Tusenvis av lastebilsjåførar trugar med å boikotte New York på grunn av politisk forfølging av Donald Trump

I likskap med kanadiske Justin Trudeau under Freedom Convoy tilbake i 2022, kjem no maktapparatet i New York by til å erfare at ein ikkje køddar med lastebilsjåførar. Samfunnet kjem bokstavleg tala til å svelte i hel dersom desse landevegsheltane set seg på bakhjula. No trugar lastebilsjåførar med å boikotte New York og tvinge den i kne etter at ein dommar ila president Trump ei bot på 355 millionar dollar pluss renter i hans sivile bedrageri-rettssak. Dette melder Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice.

Mi omsetjing:

«X-brukaren Chicago1Ray, ein patriotisk lastebilsjåfør frå Midtvesten, delte ein video seint fredag kveld der han avslørte at ei rekkje lastebilsjåførar sver at dei skal nekte å levere til New York by fyrstkomande måndag [19.februar 2024]. Etter at videoen gjekk viralt, har talet sjåførar som vil slutte seg til boikotten av New York skote i vêret.

‘Eg veit ikkje kor langt dette strekkjer seg i landet – eller kor mange lastebilsjåførar som kjem til å nekte å levere til New York – men det seier eg dykk – kødd med oss og du finn det ut!’ sa Chicago1Ray.

Ray heldt fram: ‘Vi er dritleie av desse helvetes venstreorienterte som køddar med Trump. Okay… De rævhol, no er vi leie av denne skiten. Sjefane våre kjem ikkje til å bry seg om vi nektar å levere. Vi reiser andre stader.’

Zero Hedge rapporterer: Kanskje lastebilsjåførar i USA har lært noko frå bønder som protesterer mot agendaen til den globale eliten i Europa.

‘Eg er lastebilsjåfør, og eg støttar boikotten. Det er på tide å vise dei korrupte at vi styrer dette landet. Ikkje dei,’ sa ein X-brukar.

Bortsett frå New York oppmodar lastebilsjåførar på X om å boikotte andre liberale byar.

‘Liberale ler av tanken om ein lastebilsjåfør-boikott av New York by. For nokre år sidan tvinga ein lastebilsjåfør-boikott delstaten Colorado ned på kne. MAGA-patriotar får dette landet til å gå rundt. Liberale lagar kaffien vår,’ sa ein annan X-brukar.

Kva vil skje om lastebilar hadde slutta å køyre rundt på vegane?»

Denne plansjen viser dei dramatiske konsekvensane. Samfunnet vil innan 24 timar gå tom for legemiddel, drivstoff, mangel på delar, mangel på post og ikkje minst matmangel. Innan 2-3 dagar vil matmangel føre til hamstring og panikk, butikkhyllene vil gå tomme, minibankar vil gå tomme for pengar og bankar vil ikkje kunne behandle transaksjonar, bensinstasjonar vil gå tomme for drivstoff, søppel vil hope seg opp i gatene, containerskip vil liggje i hamner utan at nokon kjem og hentar varene, og togtransporten vil òg stoppe opp. Allereie den fyrste veka vil bilar gå tomme for drivstoff. Derifrå vil alt berre bli verre og verre. Innan ein månad vil det ikkje finst reint drikkevatn, og folk vil bli sjuke og overbelaste helsesystemet. Og der vil ikkje dei få mykje hjelp, for der vil verken vere legemiddel eller utstyr igjen på helseføretaka.

Lastebilsjåførar transporterer mellom 70 og 73% av alle varer i USA. Når dei byrjar å snakke om boikott av millionbyen New York på sosiale media for å hemne den dårlege behandlinga av Trump, då burde enkelte lytte til dei og kanskje revurdere sine nylege handlingar.

Kommenter innlegget