Lovendring ser ut til å ta det psykososiale arbeidsmiljøet på alvor

Arbeidsmiljølova slår fast at alle har krav på eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø. Det gjeld både det fysiske arbeidsmiljøet og det psykososiale. Kor viktig det psykososiale arbeidsmiljøet er for arbeidsplassen, veit omtrent berre dei som har opplevd personalkonfliktar på jobben. Det psykososiale arbeidsmiljøet er essensielt for at personalgruppa og leiinga skal trivast på jobben, og at kundane eller brukarane skal bli best mogleg ivaretekne. Det psykososiale arbeidsmiljøet har hamna i bakgrunnen på dei fleste arbeidsplassar, medan det fysiske har blitt prioritert og løfta fram, sidan det fysiske arbeidsmiljøet er langt meir handgripeleg og ukontroversielt.

No ser ei ny lovendring ut til å endeleg ta det psykososiale arbeidsmiljøet på alvor. Nettstaden Fri Fagbevegelse melder:

«Det psykososiale arbeidsmiljøet blir nå likestilt med det fysiske arbeidsmiljøet.

Det er klart etter at Stortinget torsdag sa ja til å endre arbeidsmiljøloven.

Endringen som stortingsflertallet gikk inn for, stiller strengere krav til hvordan arbeidsgiver følger opp det psykososiale arbeidsmiljøet.»

Det psykososiale arbeidsmiljøet handlar om korleis dei tilsette opplever arbeidskvardagen sin, kollegaer, leiinga og kundar/klientar/brukarar/pasientar. Stikkordet her er psykisk og sosialt. Det har stor tyding for trivselen til dei tilsette korleis arbeidet blir organisert, planlagt og gjennomført. Ein arbeidsplass kan oppfylle alle krav til det fysiske arbeidsmiljøet, men likevel ha dårleg trivsel i personalgruppa. Dette ser ein manifestert i form av mykje fråvær, stor utskifting i personalgruppa (nesten ingen blir der særleg lenge), og den velkjende jungeltelegrafen. Folk snakkar saman, og iallfall om dei har dårlege opplevingar av arbeidsplassen. Om ein arbeidsplass blir stempla som dårleg, so veit raskt «alle» det.

Nestleiar i LO, Henriette Jevnaker, seier til Fri Fagbevegelse:

«Det er viktig å få utført jobben sin på en god måte og samtidig ha helsa i behold. Når kravene til det psykososiale arbeidsmiljøet blir styrka, vedgår man at den emosjonelle belastningen er en risiko i arbeidshverdagen[…].»

Statens arbeidsmiljøinstitutt slår fast at 15% av langtidssjukefråværet skuldast psykososiale faktorar. Dette er høgst sannsynleg berre toppen av isfjellet, for mange fastlegar «kamuflerer» fråvær knytt til det psykososiale arbeidsmiljøet som helseplagar av ein meir somatisk natur. Det er nemleg ikkje alle sjefar som godtek at tilsette «skulkar» jobben fordi leiing og kollegaer er nokre rævhol.

Sjå òg «Avvising av sjukemeldingar har auka med 46% på to år – er bøtelegging av ‘vanskelege’ arbeidsgjevarar vegen å gå?», publisert 15.mai 2025.

Det er på høg tid at òg det psykososiale arbeidsmiljøet blir teke på alvor. Dei nye lovendringane vart vedtekne av Stortinget torsdag 5.juni 2025. Dei viktigaste punkta er at arbeidet skal organiserast, planleggjast og gjennomførast slik at dei psykososiale arbeidsmiljøfaktorane er fullt forsvarlege. Lova si regulering av det psykososiale arbeidsmiljøet skal gjerast meir lik reguleringa av det fysiske arbeidsmiljøet. Det blir løfta fram uklare eller motstridande krav og forventingar, emosjonelle krav og belastningar i arbeidet med menneske, arbeidsmengd og tidspress, og støtte og hjelp i arbeidet. Regelverket skal betre reflektere utfordringane i arbeidslivet, og – iallfall etter planen – få fleire verksemder til å prioritere og handtere psykososiale problem godt.

Enkelte yrke er langt meir utsett for sokalla psykososiale risikofaktorar i arbeidsmiljøet enn andre. Å jobbe med menneske er noko heilt anna enn å til dømes jobbe på fabrikk. Helsesektoren er eit særs godt døme. På til dømes demensavdeling blir dei tilsette utsett for eit til tider formidabelt psykisk press. Kombinert med visse usunne element i personalgruppa kan dette føre til langtidsfråvær og til slutt opphøyr av arbeidsforholdet. Som Mette Nord i Fagforbundet seier:

«Når våre medlemmer opplever trakassering, vold og trusler på jobb, er det ekstra viktig at det forebyggende arbeidet med dette er klart presisert i arbeidsmiljøloven[…].»

§4-3 stiller generelle krav til det psykososiale arbeidsmiljøet. Arbeidet skal til dømes leggjast til rette for at integriteten og verdigheita til arbeidstakaren blir ivareteke (dette skal ifølgje rykta ha blitt innført i si tid for å hindre at sjefar kunne påleggje til dømes kvinnelege bartenderar å gå rundt topplause og servere). Arbeidstakarar skal ikkje utsetjast for trakassering «eller annen utilbørlig opptreden», og skal naturlegvis òg beskyttast mot vald. Lova seier noko, men fram til no har praksis og eigne erfaringar sagt noko anna.

Unio-leiar Ragnhild Lied har tidlegare gjeve uttrykk for at det psykososiale har vore eit forsømt område i arbeidsmiljøpolitikken, noko Saksyndig er hjartans einig i. LO-Henriette er einig med Unio-Ragnhild, og legg til at «[i] en del kvinnedominerte yrker er det risikofaktorer og uforutsigbare arbeidsforhold.»

Frp, Høgre og Venstre stemte imot forslaget til regjeringa, ifølgje Fri Fagbevegelse.

I våre dagar ser eg føre meg at det blant leiarar og verneombod på ymse arbeidsplassar vil bli eit stort fokus på psykososiale risikofaktorar i arbeidsmiljøet. Kanskje vil det føre til at enkelte personar får passet påskrive og vist raskaste veg ut av bygningen. Vi kan alltids håpe. Dei som forgiftar arbeidsmiljøet har ingenting på ein arbeidsplass å gjere. Då får dei heller forgifte fastlegen og Nav.

Kommenter innlegget