Kva gjer du om du plutseleg står der utan jobb?

I denne meiningsartikkelen skal eg ta føre meg ein høgst reell fare for dei aller fleste som er so heldige at dei framleis er i lønt arbeid. Alle kan i praksis misse jobben. Som den faste Saksyndig-lesaren fekk med seg, vart eg sommaren 2023 usakleg oppsagt frå ein privat sjukeheim i Bergen etter at to sjukepleiarkollegaer sendte ein e-post til avdelingsleiar med usanne historier om eit stell av ein pasient. Hausten 2023 var eg arbeidsledig og utsliten etter mange år med hardt arbeid og ustabile leiarar, og situasjonen min var både himmel og helvete på same tid. Eg var som ein skipbroten på ei flåte på opne havet – det var vatn overalt, men ingenting å drikke. I ein sektor som skreik etter folk, møtte eg konsekvent stengde dører.

Dette kan òg skje med deg. Alle bør ha ein plan om ting går til helvete. For står du der plutseleg utan jobb, slik som skjedde med meg, skal ein ha litt av ei ryggrad for å ikkje ramle heilt i kjellaren.

Eg hadde god trening å misse jobben, for det same skjedde to år tidlegare, sommaren 2021, då einingsleiaren på ein kommunal sjukeheim i Bergen fekk kommuneadvokaten til å opprette avskjedssak på meg. Same kveld som eg vart bortvist frå sjukeheimen og truga med avskjed, prøvde eg å gjennomføre sjølvmord, men vart stoppa i siste liten av ambulansepersonell som kom på døra. Etter ei natt på Sandviken der eg morgonen etter vart «kasta ut» av sjukehuset etter ein prat med overlegen, måtte eg hive meg rundt og søkje etter jobbar samstundes som eg måtte kontakte min tillitsvalde og deira jurist.

Etter eit tre timar langt møte i Byrådsavdelinga med etatsdirektøren, kommunadvokaten, einingsleiar, HR-leiaren og min tillitsvalde, tok juristen i fagforeininga ein telefon til kommuneadvokaten. Nøyaktig kva dei to damene snakka om, er for meg den dag i dag uvisst, men eit par dagar seinare kalla ein temmeleg spak kommuneadvokat oss inn til eit møte der ho informerte at kommunaldirektøren tilbaud sluttavtale. Ved å godta eit her hemmeleg vederlag, sa eg frå meg retten til både å saksøkje kommunen og søkje jobbar der i framtida.

Etter den usaklege oppseiinga frå den private sjukeheimen var eg ikkje so heldig. Ingen ville hjelpe meg, sjølv ikkje min tillitsvalde i Fagforbundet (eg var med i ei anna fagforeining i den berykta avskjedssaka mi i 2021). Det rare her var at heller ikkje alternative media ville hjelpe meg. Foreningen Lov og helse avviste saka mi blankt, det same gjorde Rune Hansen i Norsk hjelpefond. Dåverande Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito nekta å offentleggjere min artikkel om hendinga, og eg offentleggjorde den til slutt på Saksyndig.

For å gjere ei lang historie kort, so stod eg utan jobb, og ingen – absolutt ingen – ville hjelpe meg.

Sjå òg «Alle bør førebu seg på å plutseleg misse jobben», publisert 1.november 2023.

Kva ville du ha gjort i ein slik situasjon? Eg sjølv gjekk til fastlegen og vart sjukemeldt på grunn av ein utmattingstilstand. På den måten hadde eg «inntekt» òg etter at arbeidsforholdet mitt opphøyrde. Samstundes dreiv eg og søkte etter jobbar, fekk blankt avslag, og vart hjelpelaust vitne til at det dukka opp eit hòl i CV-en min som berre vart større og større etter kvart som dagane vart til veker og vekene til månader.

Å påstå at vi har fungerande velferdstenester i Noreg er å overdrive. NAV har so lang saksbehandlingstid at det grensar over i tenesteforsømming, men møter all kritikk – sjølv sakleg og velfundert kritikk – med politianmelding. Eg tenkjer meg at politidistrikt rundt om i landet har si fulle hyre med å kaste vekk tid på å etterforske «trugsel»-saker, og dette på kostnad av reell kriminalitet slik som valdtekter, ran eller korrupsjon.

Akkurat som i 2023 ser det ut som om Noreg er i ferd med å bli om til eit u-land. Fattigdom og svolt har blitt ein del av kvardagen for stadig fleire, og råd om «prepping» har no blitt daglegdagse i hovudstraumsmedia – råd som tidlegare automatisk plasserte deg i kategorien «konspirasjonsteoretikar». Og no sist fredag stod det faktisk ein artikkel om at folk med nye bilar
(yngre enn 2020) bør leggje bilnøklane i Faraday-bur eller pakke dei inn i aluminiumsfolie for å beskytte mot hacking. Slikt såg ein tidlegare berre i Natural News. No er det fyrstesidestoff på Sol.no. Noreg har blitt fattigare, folk har blitt mindre hyggjelege, og kriminaliteten er skyhøg. Snart kjem vi vel til det punktet at folk byrjar å stele lyspærer frå offentlege bygningar.

Sjå òg trilogien min «Dersom alt går til helvete, har DU ein plan?», del 1 (publisert 24.desember 2022), del 2 (publisert 24.mars 2023) og del 3 (publisert 12.august 2023).

Etter sju månader som arbeidsledig fekk eg meg jobb til slutt, i ein heilt annan bransje. Eg hadde rikeleg med oppsparte midlar og eit digert beredskapslager. Eg lærte meg måtar å spare pengar på som eg bruker den dag i dag, sjølv om eg har ei god, stabil inntekt igjen. Eg har aldri varme på heime hjå meg sjølv med mindre eg får gjester (eit unntak er badet, som har varmekablar i golvet). I staden for å sløse vekk tusenvis på varme, går eg heller i tjukke genserar og ullundertøy. Eg kjøper konsekvent billegaste merke av alt. First Price, Prima og Xtra er mykje billegare, og smaker (nesten) like godt som dei dyrare varene. Grans Bare øl på Rema 1000 har ein spesiell smak som ein må venne seg til, men Seidel-ølet til Kiwi og Spar og Pokal-ølet til Coop smaker like godt som dei dyrare ølmerka – sjølv om enkelte meiner dei er litt for søte. Dei største utgiftene har eg til bustadlånet og drivstoffbilen, men litt luksus må ein jo unne seg.

Slike grep bør du òg ta om sjefen din brått seier deg opp fordi kollegaer konspirerer mot deg. Då slepp du å få panikk og ramle i kjellaren. Og sjefen din slepp kanskje at du plutseleg dukkar opp på arbeidsplassen og skyt ho.

Kommenter innlegget