Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse melder:
Filmlegenda Sylvester Stallone har referert til den valde presidenten Donald J. Trump som ein mytisk figur, og sagt at han kan vere den andre George Washington i amerikansk politikkhistorie. Skodespelaren og regissøren introduserte den valde president Trump under eit arrangement i regi av America First Policy Institute (AFPI) denne veka, der han sa: «Vi er saman med ein verkeleg mytisk karakter. Eg elskar mytologi.»
«Då George Washington forsvarte landet sitt, hadde han inga aning om at han kom til å endre verda, fordi at utan han, kunne de førestille dykk korleis verda ville ha sett ut?», sa han og la til: «Gjett kva? Vi har den andre George Washington?»
Stallone har for det meste vore reservert om sine politiske preferansar i fortida, men han er berre ein av fleire større Hollywood-kjendisar, inkludert skodespelar James Woods og andre, som støttar den valde president Trump.
Derimot har Stallone sin actionfilm-rival i mange år, Arnold Schwarzenegger, høglytt støtta Demokraten Kamala Harris, trass at han var ein republikansk guvernør i California.
Schwarzenegger, ein austerriksk innvandrar som hadde ein far som var nazi-krigsveteran, skapte overskrifter under covid-19-pandemien då han sa til uvaksinerte amerikanarar: «til helvete med fridommen dykkar».
(Sjå òg «Arnold Schwarzenegger ber om orsaking for å ha bede uvaksinerte dra til helvete i 2021», publisert 12.april 2023.)
Andre kjendisar støtta aktivt Harris under kampanjen hennar, inkludert Oprah Winfrey, som heldt ein tale under eit Harris-rally førre månad. Denne veka har det blitt kjent at kampanjen til Harris betalte Winfreys Harpo Productions ein million dollar.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
