Vaksinerulett: Analytikarar oppdagar at somme vaksineparti er langt giftigare enn andre

Av Ethan Huff, NewsTarget. Omsett av saksyndig.

Tryggleiksprofilen til Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar» ser ut til å vere heilt avhengig av partiet ein spesifikk injeksjon kjem frå. Somme parti er eksepsjonelt giftige, har ein ny gjennomgang avdekt, medan andre er litt mindre giftige.

Den London-baserte forskaren Craig Paardekooper fann ut alt dette via data som han samla inn frå det statleg styrte Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS). Han oppdaga at «éin av 200 av [covid-vaksine-]partia er høgst giftige,» medan det store fleirtalet ikkje er so giftige, i det minste på kort sikt.

«Faktisk genererer 70% av vaksinepartia berre éin biverknadsrapport totalt,» skriv Paardekooper, og legg til at «80% av vaksinepartia genererer berre éin eller to rapportar om uventa verknader.»

Då han tok ein nærare titt, oppdaga Paardekooper at visse avviksparti «genererte fleire tusen gonger talet uventa reaksjonar». Desse partia skil seg ut frå det store fleirtalet andre parti i at eit av dei forårsaka 1012 uventa reaksjonar, eit anna forårsaka 1394 uventa reaksjonar, og eit anna forårsaka 4911 uventa reaksjonar.

Dei som var uheldige nok til å bli injiserte frå eit av dei verkeleg giftige partia, er no anten døde eller alvorleg skadde, med små, om nokon, sjansar for å kome seg att.

(Relatert: Covid-injeksjonar er knytt til avvising av transplanterte organ.)

Berre høvesvise fire og fem prosent av Pfizer og Moderna sine covidsprøyte-parti utgjer alle tilknytte dødsrapportar

For å setje alt dette i perspektiv, fann Paardekooper ut at berre fire prosent av Pfizer sine covidsprøyte-parti utgjorde alle dødsrapportane assosierte med den mRNA-injeksjonen, medan fem prosent av Moderna sine utgjorde alle dødsrapportar assosierte med den mRNA-injeksjonen.

Dei høvesvise andre 96 og 95% av partia til dei to selskapa var mangfaldige gonger tryggare enn dei ekstremt dødelege partia det er snakk om. Og vi veit frå dataa at desse høgst giftige partia vart spreidde ut over fleire delstatar.

For Pfizer vart berre 2,9% av alle covid-sprøyteparti distribuerte til meir enn 12 ulike delstatar, og vart assosierte med 96,5% av alle dødsfall, 95,5% av alle sjukehusinnleggingar, og 94,7% av alle rapportar om uventa hendingar tilknytt det spesifikke sprøytemerket.

Til samanlikning vart 97,1% av dei gjenverande Pfizer-partia distribuert til færre enn 12 delstatar og var assosiert med berre 3,5% av alle produktdødsrapportar, 4,5% av alle sjukehusinnleggingar, og 5,3% av alle rapportar om uventa hendingar.

For å hjelpe folk til å betre forstå situasjonen og evaluere dataa for seg sjølve, laga Paardekooper ei nettside ved namn How Bad Is My Batch, som inneheld opplæring som forklarer korleis alle kan gjenskape funne hans ved å bruke relevante data frå VAERS.

Den pensjonerte farmasiindustri-leiaren Alexandra Latypova gjorde nettopp det etter at ho hadde teke direkte kontakt med Paardekooper, og brukte eit team av forskarar med erfaring innan kliniske forsøk, dataanalyse, statistikk, farmasiindustrielle retningslinjer, produksjon og forsking og utvikling for å vidare analysere tala.

Latypova lasta opp ein 20 minutts video som sette søkjelys på skilnadene mellom covid-sprøyteparti og som peikte på kor viktig det er å ha lover for god marknadsføring som er «laga for å sikre tryggleik og likskap på farmasøytiske produkt som må produserast i store mengder til særs nøyaktige standardar når det gjeld reinleik, stabilitet, konsistens, osb.»

«Brot på denne praksisen har historisk enda i tragiske tilfelle av forsterka, kontaminerte eller forgifta legemiddelprodukt som resulterte i tap av liv og alvorlege skadar,» skreiv ho deretter i ein e-post-korrespondanse.

«Det å ikkje lyde (denne praksisen)… vil føre til at eit slikt legemiddel blir kontaminert, og det er eit særs alvorleg brotsverk å selje slike produkt.»

«Dette er bevisst, overlagt massedrap,» la advokat Reiner Füllmich til om emnet. «Der finst absolutt ingen tvil om det, fordi ingenting anna gjev noka meining.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s