Den nye smittevernlova: Regjeringa vil handle fyrst og (kanskje) forklare etterpå

Vi som framleis har «pandemien» friskt i minne, vil hugse alle dei uvitskaplege «tiltak» som rådde til ei kvar tid, og som kunne bli innført på timen etter nok eit direkteoverført møte med Feite-Erna og «Metern» Høie, gjerne flankert av ein gravalvorleg Nakstad eller ei sørgmodig Camilla. Kvar gong denne seansen – dette teaterstykket – vart gjennomført, gjengav hovudstraumsmedia lydig og ordrett alle tiltak som vart innført og/eller oppdatert. Ikkje eit einaste kritisk spørsmål vart stilt, for berre regimetru media fekk tilgang til denne maktas kjerne.

Våre maktkåte landssvikarar fekk blod på tann, og ønskjer å gjenta ugjerningane – denne gongen med ei «modernisert» smittevernlov som i røynda flyttar makt frå fagfolk til politikarane, og frå Stortinget til Regjeringa. Med andre ord ønskjer Regjeringa å handle fyrst (gjerne fort og gale), og kanskje – om dei får stort nok press mot seg frå folket – forklare etterpå. Vi får sjå korleis det går. Personleg har eg inga tru på at vi faktisk får forklaringar på eventuelle drakoniske tiltak som måtte dukke opp ut av det blå – vi har til dømes enno ikkje fått ei gangbar forklaring frå offisielt hald på den historiske overdødelegheita som tilfeldigvis oppstod i 2021.

28.oktober 2025 publiserte Steigan ein artikkel av journalist og tidlegare Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito, ein artikkel som opphavleg vart publisert i Helsemagasinet. Det sentrale spørsmålet ho innleiingsvis stiller, er kven som skal kontrollere makta når neste krise kjem.

Julia skriv (alle uthevingar er frå originalartikkelen):

«Den foreslåtte smittevernloven flytter makt fra faglige etater til regjeringen. Der dagens lov krever medisinsk og faglig vurdering, åpner den nye for politiske skjønn.
Definisjonen på sykdom utvides til samfunnskritisk sykdom, og regjeringen får rett til å handle først og forklare etterpå.

Myndighetene hevder at Stortinget får mer kontroll, men det gjelder bare for noen få og dramatiske tiltak som portforbud og tvangsvaksinering. De fleste andre inngrep – fra isolasjon og besøksforbud til nedstengning – kan fortsatt skje uten forhåndsgodkjenning fra Stortinget.

Dermed flyttes makten ett hakk nærmere den utøvende makt – og ett hakk lenger bort fra demokratisk kontroll.»

Ein kan diskutere om fagleg saklegheit og kost/nytte-vurdering hadde spesielt mykje å seie under «pandemien». Til dømes vart det av Deborah Birx – covid-19-rådgjevar under Trump – innrømt at regelen om ein (eller to) meters avstand vart dikta opp av ho og dr. Anthony Fauci.

Sjå òg «Trumps tidlegare Covid-19-rådgjevar innrømmer at ho og Fauci dikta opp ‘vitskapen’ bak sosial avstand og nedstengingar», publisert 27.juli 2022. Artikkelen vart òg nemnt i Helsemagasinet sin ‘Ukeslutt’ 29.juli 2022. Sjå òg «NIH-direktør Francis Collins innrømmer at pandemisk regel om sosial avstand IKKJE var basert på vitskapleg evidens i det heile», publisert 24.mai 2024.

Meteren vart oppheva til ei heilag sanning som ingen fekk kritisere, akkurat som den påstått beskyttande effekten munnbind hadde. Sjølv om nemnde Birx gjekk rett ut og sa at ho visste at covid-vaksinane aldri var meint å beskytte mot infeksjon, innførde mange land – inkludert Noreg – differensierte munnbind-retningslinjer for uvaksinerte; dei som hadde teke alle dei tilrådde dosane, kunne kaste munnbindet. Dei som valde å ikkje late seg forgifte, måtte framleis gå med desse munnbleiene eller slavemaskene. Dei som nekta eller våga å krevje vitskapleg evidens for at munnbind og «vaksinar» beskytta… Eg var ein av dei.

Sjå òg «Herskarklassen innrømmer: Covid-vaksinar var aldri meint å beskytte mot infeksjon», publisert 27.juli 2022.

«Pandemien» vart offisielt avslutta i februar 2022, samstundes som Ukraina-krigen vart igangsett etter mange års førebuing. No skriv vi 2025, og framleis nektar den rådande makta å, til dømes, slik Julia påpeiker i artikkelen, gje oss innsyn i data frå SYSVAK (det nasjonale vaksinasjonsregisteret i Noreg, administrert av FHI), Dødsårsaksregisteret eller Medisinsk fødselsregister. Og i tillegg:

«Ingen uavhengig forsker har fått undersøke mulige sammenhenger mellom vaksinestatus, dødsårsaker eller nye sykdomsbilder. […] Likevel vil regjeringen lovfeste retten til å bruke de samme virkemidlene – uten å ha analysert hva de faktisk førte til.»

Ho skriv vidare:

«Regjeringen hevder at pandemien viste behovet for å handle raskt, men raskt er ikke det samme som rett.

Når makten samles på toppen, uten uavhengig kontroll og uten transparens, står vi i fare for å normalisere unntakstilstanden.

Lovforslaget har heller ingen tydelig tidsbegrensning for inngrep. Det åpner for at tiltak som isolasjon eller bevegelsesbegrensninger kan bli stående over tid, uten nye vurderinger eller parlamentarisk innsyn.

Slik svekkes både rettssikkerheten og maktfordelingen – selve kjernen i Grunnloven.»

Politikken som regjerte under «pandemien» mangla fullstendig forholdsmessigheit, og maktapparatet sette smittevern framfor alt anna. Vi lid framleis av dei svært øydeleggjande effektane av Sirkus Korona. Og kor er ansvarleggjeringa? Vi har enno ikkje fått eit oppgjer. For å sitere Julia sine avsluttande ord:

«Når en stat innfører de mest inngripende tiltak i fredstid, må bevisbyrden ligge hos makthaverne. Det er de som må dokumentere at inngrepene virker, ikke befolkningen som skal bevise at de skader.»

Forslaget til ei modernisert smittevernlov er framleis i høyringsfasen, og behandlingstidspunktet til Stortinget er enno ikkje kjent. Dei ser diverre ikkje ut til å ha lært av feila dei gjorde under covid-19-teaterstykket. At tiltaka var skadelege, er utvitydig prova. Om inngrepa faktisk fungerte, er noko ingen i dagens maktapparat vågar å ta tak i.

Kommenter innlegget