Sylvester Stallone med familie har fått nok av Hollywood og flyttar til Florida

Skodespelaren Sylvester Stallone, som har spelt i filmar som Rambo og Rocky, har erklært at han og familien forlèt California for godt og flyttar austover til Florida. Dette melder Natural News (mi omsetjing):

«77 år gamle Stallone kom med denne erklæringa under premieren på andre sesong av reality-TV-serien The Family Stalone på Paramount+. Han nemnde at heimen deira i sørlege California kjem til å bli selt, og ein ny heim ventar familien i ‘Solskinsstaten’ [Florida].

‘Etter å ha tenkt lenge og grunding har mor di og eg bestemt at det er på tide å forlate delstaten California permanent,’ sa skodespelaren til sine tre døtrer – Scarlet, Sistine og Sophia. ‘Vi kjem til å selje dette huset. vi har allereie staden; det er ferdig og avgjort.’

Ifølgje Epoch Times kjøpte Stallone eit overdådig herskapshus til 35,4 millionar dollar på Palm Beach, Florida i 2021. Tre år seinare skal familien Stallone endeleg flytte inn.

Jennifer Flavin, kona til Stallone dei siste 26 åra, sa til Fox News under innviginga av Rocky-dagfeiringa i desember at ho er ‘verkeleg lykkeleg’ over å flytte, og kallar det ‘eit utruleg trekk’.

‘Eg er fødd og oppvaksen der, to av barna våre vart fødde der,’ sa Flavin. ‘Men no er alle på veg ut. Døtrene våre flyttar til austkysten… so der var eigentleg ingenting igjen for meg i California.’

‘Nokre av våre beste venner flytta òg, so eg trur det er ei god endring. Berre det å få nye venner, å leve eit fullstendig annleis liv – eg elskar det, eg er verkeleg lykkeleg.’

Florida si fyrstedame Casey DeSantis reagerte positivt på erklæringa til Stallone-familien i eit innlegg på X. ‘Velkomen til Fristaten Florida,’ skreiv ho 23.februar saman med eit klipp av Stallone der han avslører flytteplanane. ‘I tillegg til å respektere dine gudegjevne rettar til å vere fri, kan du òg kjøpe tannkrem utan selskap av ei væpna vakt… lås opp [kodeskapet] for deg.’

Andre kjendisar forlèt òg Den gyldne staten [California]

Stallone og Flavin er berre to av mange kjendisar som har flytta til Florida i seinare år. Amazon-grunnleggjar Jeff Bezos og den tidlegare fotballstjerna Tom Brady har òg flytta til Solskinsstaten.

I desember la Breitbart News ut ei liste av fleire populære figurar som reiste frå Den gylne delstaten på grunn av ‘høge skattar, skyhøg kriminalitet, heimløyse ute av kontroll, og eittparti-Demokrat-styre.’ Her er tre personlegdommar som er inkludert i lista.

Mark Wahlberg

Kjent under namnet ‘Marky Mark’ i sine tidlege dagar, flytta den Oscar-nominerte stjerna med familien til Nevada slik at han kunne gje barna sine ‘eit betre liv’. I eit tidlegare intervju nemnde Wahlberg at ‘mykje av Hollywood lever i ei boble’, og at innbyggjarane er ‘temmeleg ute av kontakt med vanlege personar’.

Dean Cain

Stjerna frå Lois and Clark [TV-serie om Supermann frå 90-talet; oms.an.] forlét Den gylne delstaten etter å ha budd der i fleire tiår, og flytta til Nevada akkurat som Wahlberg. ‘California har på ein måte tørna galen’, sa verten i programmet Ripley’s Believe it or not. ‘Sjå på skattetrykket; sjå på lovverket; sjå på alle dei teite lovene som har blitt vedtekne.’

Rod Stewart

Ein gong kjent som ‘Rod the Mod’, sel no den 78-årige britiske rockestjerna heimen sin i Los Angeles, og hevdar at han er lei av den ‘giftige kulturen’ i Englanes by. Etter å fyrst ha bede om 70 millionar dollar for heimen sin i LA, auka han prisantydinga til 80 millionar. Stewart har planar om å bruke meir tid i heimen sin i Storbritannia. […]»

I dette klippet frå 2018 talar Sylvester Stallone under ein seremoni på Det ovale kontoret, der tidlegare president Donald Trump benådar den avdøde boksaren Jack Johnson.

Kommenter innlegget