Ein avtale med Djevelen

Sjå òg «Slankemedisinen Ozempic får skulda for at damer utviklar PERMANENT diaré og tap av tenner», publisert 26.januar 2024, og «Er slankesprøyta Ozempic laga av øglegift?», publisert 4.april 2024.

Raw Egg Nationalist skriv på Infowars:

Ein av åtte amerikanske vaksne har no brukt vekttap-legemiddel slik som Ozempic, rapporterte eg sist laurdag. Det er inga overrasking, fordi 40% av amerikanske vaksne er no sjukeleg overvektige.

Ein har nesten kjensla av noko Klondike-liknande i lufta når det gjeld sjukeleg overvekt i desse dagar, i det minste dersom du er eit selskap slik som Novo Nordisk eller Ely Lilly som har eit GLP-1-reseptor-antagonist-produkt å selje. Det er det tekniske namnet for den klassen av legemiddel som Ozempic og Mounjaro og mesteparten av dei andre nye «mirakel»-vekttap-legemiddela høyrer til. Dei sender ut signal om mettheit og endrar passasjen til mat gjennom fordøyingssystemet ved å aktivere GLP-1-reseptorar i kroppen.

Desse selskapa håvar allereie inn enorme summar frå sine nye produkt, men dei veit at pengane dei tener no berre er ein ørliten del av pengane dei kunne ha tent frå USA – og verdas – stadig aukande livvidd.

Dette er spesielt sant, sidan desse selskapa veit – sjølv om brukarane ikkje gjer det – at produkta deira vil måtte brukast over lengre tid, kanskje til og med i fleire år eller til og med tiår dersom brukarar ønskjer å halde seg slanke. Kanskje resten av livet.

Ein leiar i Ely Illy sa sopass mykje under ein konferanse i fjor.

«Uheldigvis er tirzepatid truleg slik som andre legemiddel vi har, som krev at du held fram med å ta den for å dra nytte av fordelane.»

Uheldigvis. Knapt nok.

Eg [Raw Egg Nationalist] er på alle måtar for ei slankare verd. Å vere overvektig, eller endå verre, sjukeleg overvektig, er ein katastrofe, både individuelt og, på dei nivåa vi no opplever, kollektivt. Sjukeleg overvekt tærer på dei offentlege midlane til USA, nesten 200 milliardar dollar i året, og det er definitivt eit forsiktig estimat.

Tenk på kor mange grensemurar ein kunne ha bygt, og kor mange deportasjonsfly 200 milliardar dollar kunne betale for. Du kunne ha fått eit dusin grensemurar som skilde USA frå Mexico, og sende kvar ein medlem av MS-13 i USA til Antarktis, eller, desto betre, til ein eller annan stad midt i eit hai-myldrande hav, midt på svarte natta.

[…]

Vi må absolutt gjere noko med sjukeleg overvekt. Ikkje berre sluker det offentlege midlar: det gjer oss svakare, meir føyelege, og lettare å kontrollere.

Tenk tilbake på pandemien. Hugs: Ei folkegruppe som konsekvent opponerte mot nedstengingane, dei sosiale restriksjonane og vaksinepåboda, var treningsentusiastar [gymbro i originalteksten; oms.an.]. Tenk på vår kanadiske venn Chris Sky, og i kor stort omfang han vart forfølgt, men likevel tappert heldt stand og kalla heile greia for tull.

Og det var ikkje tilfeldig at treningsentusiastar var slike synlege motstandarar av medisinsk tyranni. Om vi ikkje var so sjuke som eit samfunn, om vi ikkje var sopass godt vande med å vere avhengige av staten og Big Pharma, so trur eg ikkje vi nokosinne ville måtte finne oss i all det vrøvlet. For førti år sidan, tretti år sidan, kanskje til og med tjue år sidan, ville vi rett og slett ikkje godteke det. I dag er treningsentusiastar derimot den siste bastionen av uavhengig fysisk eksistens når det gjeld dydane sjølvstende og mot.

Historia om testosteron og politikk har enno til gode å bli skriven – og kanskje blir eg den som skriv den.

Men spørsmålet eg stiller igjen og igjen, er: Er desse legemiddela svaret?

Nei, det trur eg ikkje.

Lat oss i denne omgang leggje til side problemet tilknytt biverknadene. Eg har skrive ein lengre disputas ein annan stad om korleis uheldige brukarar av Ozempic inhalerer innhaldet av sitt eige mageinnhald på operasjonsbord, lid av «evigvarande» diaré og til og med døyr av kronisk obstruksjon i tarmen fordi passasjen av mat gjennom tarmane fullstendig stengjer ned.

Det er bekymringar knytt til fruktbarheit òg. Vi har høyrt om fenomenet «Ozempic-babyar», der overvektige kvinner som går ned i vekt med Ozempic eller liknande legemiddel, plutseleg blir gravide fordi reproduksjonsapparatet deira plutseleg har vakna til liv igjen, men vi høyrer mindre om det faktum at Ozempic-bruk under graviditet har vist seg å betydeleg hindre fostervekst hjå mus. Det er ikkje godt.

Lat oss òg leggje vekk det faktum at dei einaste langtidsstudiane vi har av GLP-1-reseptor-antagonist-bruk, frå gnagarar, antydar at legemiddela jamleg forårsakar svulstar på skjoldbruskkjertelen. Igjen, ikkje godt.

Som eg sa, lat oss berre tenkje på primærbruk-problemet, som er bruken av desse nye legemiddela for å kjempe mot sjukeleg overvekt.

Hovudmotargumentet, sovidt eg veit, er dette: ved å stole på at desse legemiddela skal redusere sjukeleg overvekt på samfunnsnivå, overgjev vi rett og slett kontroll av nok eit aspekt av livet vårt til Big Pharma.

Ein gong i tida heldt folk kontroll over vekta si sjølv. Men no treng vi eit eksternt byrå for å gjere det same. Dette gjer oss openbert mindre frie. Big Pharma si makt aukar, medan vår minkar.

Og naturlegvis oppmuntrar Big Pharma, so vel som Big Food, til dette, fordi ved å få oss til å tru at det er ingenting vi kan gjere for å kontrollere vår eiga vekt, bortsett frå ei eller anna mirakuløs farmasøytisk oppdaging, vil dei tene meir pengar. Det er ein enkel forretningsmodell. Dersom du styrte eit selskap som Novo Nordisk eller Ely Lilly, er sjansen stor for at du sjølv ville ha gjort det same.

(Sjå òg «Et mykje feitt – bli ei feittforbrenningsmaskin», publisert 9.april 2024.)

Dette er eit tydeleg døme på ein prosess som blir kalla «iatrogenese» av filosofen Ivan Illich. «Iatrogenese» tydar «medisinsk skade», og Illich utvida det opphavlege bruksområdet til denne terminologien frå ting slik som mislykka operasjonar og feilordinerte legemiddel, til prosessen der folk får si eiga handlekraft frårøva av den veksande medisinleggjeringa av samfunnet. Dersom du vil ha ei tilråding frå mi side, les Illich si bok frå 1974 Medical Nemesis, òg kjent som The Limits of Medicine.

Iatrogenese skjedde med mødrer då brystmjølk vart erstatta av morsmjølkerstatning, til dømes, og det skjer definitivt no med desse nye overvektslegemiddela.

Det iatrogenese gjer når det gjeld sjukeleg overvekt, er å hindre oss i å adressere rotårsakene til sjukeleg overvekt. So kompliserte som desse kan vere, koker dei ned til det faktum at vi ikkje lenger lever på ein måte som er i samsvar med korleis vi har utvikla oss som menneske.

Vi et mat – prosessert mat – som knapt nok kan klassifiserast som næring. Vi rører ikkje på oss. Vi parkerer oss sjølve og barna framfor lyse skjermar frå morgon til kveld, og forstyrrar den lysbaserte døgnrytmen som styrer kroppen sine metabolske og hormonelle prosessar. Vi er kronisk stressa. Kor enn vi går, blir vi eksponert for eit heksebrygg av giftige kjemikaliar som forstyrrar kroppane våre på måtar som vi enno desperat prøver å forstå.

Ingenting av dette, ikkje so mykje som ein brøkdel, vil bli adressert dersom vi prøver å løyse sjukeleg overvekt med legemiddel. Slike legemiddel vil berre halde gåande heile det umenneskelege systemet.

På den same tida kan eg derimot seie at eg ikkje er vonbroten. Eg er ein realist. Eg trur det er særs usannsynleg at vi kjem til å sjå ei utbreidd, helsebasert rørsle dukke opp i næraste framtid for å utfordre dei ekte årsakene til sjukdommen vår.

Der går vage rykte om noko slikt i presidentkampanjen til Robert F. Kennedy Jr., men han er ein krypto-libtard og kjem ikkje til å bli valt.

So i staden blir vi overlatne til desse legemiddela og dei som lagar dei.

Men det er ein avtale med Djevelen. Og Djevelen har sanneleg gjort seg kjent i desse traktene i det siste.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget