Av Amy Mek, RAIR Foundation USA. Omsett av saksyndig.
Straffeforfølginga av den konservative franske senatoren Stéphane Ravier for påstått raserelatert ærekrenking frå ein venstrevridd domstol, er alarmerande bevis for at rettssystemet blir brukt som våpen for å undertrykke politisk dissens og ytringsfridom. Ravier la ut ei Twitter-melding i juli 2021, der han kommenterte ei nyheitssak om ein ung seljar i ein telefonbutikk som vart drepen av ein senegalesisk migrant, og sa der at «immigrasjon drep ungdommane i Frankrike». Twitter-meldinga, som Ravier aldri sletta, var ein politisk kommentar om konsekvensane av fransk innvandringspolitikk, og han nektar for at han hadde rasistiske intensjonar.
Derimot gjekk den venstrevridde aktivistgruppa Internasjonal liga mot rasisme og antisemittisme (Likra) hen og meldte Twitter-meldinga, og påstod at den var raserelatert ærekrenking fordi [gjerningsmannen] tilhøyrde ein rase. Påtalestyresmaktene har begjært ei bot på 1000 euro mot Ravier, og argumenterte at Twitter-meldinga var retta mot eit spesifikt samfunn, nemleg innvandrarsamfunnet, og indikerte eit geografisk opphav. Ståstaden til påtalestyresmaktene får ein til å stille spørsmål ved ytringsfridommen til politiske leiarar i Frankrike, og om dei kan uttrykkje synet sitt på sensitive tema slik som innvandring utan å frykte juridiske represaliar.
Ravier har forsvart seg sjølv mot alle påstandar om rasisme, og argumentert at Twitter-meldinga hans var ein politisk kommentar, ikkje eit åtak på ein bestemt rase, nasjonalitet eller religion. Han har òg påpeikt at han ikkje har kome med nokon generaliseringar eller tilskrivingar, ei heller hadde han som intensjon å seie at alle senegalesarar eller utlendingar er kriminelle. Ravier si sak handlar ikkje berre om han som eit individ; det handlar om prinsippet bak ytringsfridom, og om retten til å uttrykkje sitt politiske syn utan å bli gjenstand for strafferettslege handlingar.
Påtalestyresmakta sitt argument om at Ravier si Twitter-melding utgjer raserelatert ærekrenking fordi det var tilhøyrsle til ein rase verkar søkt, og reiser bekymring om politiseringa av rettssystemet. Det er essensielt å skilje mellom politisk kommentar og rasistisk tale; i dette tilfellet høyrde Ravier si Twitte-melding utan tvil til fyrstnemnde. Twitter-meldinga hans hadde ikkje som mål å gå til åtak på nokon bestemt rase, men på å setje søkjelyset på konsekvensane av Frankrike sin innvandringspolitikk.
Vidare sender begjæringa om ei bot på tusen euro mot Ravier ein urovekkjande bodskap om at all negativ kritikk av innvandring i Frankrike burde bli sensurert. Dette kan føre til ein flaum av rettslege steg mot alle som uttrykkjer synet sitt på innvandring, som kan kvele politisk dissens og ytringsfridom i landet.
Den franske regjeringa sitt åtak på politisk dissens blir eksemplifisert av straffeforfølginga av den konservative senatoren Stéphane Ravier for påstått raserelatert ærekrenking. Men det er ikkje berre Ravier som blir gjort til mål. Den venstreorienterte innanriksministeren Gérald Darmain har påkalla «Dieudonné-saka» for å rettferdiggjere det å forby «ultra-høgre» (konservative) demonstrasjonar som utfordrar Frankrike sin open grense-agenda eller stille spørsmål ved nasjonalt samhald. Ifølgje Darmain inkluderer «avskyelege» kommentarar slagord som oppfordrar til remigrasjon [tilbakeføring av innvandrarar til heimlanda sine; oms.an.], det å knyte innvandring saman med islam, og sidestille menneske av ikkje-europeisk opphav med delinkventar. Han åtvarar mot å bruke isolerte hendingar som involverer innvandrarar til å nøre opp under hat og splitting.
Denne erosjonen av ytringsfridom og demokratiske verdiar har langtrekkjande konsekvensar, ikkje berre for konservative politikarar slik som Ravier, men for alle som vågar å motsetje seg regjeringa sin politikk. Ved å bruke rettssystemet som våpen og undertrykkje politiske rally, stilnar regjeringa i praksis avvikande stemmer og underminerer sjølve prinsippa til ytringsfridom og demokrati som er essensielt i eit sunt samfunn. Det er ein farleg sti som trugar med å rive i stykke veven i det franske samfunnet og overlate borgarane sine sårbare overfor endå større maktmisbruk i framtida.