Av Peter Caddle, Breitbart. Omsett av saksyndig.
Meir enn ein million migrantar kan ende opp med å kome til Storbritannia i år, hevda ein rapport frå sist fredag.
Ekspertar forventar visstnok at der kan kome over ein million migrantar til Storbritannia i år, har ei reportasje av The Telegraph avdekt.
Artikkelen hadde tidlegare sett det maksimale netto-innvandringstalet for 2023 på ein stad rundt 675 000 i forkant av offisiell statistikk som skal offentleggjerast av den britiske regjeringa dei komande vekene.
Derimot har publikasjonen sidan revidert tala oppover, og eit anna sett av ekspertar forventar no eit netto-innvandringstal so høgt som 997 000, der brutto-innvandringstala er venta å bli endå høgare enn det igjen.
«Dersom emigrasjon har gått tilbake til før-pandemiske og før-Brexit-mønster, kan vi sjå netto-innvandringa nå éin million-market,» sa forskar Karl Williams i Centre for Policy Studies (CPS), og la til at medan eit slikt tal ville «vere heilt i toppen» av estimata deira, var det «på ingen måte eit usannsynleg tal».
Dette talet skapte sjokk blant politikarar og spaltistar, der fleire aktørar skjelte ut den konservativ-leia regjeringa for å late slik ein migrasjonsauke finne stad.
«Om der berre fanst eit departement som kunne handtere dette!» sa Benjamin Loughnane i den høgreorienterte Bow Group. «Å ja, nettopp, det er Home Office, so kvifor gjer dei ingenting?»
Sjølv betydelege delar av Storbritannia sitt sentervenstre har gått ut og retta kritikk mot dei konservative for sin kjærleik til massemigrasjon, der leiaren av Labour Party Keir Starmer sa at tala viser at dei konservative har «mist kontroll» over grensene.
«Eg trur at dersom vi ligg nokon stad nær det talet, so vil det vise at regjeringa har mist fullstendig kontroll,» sa han. «Vi treng ei styrt tilnærming og det har vi ikkje.»
«Som nesten alt anna under denne regjeringa er der ingen plan, der er ingen kontroll og, akkurat som alt anna, det ser ut som systemet er øydelagt,» sa Starmer vidare – og han skal eigentleg vere den som pressar på for opne grenser.
Massemigrasjon til Storbritannia vil derimot sannsynlegvis halde fram uhindra, sidan Sunak-administrasjonen jamleg lagar avtalar med utanlandske land slik som India for å få inn endå fleire migrantar.
Somme embetsfolk, slik som globalist-kanslaren Jeremy Hunt, var til og med so frekk at han antyda at slik massemigrasjon – som no er langt høgare enn den var før Brexit – ikkje er eit bedrag mot folkets stemme om å forlate EU.