Saksyndig om psykopatar og deira vondsinna natur

Sidan Saksyndig vart lansert 14.november 2021, har temaet psykopatar vore ein gjengangar. Psykopatar er eit reelt fenomen, sjølv om mange ikkje vil vedkjenne seg at dei eksisterer. Dei blir forsøkt sjukeleggjort med diagnosar slik som dyssosial eller antisosial personlegdomsforstyrring, for på den måten å forsøke å ta frå dei ansvaret for sine handlingar. Faktum er at personar med personlegdomsforstyrring i aller høgste grad er tilreknelege. Psykopati er ikkje det same som psykose. Psykopati er ein varig tilstand, eit karakteravvik. Noko som er i sterk strid med allmenne sosiale spelereglar menneske imellom. Psykopatar er ikkje so veldig greie folk, for å bruke eit folkeleg, forståeleg uttrykk.

Det største problemet er ikkje at psykopatar finst, men den enorme skaden dei gjer på samfunnet. Til dømes ser psykopatar ut til å finne ein måte å hamne i maktposisjonar. Dette ser ein i dagens verd, der dei verste psykopatane er dei som sit på toppen. Ein kan gjerne spørje seg kvifor psykopatar finst, og kvifor dei gjer som dei gjer, men årsakene bak har ein tendens til å hamne i bakgrunnen når ein ser konsekvensane. Maktklikken som styrer politikken i Vesten er skuld i at millionar, om ikkje milliardar, er døde på grunn av krig, kriser og «pandemi». Å fokusere på kvifor dei prøver å tilinkjegjere oss, er i den samanhengen mindre viktig. Det viktige er korleis vi kan beskytte oss mot dei.

12.januar 2022 publiserte Saksyndig ein omsetjingsartikkel av Brandon Smith med tittelen «Finst det ein måte å hindre psykopatar i å få maktposisjonar?». Forfattaren skriv at psykopatar, sosiopatar og narsissistar har evna til å gøyme seg i flokken, og at nesten 10% av menneske viser farlege og ibuande psykologiske dysfunksjonar som ikkje kan behandlast:

«Tenk på dette ein augneblink – 10 av 100 menneske er tikkande bomber som ventar på å gjere livet miserabelt for resten av oss

Ser ein på historia, er det ikkje so enkelt å fange opp og hindre «psykologisk øydelagte» individ frå å innta maktposisjonar. Til dømes var mange regentar psykopatar, men der kunne folket ingenting gjere. «Danninga av demokrati og demokratiske republikkar vart utvikla mellom anna for å luke ut abnormale individ ved å halde opne val og røystingsprosessar.» I våre dagar fungerer ikkje dette lenger, sidan so godt som alle som søkjer seg til maktposisjonar, inkludert politiske posisjonar, har psykopatiske trekk i meir eller mindre grad. Dei framstår som normale og velmeinande heilt til dei kjem innanfor maktas korridorar. Det er eit jævla stort problem.

Psykopatar må synleggjerast, og kulturen vår må fundamentalt endrast, meiner Smith. Dei med psykopatiske tilbøyelegheiter må isolerast, og ikkje behandlast som om dei var offer, noko dei er særs flinke til å framstille seg sjølve som. Alle som søkjer seg til «autoritetsposisjonar» må undersøkjast for psykopati, narsissisme og sosiopati. Der finst sjekklister. Alle «langtidsfordelar» med å jobbe i stat og regjering må takast vekk. Dette vil kanskje få abnormale individ til å ikkje velje slike posisjonar. So får dei heller lage elende og mareritt i private verksemder.

Min eigen kamp mot ein psykopat skreiv eg om i meiningsartikkelen «Psykopaten er vår fiende, men han kan vinnast over», publisert 22.mars 2022. Her får lesaren for fyrste gong den uhyggjelege æra å bli presentert for vernepleiaren «Tiril», som ved hjelp av sitt skjendige spel av manipulasjon og konspirasjon greidde å øydeleggje eit heilt team i Etat for tenester til utviklingshemma. Leiaren «Carina» valde å slutte som leiar og byrje som vanleg miljøterapeut på ein annan arbeidsplass, eg vart tvangsomplassert og til slutt erklært «overtallig» i ein etat med alvorleg personalmangel, og heile teamet vart til slutt gjenstand for vesentleg omorganisering. «Tiril» vart verande, ingen torde å røre ho.

Ein langt meir formidabel fiende møtte eg i den vondsinna einingsleiaren på den kommunale sjukeheimen eg jobba på fram til juni 2021. Mine teoriar om hennar modus operandi og intensjonar skriv eg om i meiningsartikkelen «Fryktkultur, misunning og konspirasjonar på arbeidsplassen, del 2», publisert 9.april 2022. Omtrent med det same ho «kom til makta» som einingsleiar på sjukeheimen i desember 2020, under «pandemien», innførde ho fryktkultur og overvakingsregime på sjukeheimen, og tilsette vart oppfordra til å tyste på kvarandre for å vinne godviljen hennar. «Alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå einingsleiar!» Eg vart fjerna ved at einingsleiaren brukte ein jurist i Byrådavdelinga som eit våpen mot meg, men min mislykka og emosjonelt utmatta avdelingsleiar vart òg fjerna. Nikkedokkene vart verande.

Som eg sjølv skreiv om einingsleiaren:

«Eg ser ingen grunn til å pakke det inn: den nye einingsleiaren var etter mi vurdering ein psykopat. Ho hadde slik ei utstråling at ein av kollegaene sa til meg at ho kjende seg liten framfor ho. Enkelte vart visstnok fysisk uvel av dette vesenet. Einingsleiars handlingar mot meg var derimot det som bekrefta hennar vondsinna, menneskefiendtlege natur

Ein kan gjerne spørje seg kor denne vondskapen kjem frå. «Pandemien gjorde det over natta stovereint å drive med psykisk terror, fryktporno og det som best kan skildrast som narsissistiske hersketeknikkar – og det frå høgste politiske hald,» skreiv eg i artikkelen «Lever vi i eit diktatur styrt av psykopatar?», publisert 15.oktober 2023. Medan dei personlege og individrelaterte grunnane til psykopati ofte er ukjende, er det politiske rammeverket desto lettare å identifisere. Mark Andrew Dwyer meiner at det har opphav i kritisk raseteori, som igjen kjem frå marxisme. Det har sakte, men sikkert blitt innført eit diktatur der sokalla «undertrykte» styrer. Ytre venstre, som lagar faenskap i Vesten, er verdsmeistrar i å framstille seg sjølve som «offer». Mangfald, inkludering og utfallslikskap (engelsk Diversity, Inclusion and Equity) har i praksis utsletta meritokrati og kvalifikasjonsprinsippet. Difor fungerer til dømes det norske arbeidslivet dårleg – om det fungerer i det heile:

«Fleire og fleire ser ut til å bli installert i offentlege og private maktstrukturar rundt om i ymse sektorar og konsern, ikkje fordi dei er kompetente eller har bevist gjennom arbeid og innsats at dei passar til stillingane, men fordi dei er medlem av sokalla ‘undertrykte’ klassar. Her kompenserer det å vere farga, kvinne (og «kvinne»), LGBTQ+++, ikkje-vestleg innvandrar (og etterkomarane deira) for at dei manglar formelle kvalifikasjonar

Ein artikkel eg publiserte 12.desember 2023, har den passande tittelen «Psykopatar er reelle, sjølv om folk flest ikkje vil vedkjenne seg dei». Vondskap blir ikkje godteke av mange i sitt naive verdssyn, og når det skjer openberr vondskap, får dei mildt sagt eit forklaringsproblem. Mange lever i den villfaringa at alle menneske er gode inst inne. Medan det kan stemme at fleirtalet er gode menneske, kan ein ikkje seie det same om psykopatane. Dei går under radaren fordi mange trur at dei ikkje eksisterer. Som Northern Light skriv om dei i ein meiningsartikkel på Derimot publisert 11.desember 2023:

«Psykopater har ond glede av å skade og såre andre mennesker, og manipulere og bruke andre mennesker for sine egne egosentriske formål. De har sterke overtalelsesevner, er manipulerende og eksperter på ødeleggende psykisk terror og ryktespredning. De er samvittighetsløse, skruppelløse, forræderiske, og ufølsomme for lidelsene de påfører sine ofre. […] Slåsskjemper eller begavede, uansett er psykopater naturtalenter på å lese andre mennesker. Når en psykopat går inn i et rom med mange mennesker, vet han/hun bare etter noen minutter hvem som er sårbare og har lave forsvarsverker og som de kan herje med, hvem de kan manipulere, sjarmere og hvem som vil bli deres ektefelle.

De kan sjarmere nesten hvem de vil, og knuse hvem de vil. […] I en organisasjon vil psykopaten holde seg inne med overordnede, og hvis han vil en sideordnet eller underordnet til livs, isolerer han vedkommende ved å være sjarmerende overfor alle andre enn offeret. Når offeret skal klage til overordnede, blir det en som psykopaten er venner med og drar på fisketur med. Det ender alltid med at offeret blir hindret i å utføre sine oppgaver, og må slutte eller blir syk

Sokalla intelligente psykopatar vil ofte alliere seg med sokalla dumme psykopatar, og saman kan dei i prinsippet få fjerna og/eller øydeleggje karrieren til alle som dei oppfattar som ein trugsel. Slik som skjedde med meg tre gonger. Det kan riktig nok diskuterast om dei medskuldige i desse konspirasjonane var dumme psykopatar eller nyttige idiotar. Somme snakkar gjerne best med dei dei snakka sist med, og vil helst ikkje openlyst velje sider.

Den høgst reelle faren psykopatar utgjer, krev eit forsvar. Vanlege sosiale spelereglar må mellombels avskaffast. Trugselen krev ein strategi som er spesialtilpassa kvart tilfelle. Hovudregelen blant kjendis-psykologar og andre ekspertar, som gjerne tek seg godt betalt for «råda» sine, er at ein må flykte. Intelligente psykopatar er dei farlegaste vesena på jord, og «ingen» har ein sjanse mot dei. Problemet er berre at dersom psykopatar finst på kvar arbeidsplass, i kvart eit burettslag, på kvar ein skule – kor skal vi til slutt flykte? Her må ein meir offensiv strategi til. Ein må fyrst og fremst setje psykopaten på plass so fort ein oppdagar hans eller hennar sanne natur. Akkurat som overfor rovdyr, må ein aldri vise frykt.

Psykopaten må sitje igjen med inntrykket at det ikkje er verdt å ta opp kampen mot deg. Korleis det i praksis fungerer, skal eg ta føre meg i ein annan, framtidig artikkel. Det krev visse suspensjonar av folkeskikk og etikk, og enkelte (inkludert ein sjølv) kan stundom stusse over kven som er den eigentlege psykopaten.

Kommenter innlegget