Dr. Vernon Coleman skriv, her henta frå nettstaden The Exposé:
Avgjerda frå den nye britiske Labour-regjeringa om å straffe og drepe mange av dei eldste og mest sårbare borgarane i Storbritannia ved å fjerne dei livreddande vinterdrivstoff-lommepengane burde ikkje kome som noka overrasking. Trass alt veit politikarar på ytre venstre at dei fleste eldre ikkje er dumme nok til å stemme på dei. Dette er delvis straff.
Kommunistregjeringa til Starmer har plikta seg til den vondskapsfulle galskapen kjent som «Netto-nullutslepp» [engelsk Net Zero] – den nådelause planen om å tekkjast dei privilegerte, høglytte og uvetande få ved å redusere storleiken på befolkninga, drepe dei eldre, sjuke og verkeleg fattige (og dermed uønskte borgarar) ved å tvinge Storbritannia ut i ei energikrise og øydeleggje det som er igjen av håp og ambisjon, og ved å utstade retningslinjer som vil forårsake mest skade på dei svakaste og mest sårbare medlemmene av samfunnet.
Ingen burde late seg narre av Labour Party si falske bekymring for dei fattige og sjuke. Labour Party består av menn og kvinner (og truleg dei imellom) som er hemmeleg etablert innan Etablissementet og like rike og veltilknytte som dei hatefulle Tory-parti-plutokratane som vart avvist av ein forbanna veljarkrins.
No når ei tydeleg kommunistisk regjering sit med makta, er det einaste som kjem til å endre seg at Staten kjem til å bli endå større og meir nådelaus og inngripande, og individ kjem til å bli knust til underkasting.
Vi rasar no i toppfart mot den umenneskelege verda som Orwell, Huxley og Waugh åtvara oss alle om – ei verd av privilegerte byråkratar og nådelause, sinnssjuke milliardærar.
Ikkje lat dykk narre av Starmer si papirtynne skodespelrolle som ein harmlaus byrådsbyråkrat. Sir Keir Starmer er advokat og gift med ein advokat, ein multimilliardær som bur i eit hus til fleire titals millionar, eig verdifullt land, tener godt over 200 000 pund i året, og som, under førre parlament, spelte ei temmeleg overtydande rolle som ei fotballfrue ved å grafse til seg gratis varer til ein verdi av 76 000 pund, som utgjorde gratis dressar og billettar til popkonsertar og fotballkampar. Starmer og hans forhatte støttespelarar er den britiske utgåva av det sovjetiske Politburo – menn og kvinner som naut enorme privilegium og frynsegoder som vart nekta dei sveltande og undertrykte undersåttane.
Å ta vekk vinterdrivstoff-lommepengane frå dei fattigaste av dei fattige – dei eldre som strevar med å overleve på den dårlegaste pensjonen i Vesten, og som er uviljuge til å krevje veldedigheit eller trygdeytingar – var ei utilgjeveleg politisk handling av overlagt vondskap. Resultatet vil bli at talet eldre som døyr av kulde neste vinter vil stige til godt over 100 000. Dei veit at det vil skje, naturlegvis.
Labour Party ser ut til å ha rikeleg med pengar å drysse over sine venstreorienterte støttespelarar og veljarar. Aggressive, nådelause junior-legar som lèt pasientar lide, får ein lønnsauke på 22%, og lite grann mindre aggressive og mordariske lærarar, offentlege tenestemenn, etc. får lite grann mindre – men likevel inflasjonsslåande – ekstra tjuvgods.
Der er rikeleg med pengar å kaste etter migrantar (der mange av dei hatar England og engelskmenn, men som likevel stemmer på Labour), og lastebillass av pengar for å tilfredsstille fleire millionar Labour-støttespelarar som har ei arbeidsvegring som passar som hand i hanske i stemninga rundt The Great Reset – mange av dei påstår at dei lid so mykje av ein overdriven sjukdom ved namn «Long Covid» at dei føler at dei aldri vil bli i stand til å jobbe igjen.
Men Regjeringa, som har late BBC bryte avtalen sin om å gje dei over 75 år gratis TV-lisens – kuttar den patetiske (men likevel livsviktige) støtta på 300 pund i året til dei mest sårbare medlemmene i vårt samfunn.
Lat meg fortelje dykk noko de kanskje ikkje veit om pensjonane som eldre får i Storbritannia.
Konsernmedia vil fortelje dykk at pensjonistar i Storbritannia får 221,20 pund i veka [3102,74 kroner].
Som vanleg med konsernmedia er det ei løgn.
Dei 221,20 blir berre betalt til menn fødd etter 6.april 1951 og til kvinner fødd etter 6.april 1953.
Dei hjelpelause eldre som var dumme nok til å bli fødd før desse datoane (og som, tru meg, føler kulden meir og treng å bruke meir på varme) får 169,50 i veka [2377,56 kroner].
Dei blir straffa med [fråtrekk på] 51,70 [725,19 kroner] i veka for å vere for gamle.
Det speler inga rolle at dei har arbeidd heile livet og betalt all skatten og nasjonalforsikringane.
Dei blir likevel bøtelagt med 51,70 i veka for det brotsverket å vere for gammal til å motta full statleg pensjon.
Staten hatar gamle folk og vil at dei skal døy – so raskt som mogleg. Å drepe dei eldre er ein grunnleggjande del av Net Zero og vegen til Great Reset.
Men ikkje trekk eit sukk av lette om du ikkje er pensjonist.
Starmer sin gjeng av rotne, kaldhjarta ranarar, lommetjuvar og skurkar er ute etter alle med hål, ambisjon og eit ørlite snev av sparepengar. Dei ønskjer å øydeleggje alt du har kjært.
Millionæren Sir Keir Starmer (og lat oss ikkje gløyme at han her Knight), har definert «arbeidsfolk» som berre dei utan oppsparte midlar.
Ifølgje Starmer, dersom du jobbar 60 timar i veka og har 50 pund i oppsparte midlar, so er du ikkje arbeidsfolk.
Og denne grådige, tilgrafsande mannen (76 000 pund i gratis dressar, etc. under det siste parlamentet) har snakka om ekstraskattar pålagt alle som har greidd å spare meir enn 1000 pund av det dei har tent etter skatt.
Alle som har lagt til side nokre slantar for ein regnvêrsdag kjem til å bli plyndra. Starmer og gjengen vil straffe og skatteleggje dei sindige, dei sparsamelege, dei fornuftige og dei uavhengige in spe. Han ønskjer ikkje å likestille samfunnet ved å løfte opp fattige. Han ønskjer å likestille samfunnet ved å knuse alle som har spart opp litt pengar – sjølv om deira oppsparte midlar kjem frå pengar dei har tent, og som allereie er trekt skatt frå.
Labour Party fekk 20% av stemmene sist val. Fire av fem borgarar stemte ikkje på Starmer fordi dei kunne sjå kva som var på veg.
Starmer og gjengen vil drepe dei eldre og bruke ein meny av nye skattar for å øydeleggje middelklassen, gründerane, dei som er uavhengige til sinns, dei håpefulle og dei ambisiøse. Dei skal skape eit vaskeekte kommunistsamfunn og drive oss gjennom Net Zero og inn i Great Reset.
Og rundt om i verda planlegg alle venstreorienterte politikarar å gjere det same.
Dei fleste har inga aning om kor ille alt kjem til å bli. […]
Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig. Starmer er ikkje den einaste toppolitikaren som tilsynelatande vil avlive eldre britar. Sjå òg «Planlegg den britiske regjeringa å ta livet av 250 000 pensjonistar til vinteren?», publisert 30.mai 2022.
