Stadig meir psykopatisk åtferd er teikn på at samfunnet er nær samanbrot

«Tyler Durden», oppkalla etter ein rollefigur i filmen Fight Club, meiner at ein samfunnskollaps har eitt sentralt teikn: Framveksten av psykopatar. Dette skriv vedkomande i ein meiningsartikkel på nettstaden Zero Hedge 17.januar 2024. Saksyndig presenterer her utdrag frå artikkelen, som kastar lys over eit velkjent fenomen som folk flest ikkje ser ut til å ville vedkjenne seg. Psykopatar finst, og dei bruker andre menneske som brikker i sitt kyniske spel for å oppnå mest mogleg makt og rikdom.

(Sjå òg «Psykopatar er reelle, sjølv om folk flest ikkje vil vedkjenne seg dei», publisert 12.desember 2023.)

Artikkelen byrjar med følgjande:

«Diskusjonar kring kollaps vender seg ofte til teikn og signal – økonomien, politikk og sosiale spenningar har blitt stadig meir ustabile i mange år no, og akkurat som ein tilfører meir og meir vekt til ein mann som står på ein frosen innsjø, kjem isen til slutt til å gje etter. Spørsmålet er, korleis veit vi når den augneblinken vil kome?

Når kulturelle system byrjar å gå i oppløysing på grunn av politiske samanstøyt og økonomisk nedgang, har den ekte vondskapen tendens til å kravle ut av treverket. Det skjer sakte fyrst, so skjer alt på éin gong. Eit sikkert teikn på akselererande kollaps er den veksande førekomsten av psykopatar og openlys psykopatisk åtferd.

USA ser ut til å ha gått over i midtstadiet av slik ein kollaps, der mange sosiopatar og psykopatar byrjar å føle at dei kan vere i stand til å leve ut sine verste impulsar utan konsekvensar. Dei byrjar å teste vatnet for å sjå kva dei kan sleppe unna med.

(Sjå òg «Lever vi i eit diktatur styrt av psykopatar?», publisert 15.oktober 2023.)

Dei siste ti åra har der vore ein dramatisk oppsving i massevald og tjuveri. Med oppfinninga av sosiale media er det no lettare enn nokosinne for spontant planlagde opptøyar å danne seg med lite forvarsel, og i dei fleste tilfella er det tilfeldig kven og kva denne mobben går til åtak på. Dei kan organisere seg i namnet til politikk eller aktivisme, men dei har tendens til å eksplodere mot kva enn slags næraste eller lettaste mål, heller enn dei som dei skuldar for problema sine.

I dei fleste tilfelle resulterer desse hendingane rett og slett i hærverk på eigedom i urbane strøk, men meir og meir har der vore ein underliggjande og aggressiv impuls om å skade menneske. Der vil kome ei tid særs snart der målet ikkje berre er å stele eller vandalisere, men å bruke ustabilitet som ein røykskjerm; ein distraksjon som gjev høve til å skade andre.

Psykopatar likar å utnytte kaoset som kjem av politisk uro til å gje seg hen til sine valdelege tendensar, eller å overtyde andre om å gjere det same. Dersom ingen gjer noko for å fjerne den fyrste bølgja av kriminelle handlingar under eit sosialt samanbrot, kjem tusenvis av andre kriminelle til å òg byrje å utnytte dette. Den fyrste bølgja blir om til eit ras, alt fordi systemet ikkje lenger tilbyr nok incentiv til å oppføre seg.»

Ta desse orda til kraftig ettertanke, folkens. Sjølv om artikkelen er skriven utifrå eit amerikansk synspunkt, er stoda den same her i Noreg. Der har vore urovekkjande mange partnardrap ut på nyåret, der menn rett og slett har klikka og drepe konene eller sambuarane sine. I lengre tid har der vore uvanleg mange valds- og skyteepisodar, der somme av dei har fått eit dødeleg utfall. Og so har vi «vår» politiske elite, som utfører openlyst korrupte handlingar medan deira gode venner og allierte i til dømes Økokrim ser ein annan veg. Psykopati gjennomsyrar samfunnet på alle nivå, og det ser berre ut til å bli verre og verre.

(Sjå òg «Finst det ein måte å hindre psykopatar i å få maktposisjonar?», publisert 12.januar 2022.)

Artikkelen held fram:

«Rot-psykologien er vanskeleg å forklare, men sjå på det på denne måten – Førestill deg ein bortskjemt smårolling som blir kontrollert av foreldra sine i dei staselege hallane på eit delikat museum. Smårollingen kan få raserianfall, skrike og rope fordi han vil røre dei mange skrøpelege gjenstandane rundt seg, men i det minste er foreldra der for å halde han tilbake. Han har enno ikkje lært ansvaret og modenheita som er naudsynt for å få tilgang til desse skattane. Førestill deg no at ein fjernar foreldra fullstendig og seier til smårollingen at der ikkje lenger er nokre reglar?

Bølgja av glede han opplever er euforiserande; det er kjensla av plutseleg og ufortent makt. Ingen er der for å stoppe han, difor kjem han til å teste sine eigne grenser. Han ser på det strukturerte miljøet rundt seg og blir frustrert. Korleis vågar denne staden å leggje band på han med grenser og struktur. Hans fyrste innfall er å øydeleggje alt han kan få tak i.

Forstå no at der er ein del av kvar ei vaksne befolkning som har desse same tendensane. Dei voks aldri opp. Dei ønskjer å ta eller øydeleggje det dei ikkje kan få; dei ventar berre på høvet til å gjere det utan at det får konsekvensar for dei.

I denne fasen av eit samanbrot, når dominobrikkene byrjar å falle, gjev politiet generelt sett opp og trekkjer seg tilbake, og etterlèt folket utan ei fyrstelinje som forsvarer dei. Gjengar og tjuvar organiserer seg raskt og tek territorium heller enn å berre ta eigendelane frå folk. Organisert kriminalitet på lokalnivå har tendens til å føre til dødsfall i stort omfang og minimal opposisjon. Folk er so isolerte og opptekne med å prøve å skrape saman eit økonomisk minimumsgrunnlag, at dei har verken tid eller motivasjon til å kjempe tilbake.

Punktet ein ikkje kan vende tilbake frå kjem når vanlege menneske er redde for å forlate heimane sine.»

Dette kan overførast frå lokalnivå til det øvste politiske nivået:

«Nokre gonger er derimot psykopatane vi må handtere med under ein kollaps, i sjølve regjeringa som er meint å beskytte fridommen vår. Dette er ein situasjon der kriminelle får løyve til å bruke vald mot borgarskapen gjennom illusjonen av lov. Befolkninga blir deretter konfrontert med det uunngåelege spørsmålet – Er lover verdt å følgje når det er psykopatar som lagar dei?

Når korrupte menneske styrer regjeringa, blir godt vondt og vondt blir godt. Ta til ettertanke den ekstreme dobbeltmoralen som er til stade mellom behandlinga av venstreorienterte mobbar og konservative demonstrantar. Sjå på stats- og medieresponsen til BLM-opptøyane versus responsen deira på 6.januar-hendinga. I tilfellet Kongress-‘opptøyane’ skaut politiet gummikuler og tåregass inn i den elles fredelege folkemengda, og når demonstrantane so reagerte valdeleg, vart dei skulda for ‘opprør’. […]

Dobbeltstandarden er absurd, men so er den òg meint å vere det. Kvifor? Fordi psykopatane i det politiske venstre vart premierte og oppmuntra. Konservative og moderate er meint å føle seg nedkjempa, noko som gjer dei uviljuge til å kjempe tilbake lenger. Desse er dei forholda som er drivkraft for grenselause og rovdyraktige menneske, som blir sleppte laus på befolkninga.

Når psykopatar føler seg beskytta, følgjer raskt total uorden.»

Sjå òg «Psykopaten er vår fiende, men han kan vinnast over», publisert 22.mars 2022.

Kommenter innlegget