Det er ikkje berre Noreg som for tida har ekstreme straumprisar. Slik er òg stoda i Sverige. The Nordic Times formidlar:
I går var straumprisane i Sør-Sverige til tider 18 000 % høgare enn i Midt-Sverige – fordi det var vindstille i Tyskland.
Økonomireporter Andreas Cervenka skriv at svenske straumkundar har vorte overfakturerte med meir enn 300 milliardar svenske kroner (26 milliardar euro) via straumrekningane sine, og meiner at den svenske straummarknaden «byrjar å sjå ut som ein svært mislykka spøk».
«Alle som bur i Malmö, eller ‘Elektrisitetsområde 4’ som tilsynelatande er det nye namnet i denne nasjonen, kan forventa å betala i overkant av 31 svenske kroner, inkludert moms, for ein ti-minutts dusj klokka fem i dag, skriv han i tabloidavisa Aftonbladet, medan dei ser korleis straumkundar i Sundsvall berre må betala 0,17 svenske kroner for same dusj.
«Det er ein prisforskjell på 184 gonger eller 18 000%. I tillegg kjem ulike avgifter, så det er faktisk endå dyrare. Det er som om innbyggjarane i Malmö skulle betala 3700 svenske kroner for ein liter mjølk og innbyggjarane i Sundsvall tjue. Kor hen går dette eigentleg?» spør han.
Ifølgje observatørar og analytikarar er det Tysklands feil, og dei er ekstremt avhengige av vindkraft. Når det ikkje er vind der, blir Sverige i staden tappa for straum via eksportkablane, og straumen blir dyrare her heime.
«Eit bevis på fattigdom»
Cervenka påpeikar at mekanismane bak straumprisane er svært forvirrande og at dei skyhøge straumprisane har fått svenskane til å setja seg ned og google dag- eller timeprisane før dei til dømes slår på dusjen.
«Litt av eit bevis på fattigdom, kan du seia, for eit av dei rikaste landa i verda, som i fjor faktisk produserte meir straum enn me brukte. Forskjellen var ganske stor, heile 28 terawatt-timar, ifølgje dei svenske energistyresmaktene; dette svarer til 5,6 milliardar ti-minutts dusjar, for dei som lurer,» fastslår han.
Tidlegare har politikarar lagt skulda på dei ekstreme prisforskjellane på mangel på overføringskapasitet i straumnetta, og EU-direktiv introduserte nyleg den nye «flytbaserte modellen», som skulle nyttiggjera seg meir av straumnettet.
Analytikarar og ekspertar var kritiske til den nye modellen og åtvara om at prisane ville stiga ytterlegare – og etter alt å dømma hadde dei rett.
«Eit herrelaust nettmonopol»
Ifølgje elmarknadsanalytikar Bengt Ekenstierna, vil den svenske elmarknaden verta endå tettare knytt til Tyskland enn før, og han er trist over at svenske politikarar ser ut til å ha gått vekk frå alle forsøk på å påverka andre EU-lands syn på straummarknaden.
«Det er alle politikarars plikt å slå neven i bordet og jobba for å få til endring når anvendt EU-regelverk fører til slike effektar som det har hatt på straummarknaden i Sverige dei siste 3 åra. Straumkundar har vorte overfakturerte med meir enn 300 milliardar svenske kroner via straumrekninga,» opplyser han i eit nyheitsbrev.
«…og då har ein ikkje eingong teke med dei 100 milliardane i overpris som oppstår gjennom skyhøge og ukontrollerte straumnettavgifter frå eit herrelaust nettmonopol,» seier han.
300 milliardar er ein sum så stor at han er vanskeleg å fatta, ifølgje Cervenka, som avsluttar med å kunngjera at han skal ta ein «lang, dyr dusj» og prøva å gløyma det han nettopp har lese.
«Nokon må då gjera narr av oss,» avsluttar han.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
