The National Pulse formidlar:
Austerrikes mellombelse regjering har kunngjort ein suspensjon av asylsøknader frå syriske statsborgarar etter Bashar al-Assads fall . Denne avgjerda kjem etter at Tyrkia -støtta opprørarar tok kontroll over Damaskus, og fekk Assad til å søkja tilflukt i Russland. Den 13 år lange borgarkrigen i Syria har fordrive millionar, med 4,3 millionar syrarar no i europeiske land som Tyskland og Austerrike etter migrantkrisa i 2015 og 2016.
Kanslar Karl Nehammer har bede innanriksminister Gerhard Karner om å setja syriske asylsøknader på pause og sjå på tidlegare innvilga saker. Innanriksdepartementet stadfestar at Karner har vorte beden om å utarbeida ein plan for systematisk retur og deportasjon av syrarar, sjølv om spesifikke detaljar framleis er uavklarte.
Kunngjeringa har også påverka «familiegjenforeining»-kjedemigrasjon, som gjer det mogleg for flyktningar å bringa slektningane sine til Austerrike. Den austerrikske regjeringa har sett 12 886 søknader på vent, og 1 146 er relaterte til familiegjenforeining.
Nehammer og Karner representerer Folkepartiet (ÖVP), som omfamnar strengare innvandringspolitikk som svar på framveksten av det populistiske fridomspartiet (FPÖ), som plasserte seg først i det nylege valet i landet.
Nehammer er for tida engasjert i koalisjonsforhandlingar med andre parti enn FPÖ trass i den klare valsuksessen sin. Nokre austerrikske veljarar set spørsmålsteikn ved president Alexander Van der Bellens avgjerd om ikkje å utnemna FPÖ til å leia regjeringsformasjonsarbeid i staden for ÖVP.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
