Diplomat Emeritus publiserte 12.desember 2024 ein artikkel om den norske sjukelønnsordninga og det skyhøge norske sjukefråværet. For tida er LO-leiar og tidlegare flyvertinne Peggy Hessen Følsvik mildt sagt forbanna på NHO fordi dei nekta å gå med på å frede full lønn under sjukdom i fire nye år. Ho meiner det er eit alvorleg tillitsbrot mellom LO og NHO.
Diplomat Emeritus skriv:
«Norge har verdens høyeste sykefravær, og vi er ikke verdens sykeste nasjon. Men like frisk som Sverige iallfall. Sammenhengen mellom sykelønn og sykefravær er så åpenbar at selv LOs ledelse ser den. Mens de opptrer som i HC Andersens eventyr ‘Keiserens nye klær’ og nekter å rope ut det åpenbare, at keiseren ikke har klær på seg.»
Nordmenn er neppe sjukare enn svenskar eller andre folkeslag – vi har berre eit system som gjer det enklare å skofte når ein ikkje heilt føler for å fare på jobb. Sagt på ein kortare måte: Nordmenn utnyttar skamlaust dette tillitsbaserte systemet. Som Diplomat Emeritus skriv so treffande:
«Det trengs ingen forskning eller ny ‘kunnskapsinnhenting’ for å slå fast at ordningen med full kompensasjon under sykdom misbrukes. Det er jo i praksis folk selv som bestemmer om de er ‘syke’ eller ikke. Det er bare å se seg omkring. Ikke alle er spesielt syke, for å si det forsiktig. Spesielt de nederst på rangstigen som ikke ser arbeidsplassen som noe annet enn et sted man er nødt til å oppholde seg i noen timer hver dag for å skaffe seg noen kroner til livets opphold.»
For å seie det endå meir forsiktig: Mange lever ikkje for å jobbe, dei jobbar for å leve. Og kor mykje kvar enkelt «jobbar», har etter kvart blitt ganske so variabelt. Betalt for oppmøte er tydelegvis den nye normalen for fleire og fleire, jamfør fenomenet «quiet quitting». Når dei so møter kritikk, svarer dei med sjukemelding, ofte på syltynt grunnlag.
Den norske arbeidsmoralen ser ut til å gå den vegen høna sparkar, og har gjort det i lengre tid. Ordninga med 100% lønn under sjukefråvær, både eigenmeldt og legemeldt, nærast skrik etter å bli utnytta. I ei perfekt verd der alle er ærlege og samvitsfulle hadde dette vore ei god og hjartevarm ordning. I praksis fører dette derimot til at mellomleiarar og personalsjefar overalt i landet riv av seg håret i frustrasjon over at det er so mykje “sjukdom” i personalgruppa, spesielt når det nærmar seg helg eller høgtider. Kor mykje av sjukefråværet som faktisk er reelt, kan med rette diskuterast. Det har diverre aldri vore god latin å antyde at ein kollega som er vekke frå jobb på grunn av sjukdom, kanskje ikkje er sjuk, men berre vil ha ein liten, betalt ferie.
Eg jobba sjølv 17 år i den norske helsesektoren, og sjukefråværsproblematikken låg der som eit konstant bakteppe i alle dei åra. På kvinnedominerte arbeidsplassar sprengte sjukefråværet rekord år etter år, og dei som liksom var for “sjuke” til å gå på jobb, var likevel friske nok til å reise på handletur på kjøpesenteret, trene på SATS, stikke på utanlandsferie (!) og andre ting som er uforeinlege med reell sjukdom. Kanskje var dei sjuke, kanskje var dei berre møkka leie av dårlege arbeidsforhold, svikefulle kollegaer og ei totalitær, ustabil leiing. I våre tider snakkar ein om «omsorgstrøyttleik» i helsesektoren – folk kan faktisk gå lei av å vere englar i uniform, spesielt når lønna knapt er til å leve av i våre dyrtider med ekstreme prisar på alt frå mat til straum. Kvifor slite seg ut på jobb når ein får like godt betalt for å sitje heime?
Eit slags bevis for at det norske systemet med full lønn under sjukefråvær kan vere ein årsak til det skyhøge norske sjukefråværet, er, som Diplomat Emeritus skriv:
«Når norsk-svenske selskaper flytter arbeidstagere fra Sverige til Norge, blir svenskene plutselig like syke som nordmennene.»
Kva er årsaka til dette? Kom gjerne med forslag dei som gidd.
I motsett ende har vi ein artikkelserie på FriFagbevegelse.no som handlar om tilfelle der arbeidsgjevar avviser (bokmål: bestrider) sjukemeldingane til sine tilsette, noko som skaper alvorlege økonomiske problem for dei råka sidan NAV då kan nekte å utbetale sjukepengar. NAV har ei saksbehandlingstid på slike saker på heile 12 månader (!!), noko som får ein til å stille spørsmålet om dette er gjort med intensjon frå NAV si side for å straffe klientane, eller om saksbehandlarane genuint jobbar so sakte. Om sistnemnde er tilfellet, har vi nok å gjere med kollektiv «quiet quitting» frå ein gjeng udugelege slaskar.
Klart, blir du reelt sjuk og møter ein hjartelaus arbeidsgjevar som mistenkjeleggjer deg, og eit dysfunksjonelt byråkrati som trenerer saka di sopass lenge at ein kan snakke om alvorleg tenesteforsømming, illustrerer det dei uheldige og tragiske effektane som det motsette av dagens tillitsbaserte ordning ville ha ført til. Sakene FriFagbevegelse skriv om høyrer til sjeldenheitene, men kan fort bli norma om visse aktørar får det som dei vil.
«Alle» ser ut til å vere imot kutt i sjukelønna etter svensk modell. Kva er fordelane med ein slik modell? Arbeidsgjevarane og skattebetalarane sparer kanskje pengar på det på kort sikt, men kva med arbeidstakarane? Dette er eit tvieggja sverd. Å gå vekk frå ei tillitsbasert ordning med 100% lønn under sjukefråvær ville riktig nok ha rydda vekk dei som berre vil ha ein «betalt ferie» frå ein jobb dei hatar, men ville samstundes ha skapt store problem for ei åleinemor i full jobb som plutseleg vakna opp ein dag med hjerneslag. Tenk litt på denne problemstillinga, folkens. Det må då finnast ein gyllen middelveg.
Eg vil heilt til slutt føye til at dei fleste arbeidsgjevarar i dei helseføretaka eg personleg har jobba i, har rett til å nekte tilsette bruk av eigenmeldingar om arbeidsgjevar har grunn til å mistenkje at den tilsette misbruker ordninga. Det neste steget ville ha vore å krevje legeerklæring ved langtidssjukemelding – men heilt der er vi heldigvis ikkje enno.
Dette er ein meiningsartikkel skriven av redaktøren i Saksyndig.
