Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Alle som vart «vaksinerte» mot Wuhan koronaviruset (Covid-19) og som no lid av nevrologiske eller andre alvorlege helseproblem, slit berre med «angst på grunn av covid-vaksinen». Dette er ståstaden til statlege helsestyresmakter, som nektar å innrømme at desse eksperimentelle legemiddela nokosinne kunne forårsake alvorleg skade – og Big Tech er med i denne tilsløringa òg.
Ei Facebook-støttegruppe for personar som tok stikka og som no er sjuke, vart nyleg stengt ned for å bryte «feilinformasjons»-policyen til sosialmedieplattforma, som forbyr all informasjon som «er sannsynleg å bidra til risikoen for umiddelbar fysisk skade, inkludert å bidra til risikoen for at personar får eller spreier ein skadeleg sjukdom, eller nektar å ta imot ein tilknytt vaksine.»
I auga til Facebook og resten av Silicon Valley, for å ikkje nemne National Institutes of Health (NIH) og andre statlege byrå, finst der ikkje noko slikt som helseskade forårsaka av covid-sprøyter. Dei som vart råka av slikt driv berre og diktar det opp i hovuda sine, eller dei har rett og slett etterinjeksjonsnervar.
Ei kvinne som skildrar seg sjølv som «pro-vitskap og pro-vaksine» snakka med Wall Street Journal om etterinjeksjons-nevropatien ho utvikla etter å friviljug ha gått med på å vere ein menneskeleg forsøkskanin for AstraZeneca sitt covid-injeksjonsforsøk. Ho fekk til slutt diagnosen ettervaksine-nevropati og alvorleg posisjonsavhengig ortostatisk takykardi [engelsk postural orthostatic tachycardia], òg kjent som POTS.
Etter å ha blitt sparka ut av Facebook starta ho si eiga «vitskapsbasert nonprofitt som tilbyr finansiell, fysisk og emosjonell støtte» for andre som ho sjølv som vart råka av alvorlege reaksjonar etter injeksjonen. For tida har nonprofitten 21 000 medlemmer i USA og 20 000 frå andre land.
«Vi er ikkje antivax og er nøytrale når det gjeld covid-vaksinane,» er Brianne Dressen, kvinna det er snakk om, som er grunnleggjar av React19, den nyss nemnde nonprofitten, sitert på å ha sagt. «Men legar må vere klare over kva som skjer, slik at dei kan behandle pasientar.»
(Relatert: Enkelte menneske misser tenner på grunn av covid-injeksjonar.)
Kjem statlege byrå nokosinne til å erkjenne at covid-sprøyter øydelegg liv?
Dressen og hennar allierte utfører visstnok press på NIH, Centers for Disease Control and Prevention (CDC) og Food and Drug Administration (FDA) til å erkjenne det faktum at mange lid av hemmande helseproblem på grunn av sprøytene, som vart lansert av Trump-administrasjonen under Operasjon Warp Speed.
So langt er ingen av desse føderale byråa viljuge til å snakke ut om temaet. Dei nektar framleis for at covid-injeksjonar er ingenting anna enn eit slags moderne mirakel og vitskapleg vedunder. Derimot, no når covid-«krisa» er over, håper mange at dette vil snu.
Dressen seier at frå tidleg av var tilsette i NIH i det minste opne for det ho retta merksemda deira mot, og skrytte av ho for å «spreie ordet». Sidan då har derimot særs lite blitt sagt eller gjort for å adressere elefanten i rommet, som er dei fleire titals tusen, om ikkje millionar, av sprøyteskadde menneske der liva deira aldri meir vil vere dei same på grunn av dei eksperimentelle legemiddela som regjeringa deira bad dei om å ta.
Big Pharma driv på lik måte og nektar for det faktum at deira kjemiske produkt har øydelagt eller gjort slutt på mange, mange liv – og fullstendig unaudsynt òg, sidan covid i stor grad var ein bløff i den tydinga at det knapt var den «pandemien» regjeringa gjorde det til.
Etter kvart som tida går, forventar vi at mange fleire offer står fram og fortel om skadane sine, spesielt når dei langsiktige effektane slik som antistoff-avhengig forsterking og vaksine-indusert AIDS verkeleg byrjar å manifestere seg.