Av Thomas Brooke, Remix.news. Omsett av saksyndig.
Demografiekspertar frå Universitetet i Oxford trur at fallande fødselsratar og skyhøg innvandring frå ikkje-EU-land vil føre til at britiske barn blir ein minoritet på grunnskular innan 2060.
Kvite barn i britiske skular kan bli ein «minkande minoritet» innan 2060 sidan skyhøg innvandring held fram med å ugjenkalleleg endre rasesamansetninga i Storbritannia, har ein leiande demograf i Oxford hevda.
Dr. Paul Marland, ein leiande demograf ved Oxford universitet antyda at, i linje med tidlegare forsking på den endrande demografien i Storbritannia, er det høgst sannsynleg at urbane strok og unge barn kan utgjere eit fleirtal av folkeslag som no blir referert til som etniske minoritetar.
«Når det gjeld farten på nedgangen, vart det gjort arbeid av demografar ved Oxford og anna arbeid nyleg som ser på 2060, der vi kanskje har 50-60% av menneske som definerer seg sjølve som kvite britar,» sa Oxford-akademikaren til avisa The Telegraph.
«Men naturlegvis, på det punktet, dersom ein ser på grunnskulen, folk i skulealder eller menneske i dei større byane, kjem det til å vere ein minoritet og ein minkande minoritet,» la han til.
Kombinert med ein minkande fødselsrate, trur dr. Morland at Storbritannia vil halde fram med å ønskje velkomen masseinnvandring frå ikkje-EU-land. Innvandring frå EU vil minke delvis på grunn av restriksjonar på fri rørsle i kjølvatnet av Brexit, men òg på grunn av auken i levestandard i land som Polen, der eit stort tal migrantar flykta til Storbritannia på tidleg til seint 2000-tal.
India og Pakistan ligg mellom Polen som dei tre vanlegaste ikkje-britiske opphavslanda for migrantar som kjem til Storbritannia, sjølv om det byrjar å bli mindre av polske innvandrarar.
Tal frå Office for National Statistics (ONS [«Kontor for nasjonalstatistikk»]) som vart offentleggjort i november i fjor, avslørte at éin av seks innbyggjarar i England og Wales vart fødd utanfor Storbritannia, rundt 10 millionar menneske. I tillegg avslørte 2021-folketeljingsdata offentleggjort i fjor at England sine to største byar, London og Birmingham, so vel som Leicester, no har eit mindretal av kvite britar.
Funna til dr. Morland samsvarer med ein tidlegare ti år gammal rapport av ein annan Oxford-akademikar, professor David Coleman, som estimerte tilbake i sin 2010-rapport at kvite britar vil bli ein minoritet i sitt eige land innan 2066 dersom det noverande nivået av innvandring held fram. Han estimerte òg at innan 2056 kjem rundt halvparten av aldersgruppa 0-4 år til å utgjere etniske majoritetar.
Professor Coleman, som deretter grunnla tenkjetanken og kampanjegruppa Migration Watch UK med Lord Green of Deddington, skreiv i 2010:
«Befolkningane av etniske minoritetar i Storbritannia veks betydeleg gjennom innvandring, ein ungdommeleg aldersstruktur, og i somme tilfelle relativt høg fruktbarheit. Deira mangfaldige demografiske og sosioøkonomiske karakteristikkar har trekt til seg betydeleg akademisk og politisk merksemd, spesielt det at desse distinktive karakteristikkane har halde seg i generasjonane som er fødd i Storbritannia. Ingen offisielle projeksjonar av dei britiske etniske befolkningane har blitt publisert sidan 1979. Denne artikkelen tilbyr projeksjonar til 2056 og utover 12 etniske grupper. Utifrå generell nettoinnvandring og vitale ratar, som antekne i Kontor for nasjonalstatistikk sin 2008-baserte Principal Projection, og dei etniske karakteristikkane som er estimert her, kjem dei etniske minoritetsbefolkningane (inkludert dei Andre kvite) til å auke frå 13% av den britiske befolkninga i 2006, til 28% innan 2031, og 44% innan 2056, og til rundt halvparten av aldersgruppa 0-4 år i 2056.»
Innvandringa har derimot ikkje halde seg på dei same nivåa som i 2010. Faktisk har det regjerande konservative partiet sett rekordnivå av masseinnvandring til Storbritannia etter at dei kom til makta same året, og leiande ekspertar spår at snarleg publiserte data frå ONS vil vise at netto-migrasjon til Storbritannia dette året aukar til mellom 650 000 og éin million – langt over den tidlegare toppen av 504 000 som vart registrert i juni i fjor.
Slik ein auke i befolkninga har ikkje berre ein kulturell påverknad på det eksisterande samfunnet og fører til potensielle problem med integrering. Den forverrar òg problem slik som bustadbehov og forsyning, ventelister på sjukehus, skuleplassar, offentleg transport og infrastruktur dersom midlane ligg etter det aukande talet.