Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice melder:
Romvesen er ekte, Donald Trump veit det, og ifølgje ein tidlegare israelsk topp-tenestemann er der til og med ein hemmeleg avtale med ein «Intergalaktisk føderasjon» om å halde eksistensen deira hemmeleg.
(Sjå òg «Den galaktiske føderasjonen», publisert 11.november 2022.)
Det kan høyrast ut som science fiction-materiale, men denne påstanden kjem frå Haim Eshed, ein høgt respektert pensjonert militærgeneral, professor og tidlegare leiar av det israelske forsvarsministeriet sitt romfartsprogram.
I eit intervju med den prominente israelske avisa Yediot Aharonot, som seinare òg vart publisert av The Jerusalem Post og andre nyheitsformidlarar inkludert NBC, avslørte Haim Eshed oppsiktsvekkjande påstandar som kan kaste lys over dei mystiske hendingane som har utfalda seg i amerikansk luftrom dei siste vekene.
(Sjå òg «Trump seier Biden-administrasjonen lyg om mystiske observasjonar av dronar», publisert 19.desember 2024.)
«Identifiserte flygande objekt har bede om at ein ikkje offentleggjer at dei er her – menneskeheita er enno ikkje klar,» sa Eshed i intervjuet.
Med tre tiårs erfaring i å leie Israels romfartstryggleiksinnsats, er Eshed ingen utkantfigur. Han er ein respektert akademikar og hjernen bak det israelske Ofec-satellittprogrammet, og det han seier ber vekt både innan vitskaps- og forsvarskrinsar.
I boka si The Universe Beyond the Horizon, utforskar Eshed ideen om at romvesen har vore blant oss i årevis, og ofte vore i kontakt med dei høgste nivåa i den amerikanske regjeringa. Han påstår at påverknadskrafta deira har vore betydeleg – og gått so langt som å hindre fleire atomkatastrofar.
Ifølgje Eshed eksisterer det ein hemmeleg allianse mellom utanomjordiske og verdsleiarar, inkludert den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump. Han hevdar at denne «intergalaktiske føderasjonen» fokuserer på å studere universet og halde seg hemmelege heilt til menneskeheita blir sett på som klare for å høyre sanninga.
Eshed kom til og med med detaljar om ein underjordisk base på Mars, der romvesen og amerikanske tenestepersonar visstnok jobbar saman. Han hevdar Trump var «på randa» av å avsløre denne informasjonen då han var president, men at han vart overtala om å halde tilbake for å unngå massehysteri.
«I dag snakkar det vitskaplege samfunnet annleis om desse temaa,» forklarte Eshed, og la til at han følte seg overtala til å stå fram no fordi samfunnsmessige haldningar rundt utanomjordiske er i ferd med å endre seg.
«Eg har ingenting å tape. Eg har fått mine diplom og utmerkingar, og eg er respektert i universitet i utlandet, der trenden òg er i ferd med å endre seg.»
Trass påstandane sine, tydeleggjorde Eshed at den mykje omsnakka «Space Force», skapt under Trump som ei ny grein av det amerikanske militæret, har ingen bekrefta tilknyting til samarbeid med romvesen.
Derimot er han likevel optimistisk for framtida: «Snart vil vi visseleg kontakte romvesen. Dei vil lære oss alt dei veit, vitskapen vil hoppe tusen lysår fram, og vi kan byrje å reise i tid.»
Om du trur på påstandane til Eshed eller ikkje, legg dei ein spennande ny dimensjon til samtalen om dei glødande kulene på himmelen over USA dei siste vekene.
Kan vi verkeleg vere nær ved å avsløre ei av dei største hemmelegheitene i historia? Det vil tida vise.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
