Kent Andersen i Document: Historisk befolkningsvekst skuldast berre høg innvandring

Forfattar og Document-skribent Kent Andersen publiserte 16.mai 2023 ein artikkel der han skriv om den historiske befolkningsveksten i Noreg. EU og USA sin lydige vasallstat (mine ord) har no passert 5,5 millionar innbyggjarar, og dette har ifølgje Andersen ein spesifikk årsak: «Siden fødselsoverskuddet er historisk lavt, skyldes veksten utelukkende høy innvandring». Dei som trudde konseptet befolkningsutskifting var ein konspirasjonsteori, må no tenkje om igjen.

Ikkje sidan Statistisk sentralbyrå (SSB) byrja å publisere tal om nettoinnvandring i 1997, har ein registrert eit so høgt tal no i fyrste kvartal av 2023. Tilstrøyminga av ukrainske statsborgarar står riktig nok bak ein del av dei høge rekordtala, «men det flommer fortsatt inn en stor strøm av mennesker fra fattige land til velferdsstaten vår, og de fleste velger å bli,» som Andersen skriv.

Faktisk har alle norske fylke opplevd befolkningsvekst i fyrste kvartal av dette året. Sjølv Nordland. Som fylkesrådleiar Elin Dahlseng Eide (Ap) seier i «eufori» til NRK: «Det er kjempeartig, og alle er hjertelig velkommen.»

Problemet er ikkje berre at migrantar frå alle krikar og krokar renn ned dørene i velferds-Noreg. Problemet er fyrst og fremst at dette kostar pengar. Som Andersen skriv: «Hva koster dette skattebetalerne og alle som trenger velferd? For når flere skal dele velferdskaken blir det mindre på hver. Og når fremmedfolk skal ha både bolig, mat, klær og forsørges av borgerne rundt seg, så setter det press [p]å både velferdssystemet, boligmarkedet, skolesystemet og arbeidsmarkedet.»

Fødselsoverskotet i landet er det lågaste nokon gong, og dette skuldast ifølgje SSB særleg eit stadig fallande fødselstal. Nordmenn ser ut til å vegre seg meir og meir for å få eigne barn. Kent Andersen har ei forklaring på dette: det skuldast rammevilkåra som politikarane set for sine eigne borgarar:

«Innvandringen er så kostbar at man må ilegge stadig flere skatter og avgifter for å få sosialbudsjett og inntektene til å holde tritt med de galopperende utgiftene, enten midlene må hentes inn fra kommunale eller statlige skatter og avgifter.»

Og vidare:

«De økende kostnadene som politikerne pålegger borgerne sine, gjør at folk rett og slett ikke har tid eller råd til å få barn. Det er nemlig dyrt, tidkrevende og ressurskrevende, og det er ikke forenelig med å [få] hverdagen til å gå opp når man må jobbe stadig mer for å dekke skatter, avgifter, renter og ekstrem prisvekst på forbruksprodukter, mat og energi.»

Ikkje minst blir det forventa, takka vere globalistane sin feministplan som vart iverksett på 1960-talet (mine ord), at kvinner skal både studere og gjere karriere. Slikt er nær sagt uforeinleg med å føde og oppdra barn, so i verste fall byrjar ikkje kvinner med slikt før dei er langt oppi 30-åra, kanskje til og med 40. So nyleg som 1980-talet var det heilt vanleg at kvinner fekk sitt fyrste barn då dei var i fyrste halvdel av 20-åra. Trass ei skyhøg bustadrente på heilt opp i 15%, var det kvinna som var heime med barna, og mannen som var ute og jobba – altso éi inntekt. Takka vere det feministiske mantraet at kvinner skulle ut i arbeidslivet, baserer alle hushaldningar og bustadlånsordningar seg på at paret har to inntekter.

I Noreg er det mykje skjult arbeidsløyse. Dette er fordi «sysselsetjing» blir definert som éin times «jobb» i veka. Å besøke NAV-kontoret med barneflokken for å truge til seg meir trygdeytingar blir då til dømes sett i den båsen.

Det har i lengre tid skjedd ei avindustrialisering av utkant-Noreg, kombinert med ei ekstrem byråkratisering av Noreg. Få, om nokon, andre land har slik ein enorm offentleg sektor, der fleirtalet ser ut til å utgjere unyttige papirflyttarar som berre gjer livet vanskelegare for dei av oss som har ekte jobbar. Slikt byråkrati, som består av ei endelaus rekkje urimelege og uforståelege lover og reglar, gjer det til «ren hasard å starte egen bedrift i hjemkommunen,» for å bruke Andersen sine eigne ord.

Resultatet: «Til sammen danner [denne] fasiten en fadese som ingen politikere vil snakke om, og langt mindre ta ansvar for: De undergraver lysten til å sette både barn og bedrifter til verden.»

Og for å oppsummere det som etter mitt syn er essensen i Kent Andersen sin artikkel, og sjølve tidsånda i Noreg anno 2023:

«Mens titusenvis av innvandrerne [sic] kommer til dekket bord og åpne armer årlig, snur Janus-politikerne seg mot egne borgere og forlanger bare mer, mer, mer og mer for å opprettholde fasaden av at ‘Norge går så det griner’. Og det er sant: Norge går så det griner for innvandrere, banker, pengeflyttere, klimaparasitter, NGOer, staten, oljearbeidere og offentlige ansatte.»

For å setje ting på spissen: «Våre» politikarar ser ut til å meine at innvandrarar alltid er betre menneske enn nordmenn – og difor treng vi fleire av dei.

På kort sikt vil slikt eit dysfunksjonelt, lagdelt samfunn med innvandrarar frå ikkje-vestlege land som ikkje-ytande element på toppen, og hardt arbeidande, skatteflådde nordmenn på botnen, løne seg for «den enkelte stymper» (som «Barley» skriv i kommentarfeltet). På lengre sikt tydar dette døden for velferdsstaten og tillitssamfunnet. I verste fall kan Noreg ende opp som eit mislykka, kollapsa land som ikkje skil seg ut nemneverdig frå ørkenlanda og bananrepublikkane som alle desse migrantane «flykta» frå – og som dei ofte reiser på ferie tilbake til med lommene fulle av norske trygdekroner. Den enklaste forklaringa på denne politikarskapte misèren ser diverre ut til å vere at herskarklassen hatar oss og vil skifte oss ut med det dei meiner er meir servile og underdanige folkeslag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s