Kvinner betaler tusenvis av dollar for å vere med på «raseri-ritual» der dei skrik og slår kjeppar i bakken

Michael Snyder på nettstaden End of the American Dream skriv:

Ville du ha betalt tusenvis av dollar for å vere med på eit «raseri-ritual» som involverer å skrike av full hals og slå i bakken med store kjeppar? Eg kan førestille meg at svaret på spørsmålet ditt er det same som mitt. Men der finst mange kvinner som går med på å gjere dette, og lurendreiarane som står bak desse programma håvar inn enorme pengesummar på dette. Kvinnene som blir svindla til å bli med på desse raseri-rituala får instruks om å gire seg sjølv opp til eit uhemma sinne ved å tenkje på «kvar einaste person som nokosinne gjekk deg imot, som såra deg, som nokosinne ignorerte grensene dine, utnytta deg eller misbrukte eller mishandla deg på nokon måte», og so skal dei bruke alt dette sinnet som drivkraft medan dei slår i bakken med store kjeppar.

Dei mest populære «raseri-rituala» blir utførde av Mia Banducci som òg er kjent som «Mia Magik». Ho er ein sjølverklært mystikar som seier at kvinnene som går på arrangementa hennar «kjem tilbake til familiane sine meir takksame, avslappa og fredelege»:

«Det er offisielt: terapikulturen har kome til Karen. USA Today rapporterer om ein ny, dyr velværetrend – ‘raseri-ritual’ – der kvinner betaler tusenvis av dollar for å trekkje seg tilbake til ein fjern og trygg stad, minnast alt som nokosinne har irritert dei, for so å skrike, slå og rase medan dei slår i bakken med kjeppar.

Mia Banducci, ein sjølverklært mystikar som arrangerer nettopp slike ‘raseri-ritual’, lovpriser krafta desse hendingane har til å sleppe laus negative kjensler og auke gleda andre stader i livet til deltakarane. ‘Når folk gjer dette og gjev seg sjølv lov til å sleppe laus sinnet, blir evna deira til å føle glede faktisk større,’ forklarer ho. ‘Dei blir i stand til å føle meir glede og nyting, og dei dreg heim til familiane sine meir takksame, avslappa og rolege’.»

Greitt, den kjøper eg [Michael Snyder] ikkje.

Heldigvis gjer desse kvinnene seg sjølve steik forbanna djupt inne i skogen, slik at ingen andre høyrer dei:

«Prosessen raseri-ritual er temmeleg enkel. Fyrst, seier Banducci, hentar deltakarane seg store kjeppar medan dei tenkjer på ‘kvar einaste person som nokosinne gjekk deg imot, som skadde deg, som nokosinne ignorerte grensene dine eller misbrukte eller mishandla deg på nokon måte’. Etter nokre pusteøvingar som oppvarming, byrjar skrikinga og veivinga. Ritualet blir halde i skogen slik at deltakarar kan bråke utan frykt for å plage folk i nærleiken.»

Du kan sjå ein video der «Mia Magik» viser fram raseri-rituala sine her, men eg må åtvare dykk om at videoen er temmeleg grafisk.

Ei skilt kvinne som har delteke i fleire raseri-ritual, hevdar at ho «framleis får gåsehud» når ho tenkjer på det fyrste ritualet:

«Kimberly Helmus får framleis gåsehud når ho tenkjer på sitt fyrste raseri-ritual.

For to og eit halvt år sidan etter skilsmissa si, reiste cybertryggleiks-ingeniøren til Skottland med Mia Banducci – ein forfattar og sjølvskildra ‘Spiritual Fairy Godmother’ [«spirituell fe-gudmor»], betre kjent på nettet som Mia Magik.

Som del av arrangementet heldt Banducci eit raseri-ritual: ein seremoni der deltakarar skrik og slår store kjeppar på bakken ute i skogen. Deltakarar blir oppmuntra til å tenkje på folk og erfaringar som har behandla dei urettferdig, for so å skrike og veive med kjeppane i minst 20 minutt, eller til dei ikkje lenger kan bevege armane sine.»

Uheldigvis er ikkje «Mia Magik» den einaste svindlarartisten som utfører denne typen ritual:

«Banducci er ikkje den einaste personen som står bak raserirelaterte arrangement. Secret Sanctuary vil vere vertar for ein «Sacred Rage Ceremony» [«heilagt raseri-seremoni»] i Alberta, Canada i juli, og Jessica Ricchetti – forfattar og sjølverklært mystikar – vil vere vert for eit ‘Sacred Rage’-treff for kvinner i [den amerikanske delstaten] North Carolina i juni.»

Dersom det er pengar å tene på det, er eg sikker på at mange fleire slike arrangement vil dukke opp i næraste framtid.

På sosiale media får raseri-ritual-videoar mange visningar, og mange av kvinnene som ser på dei kjem med særs avslørande kommentarar:

«Raseri-ritual ser ut til å ha treft ein nerve, spesielt blant kvinner, som skriv i sosialmedie-kommentarfelt kor rørande det er å sjå kvinner sleppe ut sinnet sitt.

‘Kvifor fekk eg med éin gong ein djup, rå reaksjon og byrja å grine?’ skreiv ei kvinne. ‘Eg grein bokstavleg tala då eg såg dette… eg treng dette,’ skreiv ei anna. ‘Som ei no middelaldrande kvinne med endå meir sinne, treng eg dette!!’ skreiv ei tredje.»

I dag fløymer samfunnet vårt over med sinne, frustrasjon, bitterheit og andre negative kjensler.

Dette er sant både for menn og kvinner, men kvinner ser ut til å vere spesielt ulykkelege. Ifølgje ei spørjeundersøking som vart utført av Gallup, har depresjonsraten blant kvinner stige til nesten det dobbelte som depresjonsraten blant menn:

«Raten av depresjon blant kvinner spesifikt har stige til nesten det dobbelte av raten av depresjon blant menn dei siste seks åra. I den same Gallupp-spørjeundersøkinga, rapporterte kvinner den nest høgaste raten av noverande depresjon eller behandling for depresjon (23,8% – der berre raten blant 18-29-åringar er høgare; 24,6%), og 36,7% av kvinner seier at dei har blitt diagnostisert med depresjon på eit punkt i livet. Til samanlikning er ratane blant menn på høvesvis 11,3% og 20,4%.»

Som eg har dokumentert omfattande, har samfunnsverdiane blitt snudde fullstendig på hovudet dei siste tiåra.

Tragisk nok har mange av desse endringane ikkje vore gode for kvinner i det heile.

Og det har neimen ikkje hjelpt at kvinner har omfamna «woke-ideologi» i ein endå høgare rate enn menn har.

Ifølgje ein studie som akkurat har blitt utført i Finland, har dei som er i harmoni med kjerneverdiane til woke «forhøga førekomst av angst og depresjon»:

«Eit nytt psykologisk vurderingskriterium har blitt utvikla for å måle kva slags haldningar som blir støtta relatert til kritisk sosialrettferd. Funn frå denne bruken i ein finsk studie avslører at sterkare tilknyting til desse sokalla ‘woke’-verdiane er i samsvar med høgare førekomst av angat og depresjon, som ein publikasjon i Scandinavian Journal of Psychology legg ut i detalj om.»

So ein kan konkludere med at dess mindre «woke» du er, dess meir sannsynleg er det at du er lykkeleg.

Uheldigvis har det store fleirtalet av våre menn og det store fleirtalet av våre kvinner omfamna minst éi av løgnene som det moderne samfunnet har fortalt til dei.

Dersom du føler for å skrike til verda og slå i bakken med store kjeppar, burde du kanskje ta eit steg tilbake og evaluere det du trur på inst inne.

Vi vart laga for å elske og bli elska. Dersom du er fylt av raseri, er du definitivt på veg i feil retning.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget