Sjå òg «Å vere optimistisk kan av og til vere synonymt med å leve i fornekting», publisert 17.mai 2022.
Frå 21. til 30.mai 2023 skal det finne stad ei verdshelseforsamling, der det 24.mai vil skje ei avstemming over Verdas helseorganisasjon (WHO) sin sokalla Pandemitraktat og nye internasjonale helseforordning (forkorta IHR). Kort fortalt vil dette frårøve alle 194 WHO-medlemsland deira suverenitet over nasjonale helsespørsmål. Generaldirektøren i WHO vil dermed få myndigheit til å avgjere kva som er ein pandemi, og kva som fortener status som ein sokalla folkehelse-naudsituasjon av internasjonal bekymring. Det kan i verste fall kome eit forbod mot bruk av legemiddel som WHO «forbyr», noko slikt som skjedde under det no avslutta koronaprosjektet og plandemien, der legar og apotek til dømes ikkje hadde lov til å skrive ut eller selje ivermectin, som hadde vist seg effektivt i å behandle covid-19-sjukdommen. Denne nye lova, om WHO får det som dei vil, vil overstyre alt eksisterande lovverk på både nasjonalt og internasjonalt nivå.
Det store fleirtalet her i landet aner ikkje noko som helst av kva som skjer i maktas kulissar nede i Europa, langt mindre kva slags konsekvensar dette vil få for den vanlege borgar neste gong WHO bestemmer seg for å erklære «pandemi». Dette er gjort med forsett. Fullt forståeleg er nordmenn meir bekymra over dei aukande prisane, den stadig meir svekte krona og renta som aukar jamt og trutt. Vi har fått det enkelte kallar «dyrtid», og kor høg renta til slutt vil bli, kan ein berre gjette seg fram til.
Fredag 5.mai erklærte WHO det overnasjonale koronaprosjektet for avslutta. Det same gjorde dei med den seksuelt overførbare sjukdommen apekoppar (stundom òg kalla «mpox» og på fyndigaste vis «pride-koppar» av til dømes Natural News). Apekoppar vart nedklassifisert samstundes som ei rekkje nye tilfelle blomstra opp i amerikanske byar, deriblant Chicago. Om desse to sjukdommane på nytt vil bli erklært som internasjonale folkehelsekriser, gjenstår å sjå. I mellomtida har globalist-eliten meir enn nok ess i ermet, mellom anna Ukraina-krigen, det grøne skiftet, den komande kollapsen av den verdsøkonomien, og seksualisering og transforvirring av barnehageungar. Her er det berre å velje og vrake, folkens, for ei krise av eit eller anna slag er nesten dømt til å dukke opp.
Som tittelen på denne meiningsartikkelen spør, har vi eigentleg framleis nokon grunn til å feire 17.mai? Kva er det å feire no når «våre» politikarar (som eigentleg tener heilt andre herrar enn det norske folket) er i ferd med å selje alt som gjer Noreg til ein uavhengig og suveren nasjon? Har dei ikkje brote sjølvaste grunnlova ved å overgje nasjonen til ei framand makt, i dette tilfellet EU, FN og WHO? Med tanke på kva som skjer med Noreg og resten av den vestlege verda både på nasjonalt og overnasjonalt nivå, burde heller ikkje nordmenn marsjere i samla flokk til Stortinget og krevje ein folkedomstol, der alle stortingspolitikarane blir tiltala for landssvik og gjevne livsvarig fengsel? Enkelte meiner vi berre skal gløyme alle overgrepa, den psykiske terroren og den bevisste splittinga av det norske folket. Det er dei same som meiner at dei sjølve ikkje har gjort noko gale. Dei som no febrilsk skiftar jobbar, og som det kjøpte og betalte media prøver å framstille som heltar.
Sanninga er at nordmenn har blitt alvorleg traumatiserte av dei siste tre åra sine overgrep og terror. Dei har, både på grunn av plandemi-utmatting og biverknader av mRNA-injeksjonane hamna i ein kognitivt svekt tilstand, ein endelaus døs av forvirring, resignasjon og hjernevask. Huset står i lys loge, men dei ensar det ikkje. Barna deira blir utsett for obskønitetar og seksuelle overgrep i barnehagar og i skular, men dei vender det dauve øyret til. I år som i fjor er det særs uklokt å sjå på dette som noko positivt. Faktisk er det å leve i villaste fornekting, slik fleirtalet av det norske folket – om ikkje heile det vestlege folket – gjer.
Dei vanlege mistenkte, den globale eliten, står like mykje bak det økonomiske uføret som dei står bak Ukraina-krigen, Pandemitraktaten, det grøne skiftet, LGBTQ+-agendaen og resten av denne årelange krigen mot menneskeheita. Dei alle ser på oss som «useless eaters» som helst må døy i denne augneblink, om ikkje før. Klaus Schwab, Yuval Noah Harari, Bill Gates, George Soros, Rockefeller, Rotschild, Wallenberg… Vi kan alle desse namna på rams, men det hjelper ikkje når vi er omringa av utmatta zombiar som breker «Ja vi elsker» medan landssvikarane førebur vår snarlege undergang.
I fjor på denne tida trudde eg og mine allierte at samfunnet ikkje skulle eksistere på denne tida i 2023. Vi føresåg kollaps av fiatøkonomien og samanbrot av den vestlege sivilisasjonen. Vi tok heldigvis feil, men det tydar ikkje at det ikkje kjem til å skje. Det som tidlegare har blitt rekna som særs lite stovereine konspirasjonsteoriar, viser seg å stemme. Det skjer faktisk ei befolkningsutskifting i den vestlege verda, der kvite kristne blir regelrett skvisa ut av samfunnet av hordar av islamske innvandrarar og andre ikkje-europeiske, ikkje-vestlege folkeslag. Vitnesbyrd frå ei som var på flytur kan til dømes fortelje om at fleirtalet av «norske statsborgarar» i passkøa kom frå heilt andre land enn Noreg. Andre historier inneheld liknande observasjonar. Barnetrygd, uføretrygd og andre støtteordningar gjer det langt meir lukrativt for utlendingar å kome hit og føde ein haug med ungar, enn å faktisk vere i arbeid og bidra til samfunnet. Å påstå slikt i det offentlege rom er derimot likestilt med sosialt sjølvmord. Folk er for hjernevaska til å tru på den harde realiteten. Godtek dei dette, må dei samstundes godta den ubehagelege sanninga at «våre» politikarar faktisk er våre fiendar.
Situasjonen er ikkje betre enn den var i mai 2022. No er den faktisk verre. Om ein har evna (og ikkje minst tid og krefter!) til å sjå forbi alle dei listige avleiingane frå hovudstraumsmedia, ser ein at eliten jobbar på høggir. Nytt pandemiregelverk skal gjere det langt enklare å stengje ned samfunnet og tvangsvaksinere befolkninga, til og med vi som ser kva som eigentleg skjer. Irland har til dømes innført det som i praksis er eit forbod mot uavhengige media, der det til og med blir forbode å ha slikt innhald på telefonen og datamaskina. Fredeleg motstand er derimot framleis vårt viktigaste verktøy, for dess fleire som blir klare over dette, dess vanskelegare vil det bli for eliten å skjule kva dei eigentleg driv på med. I dette konkrete tilfellet skaper felles feil ikkje regel – å følgje straumen er her synonymt med den sikre død.
Røyster som talar paven midt i mot er det heldigvis framleis mange av, og eg vil i år som i fjor trekkje fram nettstadene Steigan, Derimot, Document, Hemali, Foreningen lov og helse og Hans Eirik Olav sin eminente Substack Rebel Yell Publishing. Nyhetsspeilet publiserer òg temmeleg bra artiklar frå tid til anna, sjølv om dei etter mi meining òg publiserer mykje tøys og tull. Ein aktør som no er heilt ute av dansen, er Resett, som måtte leggje inn årene i desember 2022. Etterretningsoffiser Helge Lurås sitt prosjekt iNyheter er etter mitt syn ikkje verdig ein plass i nettverket av uavhengige media. Når det gjeld engelskspråklege uavhengige medieformidlarar, vil eg nok ein gong trekkje fram Natural News (og systersida NewsTarget), The Exposé, Zero Hedge, The Epoch Times, LifeSiteNews, InfoWars i tillegg til strøymetenestene Rumble, Bitchute og Brighteon. Ein haug med podcastar er òg å anbefale, som saman med fleire uavhengige nettaviser og nyheitsbloggar alle kan finnast på nettsida hubben.net. Eg vil her presisere at Saksyndig har inga tilknyting til den nettsida.
Erfaringsmessig har det vist seg umogleg å prøve å snakke fornuft med «den andre sida». Dei verken kan eller vil sjå realitetane. Det at dei har vore sjuke kvar einaste dag sidan dei tok «vaksinane» ser ikkje ut til å gå inn hjå dei. Det er for dei heilt normalt at jenter har konstant mensen i over eit år, eller at topptrena atletar plutseleg kollapsar med hjartebetennelse eller slag. Som skremde flokkdyr vil dei berre gjere seg so små som mogleg, og skrape saman nok pengar til å betale nok ei styggdyr straumrekning. Vi kan gjere lite for å redde dei, for dei vil ikkje på nokon måte motta hjelpa vår. Dei kler seg i dressar og bunader for å ta del i den fyrste skikkelege feiringa av nasjonaldagen sidan 2019. Det som i hysteriåra 2020 og 2021 fekk ein bøtelagt er no heilt lovleg – iallfall fram til neste «pandemi».
Kor mange av togdeltakarane som faktisk er nordmenn, trur eg nok vil minke meir og meir dei neste åra. Men å seie slikt er jo eigentleg rasisme.