Det tidlegare demokratiet Noreg lèt overnasjonale aktørar vere herrar i vårt hus

Sjå òg «Å vere optimistisk kan av og til vere synonymt med å leve i fornekting», publisert 17.mai 2022, og «Har vi eigentleg ein grunn til å framleis feire 17.mai?», publisert 17.mai 2023.

Som tradisjonen har blitt på nyheits-/underhaldningsbloggen Saksyndig, skriv eg, redaktøren, ein «17-mai»-tale der eg oppsummerer året som har gått, og rådande haldningar og handlingar blant politikarar som på ingen måte tener våre interesser. Eg vil her trekkje fram ein knakande god artikkel henta frå den nye nettavisa Uten Filter, skriven av Ivar Estensvoll. Artikkelen handlar eigentleg om 8.mai, fredsdagen, men er like aktuell for 17.mai. Faktisk kunne vi ikkje ha feira 17.mai i dag hadde det ikkje vore for 8.mai. Spørsmålet er om vi eigentleg burde ta oss bryet med å feire 17.mai. Akkurat som i fjor, er vi vitne til at det tidlegare demokratiet Noreg sakte går til hundane.

Som Estensvoll innleiingsvis skriv:

«I årene som er gått siden den gang [8.mai 1945] er Norges frihet gradvis forsvunnet og menneskene er blitt treller under vanstyre fra norske myndigheter. Politikerne har enorm makt og bruker den mot innbyggerne, i stedet for å være innbyggernes tjener[e]. Politiske stillinger går i arv eller veksles i vennetjenester, alt for å beholde makten og fortsette vanstyret. Politikerne ydmyker folket når de later som de representerer folket, men kun er der for makt og meget godt betale stillinger, under sine politiske verv eller senere innen NGO’er eller lignende posisjoner, kjøpt med skattebetalernes penger.»

Eg kan ta ei kjapp oppsummering av kva som har skjedd mellom 17.mai 2023 og 17.mai 2024. Fleire statsrådar har måtte gå av på grunn av juks og inhabilitet. Anette Trettebergstuen, Sandra Borch og Ingvild Kjerkol er namn som dukkar opp frå minnet med éin gong. Og når det gjeld audmjuking av folket, kjem eg ikkje på ei sak som illustrerer dette betre enn Håland-saka, der Trond Harald Håland vart sperra inne med tvang på psykiatrisk avdeling på grunn av innlegg han hadde delt på Facebook. Rykte seier at dette skjedde etter ordre frå høgste hald i maktapparatet i Rogaland, men dette har enno ikkje blitt verken bekrefta eller avkrefta. Det skulle derimot ikkje forundre meg om dette var tilfellet.

Straumprisane har naturlegvis vore ein gjengangar i den offentlege debatten. Folk har blitt flådd til beinet og må stå i matkø, sjølv dei som er i full jobb. Etter mi usaklege oppseiingssak i juni 2023 hadde eg mildt sagt variabel inntekt resten av året, men greidde heldigvis å halde meg over vatnet. Eg skal derimot vedgå at ullkle og tjukke teppe vart flittig brukt då vinteren var på sitt kaldaste og eg ikkje hadde råd til å varme opp leilegheita. Om straumprisane har Estensvoll følgjande å seie:

«Innbyggerne er utsatt for et enormt skattetrykk, skjult under forskjellige navn og tiltak. For eksempel er økning i strømprisen de siste årene en økning i skatten vi betaler. For å tilfredsstille EU gis Norge stabile, rene og billige kraft til Europa, med konsekvens at strømprisen er blitt skyhøy i Norge. Det er kun kommunene, fylkeskommunene og staten som tjener på en høy strømpris i Norge, altså i realiteten en tilleggsskatt innført i Norge.»

Fleire og fleire nordmenn slit økonomisk, og NAV kneler under altfor mykje arbeid og djup, grunnleggjande dysfunksjonalitet. Dei som kjem med sakleg kritikk av sine saksbehandlarar, blir politimelde. Folk går til grunne på grunn av tredobla saksbehandlingstider. Det kan diskuterast med rette om Noreg framleis er eit velferdssamfunn. Den hjarteskjerande historia om Knut Hallvard Tufte som levde på sosialhjelp i fleire år fordi ingen ville tilsetje han, illustrerer utmerka dette triste og harmdirrande faktum. Fleire og fleire, inkludert politikarar frå småparti slik som Noregsdemokratane, har for lengst innsett at Noreg ikkje er det glansbiletet «våre» politikarar likar å framstille landet som. Det stikk motsette er tilfellet. Landet går same vegen som USA, og USA er på veg utfor kanten på stupet.

Enkelte vil ha det til at «pandemien» for lengst er over, og at det er ingen grunn til å strø salt i gamle sår. Vi må derimot aldri gløyme det, for dei ansvarlege har enno ikkje blitt stilt til ansvar. Som Estensvoll skriv:

«Vi må ikke glemme de tiltak som ble innført i 2020 da Covid/Kinasyken kom inn til Norge. I stedet for å begrense import av mennesker med mulig smitte, sto dørene på vidt gap til smitten var i hele samfunnet. Deretter viste politikerne seg som de maktsyke menneskene de er med forbud og påbud i hele samfunnet, til skade for innbyggerne og næringsliv. Så sa de redningen kom i form av vaksiner og alle skulle vaksinere seg om de ville eller ikke, alle knep og løgner var tillatt for politikerne å tvinge folk til å vaksinere seg. Det ble meget bestemt uttalt at vaksiner beskyttet andre, ved å hindre smittespredning og redusere eventuelt sykdomsutbrudd. Det var usolidarisk ikke å vaksinere seg. Media er betalt for å spre disse løgnene og var med på laget eller var intetanende og bare gjenga det andre hadde uttalt. Alternativ medisin var for å beskytte seg mot covid ble fjernet fra det norske mediebildet via omfattende sensur. I dag er det bevist at covid ble utviklet i Wuhan i Kina gjennom manipulasjon av eksisterende virus for å gjøre det farligere (gain of function) og at vaksiner som myndighetene presset på befolkningen ikke beskytter mot smitte. Vaksinene har dessuten mange meget alvorlige bivirkninger, som er holdt skjult. Politikerne løy og har derfor nektet innsyn i 60 år for innbyggerne i Norge for hva som virkelig hendte. Det er å sammenligne med en drapsmann som selv bestemmer at alt som blir funnet av bevis mot han skal holdes skjult i 60 år. Om 60 år er personene gått bort og kan ikke svare for sine ugjerninger.»

Til dette briljante avsnittet har eg ingen annan kommentar enn følgjande: På Haraldsplass Diakonale Sykehus ved Haukeland sentralsjukehus i Bergen står det ein minnestein i golvet ved hovudinngangen. Der står det at det var dåverande helseminister Bent Høie som la steinen for det nye sjukehuset, som opna nyleg etter ein lang periode med vesentleg oppgradering. Bent Høie sin «innsats» under korona-æraen plasserer han mildt sagt på feil side av historia, og ettertida vil nok med tid og stunder setje denne minnesteinen i ein heilt annan kontekst.

Takka vere politikarane sitt landssvik, er ikkje det norske folket lenger herrar i eige hus. Dei eigentlege herrane sit på toppen i den skjulte eliten som styrer verda. Og skal vi tru dei tallause artiklane i alternative media, so går det føre seg både pedofili og sataniske ofringsritual. Men dette blir berre spekulasjonar. Ikkje lytt til det dei står der og seier, sjå på kva dei faktisk gjer. Kan ein stole på løgnarar og tjuvar? So klart ikkje. Vi må ta til vit og stille dei til ansvar for det dei har gjort. Berre på den måten kan vi overleve dei neste åra og hindre innføringa av eit dystopisk samfunn der makta tilhøyrer eliten, og innbyggjarane lever som slavar i totalovervaka 15-minuttsbyar.

Dette er ein meiningsartikkel skriven av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget