Mel Gibson: Hollywood er kontrollert av «vonde» pedofile som «jaktar på våre unge»

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

Hollywood-systemet er kontrollert av vonde pedofile ifølgje skodespelar Mel Gibson, som skildrar dei som «ulvar i saueskinn som jaktar på våre unge», noko han sa under ein eksplosiv tale ved Mar-a-Lago tysdag.

Gibson, som var til stade på ein Champions For America Celebration-galla halden av nonprofitten America’s Future, lovpriste lovnaden til den påtroppande Trump-administrasjonen om å takle menneskehandel med barn og gjere slutt på normaliseringa av pedofili i Vesten.

(Sjå òg «‘Passion of the Christ’-stjerne påstår at Hollywood-elitar driv med handel av barn for å få adrenochrome», publisert 25.november 2022, og «Mel Gibson: Globale elitar vil halde fram med å døy for å bane veg for Antikrist», publisert 7.mars 2024.)

Dødeleg våpen-skodespelaren peikte ut general Michael Flynn for lovprising for «å eksponere alle desse ulvane i saueskinn som jaktar på våre unge».

«Problemet her er mange-fasettert,» sa han. «Eg har ni barn. Dersom ein av dei blir stolne eller brukt til menneskehandel eller noko, må eg drepe nokon.»

Elon Musk sa si meining om kommentaren til Gibson på X, der han skreiv «Same» [«same (her)»].

«Vi har lidd oss gjennom fire år med tynt tilslørt marxisme. Og no trur eg at det vi har er ein fireårig amnestiperiode, men vi vil måtte arbeide hardare,» sa Gibson.

«Presidenten har ein svær jobb framfor seg for å snu om på denne staden. Mykje skade har blitt gjort, og dei held fram med å starte brannar.»

«Eg håper at vi i dei neste fire åra kan få tilbake noko av den verdifulle vara dette landet har – den vara ved namn fridom,» la Passion of the Christ-regissøren til. «Vi får sjå kor mykje denne nye administrasjonen kan klore tilbake frå filistinarane.»

I tillegg til Gibson var fleire andre konservative stjerner og gjester til stade, inkludert general Michael Flynn, Kid Rock, Russell Brand, Tucker Carlson og Lara Logan, so vel som den valde presidenten Trump.

Føreseieleg nok vreid hovudstraumsmedia om på kommentarane til Gibson for å skjule hans oppmoding om å omgåande adressere menneskehandel med barn, der dei hevda at han rett og slett «truga med å drepe nokon» under arrangementet medan han stod der og pusha «QAnon-liknande konspirasjonsteoriar».

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget