Noreg har ei av dei rausaste ordningane for sjukelønn, og samstundes visstnok verdas høgaste fråvær frå jobb. Å påpeike at det ikkje finst nokon samanheng mellom desse to, er å late vere å påpeike elefanten i rommet. Klart er det ein samanheng. Ville folk ha skofta jobben for den minste helsemessige bagatell – og ofte på tvilsamt grunnlag – om dei ikkje fekk like godt betalt for å vere heime og dra seg enn å vere på jobb og yte? Eg tviler sterkt på det.
LO og NHO er for tida uvenner fordi NHO ikkje vil garantere for at sjukelønnsordninga på 100% i 52 veker skal vere «freda» i fire nye år. Ingen vil derimot innrømme at ein reduksjon i sjukelønna garantert vil få ned fråværet. Anten fornektar dei realiteten, eller so er dei redde for karrieremessige konsekvensar om dei seier høgt det «alle» tenkjer.
Ein modell som er i bruk i mange andre land, er at fyrste fråværsdagen er ulønt – sokalla karensdag – medan resten av sjukefråværet har rundt 80% av lønna. I Noreg vart karensdagar avskaffa i 1978, og nordmenn har sidan den gong med største velvilje brukt sjukelønnsordninga med sine mange fordelar: tillitsbasert eigenmelding, lege-sjukemeldt fråvær der arbeidsgjevar ikkje har rett på å få vete diagnose, og «sjukt barn»-dagar som gjerne kvinner er uhyre flinke på å utnytte.
Som iNyheter-redaktør Helge Lurås skriv i ein meiningsartikkel om sjukelønna 8.januar 2025:
«Selv[f]ølgelig er ordningen med 100 prosent sykelønn populær sett fra et snevert individperspektiv. Og hvem vil si noe upopulært? For hvis man sier, som sant er, at selvfølgelig vil sykefraværet gå ned dersom folk mister deler av inntekten ved å ikke gå på jobb, så sier man samtidig noe om folks arbeidsmoral. Man sier videre noe om menneskenaturen.»
Slik stoda er i dag, og med min eigen erfaringsbakgrunn i den norske, kvinnedominerte helsesektoren som grunnlag, kan ein tilsett bruke eigenmelding om vedkomande ikkje føler for å gå på jobb. Det er gjerne dårleg vêr ute og (iallfall no i januar) halvannan meter snø og minimalt med brøyting. Då er det lettaste sak i verda å agere sjukdom i ein kort telefonsamtale til ansvarsvakta på jobb. Ingen spør om legeerklæring, for det er rekna som ufint.
Om bedrifta har IA-avtale, kan den tilsette bruke eigenmelding i opptil 8 kalenderdagar. Deretter blir det sjukemelding – og diagnosen er «hemmeleg» for arbeidsgjevar. Ingen i leiinga ber om legeerklæring på at den tilsette faktisk er sjuk, for det er rekna som ufint.
Ein arbeidsgjevar kan i sjeldne tilfelle avvise ei sjukemelding dersom han/ho mistenkjer at den tilsette ikkje er sjuk. Ifølgje Fri Fagbevegelse sin artikkelserie om avvising av sjukemeldingar, skjer slikt gjerne etter ei personalsak med vedkomande. Ei slik avvising av sjukemelding blir rekna som grovt uetisk, sidan saksbehandlingstida i NAV for slike saker er på heile 52 veker.
Ein arbeidsgjevar står difor i ein etisk og moralsk skvis når ein tilsett er «sjuk», fordi arbeidsgjevar som regel ikkje har nokon måte å finne ut om vedkomande har reell sjukdom, eller om personen berre er vekke frå jobb fordi han/ho er møkka lei av jobben, kollegaene og sjefen.
Hadde vi hatt karensdag fyrste dag av fråværet, hadde eigenmeldingar ikkje blitt misbrukt. Då hadde jo folk mist ei heil dagslønn. Hadde ein berre fått 80% av lønna under sjukefråvær, ville tilsette ikkje gått og grine til ein lege og tigga til seg to vekers «betalt ferie» (som enkelte òg kallar sjukemeldingar). 20% lønnstap er vitterleg ein høg pris å betale for å få ein pause frå jobben. Med karensdagar og 80% av lønna hadde nok det særnorske sjukefråværet sett ei dramatisk endring til det betre. Men slikt er jo upopulært å påpeike.
Arbeidsgjevarar taper enormt med pengar på sjukefråvær. Ikkje berre må arbeidsgjevar i arbeidsgjevarperioden betale full lønn til den «sjuke» tilsette – han/ho må òg leige inn ein vikar, ofte frå ein intern vikarpool eller frå eit dyrt vikarbyrå. Er sjefen av den konfliktsky typen, vil vedkomande sjeldan stille krav til den sjukmeldte tilsette om medverknadsplikt, og den tilsette, som sit heime på ræva med full lønn, er ikkje so altfor ivrig etter å kome på jobb og gjere so godt han/ho kan.
Som Lurås skriv vidare:
«Vi vet alle av egen erfaring, enten fra oss selv eller kollegaer og folk vi kjenner, at folk har meldt seg syke på grunn av enten latskap, at de var trøtte og ikke orket å stå opp, var på fylla dagen før eller simpelthen at de ikke gadd, eller hadde lyst til å gjøre andre ting. […] Det er nok et flertall av oss som ikke har samvittighet til å gjøre slikt særlig ofte, heldigvis, men det er simpelthen feigt å ikke innrømme at vi alle vet at det er en del som gjør slik.»
NAV melder at sjukefråværet ligg på rundt 4% for menn og 7% for kvinner. Grunnane til at kvinner er meir vekke frå jobben, er mange og komplekse. Eg dristar meg her til å ta ei erfaringsbasert gjetting (eg jobba 17 år i ein overveldande kvinnedominert sektor):
- Kvinner har menstruasjon og enkelte har ein temmeleg fæl menstruasjon med mykje smerter.
- Kvinner er dobbeltarbeidande, spesielt åleinemødrer, som det ser ut til å bli stadig fleire av. Dei tek seg av små barn i tillegg til å ha full jobb.
- Kvinner har ein tendens til å danne seg «klikkar» på arbeidsplassen der dei utfører konspirasjonar mot tilsette dei av ymse årsaker ikkje likar. Eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø blir resultatet, og mange vel difor «eigenmelding» for å sleppe å jobbe med visse personar.
- Kvinner generelt har fleire fysiske helseplagar enn menn, og enkelte kvinner burde etter mitt syn ikkje vere i arbeid i det heile. Då tenkjer eg spesielt på leiarstillingar, som enkelte kvinner skal ha for ein kvar pris. Dei tek seg vatn over hovudet og blir til slutt straffa for det gjennom langtidssjukemelding og i verste fall trygd.
Det må ei omfattande haldningsendring til for å løyse sjukefråværskrisa i Noreg. Men då må ein faktisk kalle ein spade for ein spade. Folk må, i Tonje Brenna sine ord, rett og slett skjerpe seg litt.
Skrive av redaktøren i Saksyndig, som enno har til gode å skofte ein einaste dag av sin noverande jobb – i SKARP kontrast til sine kollegaer.
