Det som mange av oss frykta har no skjedd: Høgsterett har avvist anken til advokat Barbro Paulsen på vegner av Iris Frohe, sjukepleiaren som vart usakleg oppsagt av Hamar kommune fordi ho stilte spørsmålsteikn ved differensierte retningslinjer mellom vaksinert og uvaksinert helsepersonell. Saka hennar er no éin gong for alle lagt daud, og det vil i all framtid stå skrive i stein at Iris har tapt sin tapre koronakamp mot våre fiendar som Staten har operert etter instruksar frå. Slaget er tapt og nederlaget er eit faktum. Dette kjem visse personar og mobbegrupper til å godte seg over i lang tid framover. Hadde eg hatt flaggstong, hadde eg hatt flagget på halv stong på denne sorgfulle dagen.
Hemali rapporterer 13.mars 2024:
«Anken over sakskostnadene til sykepleier Iris Frohe blir ikke fremmet til behandling i Høyesterett. Dette betyr at hun må dekke alle sakens kostnader på nærmere en halv million kroner. Også kommunens. Iris hadde to deltidsstillinger i kommunen. Det ble slått fast i lagmannsretten at den ene oppsigelsen var usaklig, at kommunen ikke hadde fulgt saksbehandlingsreglene.
‘Dette er vi fornøyd med,’ skriver Barbro Paulsen til Hemali.»
Av grunnar vi berre kan gjette oss til, valde Hamar kommune å heller leige private advokatar frå Oslo enn å bruke sine eigne kommunale advokatar. Før avvisinga frå Høgsterett vart kjent, sa advokat Anne Cecilie Kristensen til Hemali:
«Dommen fra lagmannsretten bekrefter at kommunen hindret god avveiing av interesse og at oppsigelsen derfor var usaklig. Om Hamar kommune hadde sørget for dialog med Iris, så hadde kanskje ikke rettssaken vært nødvendig. Dette er blant momentene som bør ha betydning for saksomkostningene.
Styrkeforholdet mellom Hamar kommune og Iris burde også tilsi fritak. Det er nok tungtveiende grunner som faller under unntakene i lovens paragraf som tilsier at saksomkostningene burde deles. Høyesterett kan og bør vurdere om lovtolkningen er feil og gjøre en reell vurdering av de unntakene som har betydning for saksomkostninger.»
Det valde altso Høgsterett å ikkje gjere, sjølv om eg personleg har mistanke om at dei ikkje hadde noko val. Dette kan få lagnadstunge konsekvensar for andre borgarar som ønskjer å gå til sak mot mektige arbeidsgjevarar – den økonomiske risikoen vil bli for stor. No har heldigvis Iris vore heldig og fått hjelp av sine medborgarar i fleire Spleisar, so ho kjem nok ikkje til å bli slegen personleg konkurs og misse hus og heim. Avgjerda til Høgsterett om å avvise denne saka er likevel djupt bekymringsverdig fordi den viser at rettssystemet ikkje er på vår side. Dei er like korrupte og eigde av fienden slik som hovudstraumsmedia og «våre» politikarar. Kva enn slags kompromitterande informasjon våre fiendar har på desse nøkkelpersonane, so må det vere verkeleg, verkeleg ille.
Sjå òg «Den tragiske historia om lektor Allan Henriksen: Oppseiingssaka som enda med sjølvmord», publisert 8.august 2023.
