere om det er verdt bryet. Rettssaker kan vere emosjonelt belastande affærar for enkelte personar.» Han ser nærast i forakt på den sokalla «avdelingsleiaren». – «Når kan vi forvente ei avgjerd i denne saka?»

«So snart som mogleg,» seier HR-leiaren. – «Dette er ikkje ei avskjedssak, so du har både plikt og rett til å halde fram i stillinga medan vi etterforskar. Eg reknar med du har ordna deg sjukemelding?»

«Eg har legetime i morgon klokka ni,» seier Sandy.

«Godt. Slike personalsaker veit eg kan vere belastande for enkelte personar.» Ho kastar eit blikk på den skjelvande, gråteferdige blondina ved sida av ho. – «Eg reknar det som usannsynleg at vi kjem fram til einigheit i dag. Eg føreslår at vi rundar av dette møtet.»

«Og Sandy er framleis tilsett på sjukeheimen?» spør advokaten.

«Ja. Inga avgjerd om oppseiing er teken enno.» HR-leiaren nikkar bestemt.

HR-leiaren og avdelingsleiaren helser kort og kleint på Sandy og advokaten, før HR-leiaren følgjer dei ut. Ho lukkar deretter døra. Med ei rynka panne sit ho seg ved bordet.

«Hmm, dette er eit klassisk ord-mot-ord-scenario,» seier ho. – «Den eine seier A, den andre seier B. Her har vi derimot to som seier A, medan tredjeparten seier B.»

«Øh, ja, og d-då må det jo vere sant det M-mona og M-merete seier,» stotrar blondina. – «Kvifor skulle dei kome med so alvorlege påstandar dersom ikkje noko av det var sant?»

«Ja, det er eit godt spørsmål.» Ho gnir seg undrande over den stygge haka. – «Kanskje du burde ha teke ein prat med Sandy før du kalla inn til drøftingsmøte.» Blikket glir over arket. – «Hmm, dette var då rart.»

«Kva er rart?» spør avdelingsleiaren.

«Desse påstandane høyrest underleg kjende ut.» Ho sprett over til skrivebordet og opnar e-postprogrammet. – «Dette har eg då lese før, hjå ein heilt annan tilsett.» Ho finn fram ein e-post som avdelingsleiar vidaresendte til ho frå Merete i september 2022. Avdelingsleiaren stiller seg bak ho og les over skuldra hennar.

«Hmm, dette er om Janne, helsefagarbeidaren som eg sa opp i prøvetid i slutten av september 2022,» seier avdelingsleiaren. Blikket glir over skjermen og ho gispar. – «Dette er jo nøyaktig dei same påstandane! Merete har berre endra litt på ordlyden!»

«Det er dei same påstandane, men om ein heilt annan tilsett.» HR-leiaren klør seg undrande i den gråhåra skolten. – «Kva skjedde eigentleg med denne Janne?»

«Ho troppa iallfall ikkje opp her med advokat. Ho bad om hjelp frå vår tillitsvalde i Fagforbundet. Men ho var ‘uheldigvis’ på ferie, so då sa eg Janne opp fort og gale i totida ein fredag ettermiddag.»

«Ja, eg var jo med på denne hasteoppseiinga, no når eg hugsar det. Du følgde vår interne prosedyre til punkt og prikke der. Då er det jo litt dumt om Mona og Merete faktisk laug. For… Eg meiner, kor stor er sjansen for at ein annan tilsett gjer nøyaktig dei same feila over eit år seinare?»

«Eg…» Det kjennest ut som bakken skal gje etter under avdelingsleiaren. – «Her er det noko som ikkje heilt stemmer. Eg trur eg må ta ein prat med Mona og Merete.»

«Gjer det.» Eit alvorleg nikk. – «Eg skal undersøkje dei andre e-postane frå Mona og Merete som har fått tilsette oppsagt. Kanskje finst der eit mønster.»

Ei stund seinare spring den høge fyrstikkblondina heseblesande ut av administrasjonen og opp trappene. Ho må til slutt inn i heisen, for beina skjelv slik.

Merete og Mona står påfallande bleike og utilpasse i korridoren ved vaktrommet då avdelingsleiar kjem inn i korttidsavdelinga. Det er nett som dei vêrar at noko ikkje stemmer. Med ei skjelvande hand kallar ho Mona inn til samtale.

Dette kan bli interessant.

Kommenter innlegget