Sletta WEF-memo avslører at Trump ligg på liste over leiarar som skal utsetjast for ATTENTAT

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

Ein sletta, men leken memo frå World Economic Forum avslører at Donald J. Trump ligg på «drapslista» over leiarar som skal utsetjast for attentat dersom han viser seg umogleg å kontrollere.

Planen om å knuse Trump ved å bruke rettssystemet som våpen har mislykkast spektakulært, der den tidlegare presidenten gjer det godt på målingar medan Biden nærmar seg botnen.

I sin desperasjon etter å unngå ei gjentaking av Trump sin fyrste presidentperiode, set eliten no i verk Plan B, òg kjent som komplottet for å fjerne president Donald Trump frå november-valet, koste kva det koste vil.

[…]

Når den liberale eliten ikkje kan vinne argumenta, byrjar dei å sensurere. Når dei ikkje kan kontrollere verdsleiarar gjennom korrupsjon og kompromiss, går dei over til attentat.

Slovakia sin anti-WEF-statsminister Robert Fico overlevde med naud og neppe eit attentatforsøk førre veke, og er no i ein «livstrugande tilstand» etter han vart sendt til sjukehus.

Hovudstraumsmedia har erklært at attentatforsøket på Fico var «fullstendig rettferdiggjort» på grunn av synspunkta hans, som dei skildrar som «farlege konspirasjonsteoriar».

WEF og FN erklærte krig mot sokalla «konspirasjonsteoretikarar», og no antydar hovudstraumsmedia at dei må bli drepne for å hindre dei å spreie sine farlege idear.

I den verkelege verda er Fico ein av dei få verdsleiarane som kan sjå gjennom agendaen til WEF, og som difor tappert bestemte seg for å opponere mot den.

Fico, som er kjent som ein av dei mest iherdige anti-globalist-leiarane i Europa, har konsekvent bede om slutt på krigen i Ukraina, og han gjorde i tillegg WEF forbanna ved å be om ei etterforsking rundt covid-19-responsen og den øydeleggjande mRNA-vaksineutrullinga.

(Sjå òg «Statsministeren i Slovakia krev etterforsking rundt covid-19-responsen og ‘vaksinane’», publisert 5.februar 2024.)

Kanskje dropen som fekk begeret til å renne over for globalist-eliten kom i løpet av dei siste vekene, då Fico utgjorde mektig opposisjon mot WHO sin Pandemitraktat, der han spelte ei leiande rolle i å stoppe globalist-organisasjonen frå å tvinge gjennom lovverket.

Japan har allereie fått ein smak på dette.

Shinzo Abe, som tente to periodar som statsminister i Japan, og hadde stor påverknadskraft på global-politikken, vart offer for eit attentat av ein venstreekstrem person i juli 2022.

Abe var ein kritikar av Den nye verdsordenen og vart gjenvalt for ein sjeldan andre periode i 2012, med mandat til å forsvare landet sitt mot Det kinesiske kommunistpartiet og vennene deira i dei øvste krinsane i WEF og FN.

Medan Abe vart stilna av den globale eliten, lever minnet hans vidare.

(Sjå òg «Shinzo Abe var motstandar av Covid-vaksinar og fremja ivermectin: Vart han ei skyteskive fordi han støtta helsefridom?», publisert 15.juli 2022.)

Det japanske folket er iherdige motstandarar av agendaen til Den nye verdsordenen, og deltok nyleg i milliontal i protestar mot den autoritære WHO-Pandemitraktaten, som trugar med å underminere suvereniteten til nasjonar og late Bill Gates og [WHO-generalsekretær] Tedros byggje eit globalt, totalitært overvakingssamfunn.

Vi har mykje å lære av Japan og korleis vi skal avvise Den nye verdsordenen fordi, slik Tucker Carlson forklarte i fjor, gjev Trump global-eliten eit problem som dei berre kan løyse gjennom attentat.

Tucker låg langt framfor i løypa fordi dersom vi går mindre enn eit år fram i tid, so er World Economic Forum no i ferd med å leggje ein plan for å utføre mordet.

Trump har lenge blitt truga av medlemmer av den kompromitterte politiske eliten, der Chuck Schumer på infamøst vis åtvara han om at etterretningstenestene ikkje kom til å late han sleppe unna med sine hofteskot og forsøk på å øydeleggje Den nye verdsordenen.

Schumer tok ikkje feil. Slik som Tucker peikte på tidlegare, prøvde etterretningstenestene å fange Trump ved fleire høve. Hugsar de Russia-gate? Kongressen stilte han for retten basert på to latterlege anklagar. So kom bruken av rettssystemet som våpen, ein episode som framleis utspeler seg.

Alle desse skitne triksa mislykkast, og president Trump står framleis ragande i terrenget, der han vinn mot alle odds mot agendaen til den globale eliten.

No, ifølgje nokon på innsida av WEF, planlegg dei å fjerne han på same måten som dei har fjerna andre problematiske verdsleiarar.

Memoen, som rettferdiggjer avgjerda ved å fastslå at «verda vil bli ein betre stad utan Donald Trump», skriv om Trumps aukande popularitet trass hans juridiske problem og hans komande debattar med Joe Biden.

Den lekne, men sletta memoen, som vart sendt til medlemmer i den inste kjernen som ikkje vart identifiserte med namn, har blitt sendt vidare til Secret Service og tilbydd hovudstraumsmedie-formidlarar – men dei nekta å køyre historia.

Kan denne avgjerda om å dekkje over brotsverket ha noko å gjere med det faktum at hovudstraumsmedia alle står på lønningslista til Bill Gates og opererer som PR-departementet til den globale eliten?

Utan tvil har media allereie fått instruksar om korleis dei skal dekkje historia, vri på fakta og villeie massane, for å passe til innføringa av eliten sin dystopiske agenda.

Men det er ikkje for seint for oss å ta eit standpunkt og øydeleggje planane deira. Trass deira sirleg detaljerte planar, er ikkje framtida skriven i stein, og høyrer iallfall ikkje til eliten.

Fleire og fleire vaknar opp og ser den globale eliten for det dei alltid har vore: forskrudde, forderva psykopatar som berre vil øydeleggje og dominere.

Det er vår plikt å halde fram med å rette eit lys mot mørket og vekkje opp so mange som mogleg. Slik slår vi dei.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget