Statsministeren i Slovakia krev etterforsking rundt covid-19-responsen og «vaksinane»

23.januar 2024 annonserte den slovakiske statsministeren Robert Fico i ein tale i Europa-parlamentet at Slovakia skal lansere ei etterforsking rundt ‘Sirkus Korona’ relatert til utrullinga av dei eksperimentelle «vaksinane» og pandemirespons-tiltaka. Dette melder Your News, og dei skriv (mi omsetjing):

«‘Vi vil aldri forstå sanninga om kva rolle farmasøytiske selskap spelte og kven som faktisk organiserte heile covid-19-sirkuset,’ sa Fico. ‘Med dette i tankane, damer og herrar, har Regjeringa i Republikken Slovakia bestemt å inkludere ein lovnad om å løyse dette problemet i offisielle meldingar.’

‘Det slovakiske folket treng rett og slett eit svar. Dei treng svar om vaksinasjon, kva det faktisk var,’ heldt han fram. ‘Kva var det eigentleg? Kvifor vart ymse eksperimentelle vaksinar gjevne til folket utan noka testing? Kvifor vart alle slags legemiddel pressa på folket? Kvifor var der landsdekkjande testing? Kven kjøpte desse? Kvifor vart dei kjøpt? Kor store mengder vart kjøpt? Kor mykje pengar vart brukt på det? Vi endar opp med milliardar, milliardar!’

Fico forklarte deretter at etterforskinga er spesielt rettferdiggjort, med tanke på at Slovakia har opplevd 21 000 overtalsdødsfall sidan 2020, noko han skuldar på ‘inkompetanse i regjeringa’.

‘Vi har 21 000 dødsfall, som vi knyter til det faktum at regjeringane som var her sidan 2020 ikkje var i stand til å handtere (pandemien) og berre brydde seg om økonomisk profitt, og naturlegvis sikra seg at dei gjekk ned på kne framfor farmasøytiske selskap, som dei kjøpte enorme mengder ubrukeleg medisinsk utstyr og ofte òg vaksinar frå,’ sa han.

Fico sa at Slovakia skal skape eit nytt statleg organ som spesifikt skal etterforske temaet, og utpeike si Utsending for Nasjonalforsamlinga som skal leie undersøkinga og offentleggjere resultata.

‘Basert på det vi har tilgjengeleg, ønskjer vi å vete kva som eigentleg skjedde. Eg trur at dr. Kotlar, Utsending for Nasjonalforsamlinga, er utstyrt med nok informasjon,’ sa han. ‘Eg ser at han er førebudd, sjølv når det gjeld å halde teamet saman. Eg bad han diskutere alt i kabinettet før han kom med offentlege uttalar. Og eg er absolutt, eg gjentek, absolutt sikker på at arbeidet hans vil bere frukter, som vi skal publisere og fortelje den slovakiske republikken kva som eigentleg skjedde under denne covid-perioden.’

‘I dag veit vi éin ting: tidlegare regjeringar mislykkast fullstendig i å handtere covid og overlét 21 000 menneske til seg sjølv. Og, som vi alle veit, tente dei mykje pengar på unaudsynte oppkjøp av ymse medisinsk utstyr og vaksinar,’ konkluderte han.

I desember avviste Rico Verdas helseorganisasjon (WHO) sin sokalla Pandemi-traktat, og kalla det ‘nonsens funne opp av grådige farmasiselskap’.

Dette kjem parallelt med at ei gruppe vitskapsfolk nyleg gav ut ein fagfellevurdert artikkel der dei bad regjeringar om å få til ein global pause rundt dei eksperimentelle covid-mRNA-injeksjonane fram til alle spørsmål knytt til tryggleiksprofilen blir svart på.

‘So fort ei skikkeleg vurdering av påstanden om tryggleik og effektivitet vart gjort – som naudgodkjenning og til slutt endeleg godkjenning vart gjeve utifrå dette – såg ein at covid-19-injeksjonsprodukta verken var trygge eller effektive,’ sa medforfattar Jessica Rose, Ph.D.»

2 comments

Legg att svar til Hva dreide det hele seg om?Slovakia vil etterforske vaksiner og innkjøpet av dem. - Derimot Avbryt svar