Nettroll spammar kommentarfeltet til Foreningen Lov og helse

Dei siste dagane har det vore mykje aktivitet i kommentarfeltet til artiklane på nettsida til Foreningen Lov og helse, lovoghelse.no. I samband med plakatsaken i Oslo, der tre namngjevne menn i ettertid stod fram i full offentlegheit og skrytte over nedriving av lovleg politisk reklame, har Lov og helse publisert eit knippe artiklar der dei har teke kontakt med instansar og privatpersonar, som regel utan å få svar frå dei.

Ein lesar som kallar seg «Sannhets vitne» har vore særs aktiv i kommentarfeltet. Kanskje påfallande aktiv. Vedkomande har i kommentarfeltet til enkelte artiklar, slik som denne, kome med mange og lange innlegg, der eit av dei berre består av ei lang rekkje punkt på engelsk, som truleg gjev lita meining for andre enn vedkomande. Fleire av dei andre lesarane har reagert på denne overfløyminga av kommentarfeltet, og lesaren «Freeedoom» skreiv følgjande:

«Se på de to innleggene under her, en regelrett VEGG av tekst. Bare det ene innlegget går over nesten halve siden.

Er det virkelig noen som leser dette? Tilfører det noe av verdi til debatten?»

Vedkomande skreiv i eit anna innlegg:

«Av de 16 innleggene her er halvparten Sannhetens vitne sine, og det er den sedvanlige opplisting av ulike kilder… om man kan kalle det for det. For meg tilfører nesten ikke noe av dette noe konstruktivt til debatten, og jeg har begynt å bare overse det han skriver. […] Tråden blir oversvømmet gang på gang med det som ser ut til å være den samme informasjonen, og det gjør det frustrerende å diskutere her

Freeedoom skildra aktiviteten til Sannhets vitne som «forumoversvømmelse», altso å leggje ut eit for stort tal meldingar på kort tid, overbelaste plattforma og forstyrre den normale kommunikasjonsflyten.

Til slutt reagerte Hege, som er med på å drive nettsida, på denne aktiviteten og skreiv:

«Hei Sannhets vitne !
Vi setter pris på engasjementet ditt, men vi må be deg respektere reglene i kommentarfeltet. Når det kommer mange lange og ofte irrelevante kommentarer, skaper det et miljø der andre ikke orker å delta.
Vi ber deg derfor:

 Ikke oversvøm kommentarfeltet– Holde deg til tema– Være kort og saklig
Hvis dette ikke etterfølges, vil vi måtte begrense tilgangen din. Vi ønsker ikke det – men vi må ta vare på fellesskapet. Takk for at du forstår

Sannhets vitne svarte med å skulde Lov og helse for brot på §100 i Grunnlova, altso brot på ytringsfridommen. Freeedoom skreiv at vedkomande dreiv med spamming av trådane på nettstaden, ofte med mange innlegg på rad med lange punktlister. Det at so å seie ingen lesarar svarte på desse innlegga, burde Sannhets vitne ta som eit hint om at personen burde endre skrivemåte. Freeedoom skulda han eller ho for å drive med trolling, noko vedkomande nekta for i eit anna langt innlegg.

Til slutt svarte Hege igjen:

«Du kan skrive hva du vil så lenge det ikke er trusler! Men du har sendt den samme punktliste og de samme kommentarene så mange ganger at det blir helt meningsløst. Det har ingenting med ytringsfrihet å gjøre. Det er en voldsom gjentakelse av et mantra uten at det gir mening for de som fortsatt orker å lese. Dersom du mener at budskapet ditt er viktig så må du se an og forstå leseren. Når du ikke bryr deg om de som leser så bryr du deg heller ikke om budskapet ditt blir forstått.»

Sannhets vitne lista opp ei lang rekkje punkt med påstandar om mellom anna covid-19-«pandemien», 11.september,  22.juli-terroren og Pride-terroren. Ein av påstandane var den at Hans Gaarder skulle ha blitt likvidert ved bruk av energivåpen for sitt engasjement rundt «forbodne» tema slik som mangeårig kontakt med utanomjordiske, fri energi, djupstaten og konspirasjonar i det internasjonale makthierarkiet. Saksyndig etterlyste dokumentasjon på påstandane om at Gaarder vart myrda, og oppfordra til at Sannhets vitne sjølv skreiv og publiserte informasjon om vedkomande sat på den. Det kom ingen svar som opplyste den saka.

Slik Freeedoom og andre lesarar i kommentarfeltet antydar, er Sannhets vitne mest sannsynleg eit troll som overfløymer kommentarfeltet for å øydeleggje den særs viktige debatten. Dette tener ingen, kanskje bortsett frå dei som står bak pseudonymet. Infiltrasjon av alternative media er diverre eit kjent problem, og eg håper at redaksjonen i Lov og helse vil ta affære og stengje Sannhets vitne ute frå kommentarfeltet om denne trollinga held fram.

Slik infiltrasjon høyrer til under kontrollert opposisjon. Dette fenomenet er særs vanleg og særs øydeleggjande. Dette ugraset må vi difor trekkje opp med rota.

Kommenter innlegget