No har den rådande makta gjeve fritalande nordmenn nok ein særs god grunn til å ytre seg anonymt: Dersom du kjenner nokon i slekta, nabolaget eller vennegjengen som uttrykkjer farlege eller radikaliserte idear, blir du oppfordra til å kontakte PST. Denne farlege radikaliseringa kjem i sin tur av «konspirasjonsteoriar» og anna farleg, antistatleg tankegods. Og dei knyt naturlegvis dette tankegodset til Geir Roald Hodne-affæren frå romjula 2024.
Sjå òg «Saksyndig tek ein titt på Geir Roald Hodne-saka», publisert 5.januar 2025, og «Kor høyrer Geir Roald Hodne heime i det identitetspolitiske hierarkiet?», publisert 7.januar 2025.
Som ein og annan oppvakt lesar truleg hugsar, vart Hodne posthumt hengt ut som konspirasjonsteoretikar i media fordi han skal ha delt innlegg på Facebook som ikkje fall i god jord hjå den rådande makta. Og ikkje minst lét han vatnet renne i fleire minutt før han drakk det. På eit tidspunkt var han til og med mistenkt for å stå bak eit par saftige meiningsartiklar på Derimot!
Alt styret la seg derimot raskt, for ettersom Hodne var død, vart saka mot han henlagt (truleg etter gjerningsmannens stilling!). So høyrde vi liksom ikkje meir til han – før no, eit år seinare. Det forbausar meg ikkje at dei gjer det, det er berre overraskande for meg at det tok so lang tid før dei gjorde det. Og kvifor akkurat no?
Det er ei kjent sak at NRK og andre aktørar innan hovudstraumsmediar får instruksar frå eigarane sine om kva dei skal skrive om, og kva slags vinkling sakene skal ha. Det er verdt å merkje seg at USAs invasjon av Venezuela og kidnapping av den sitjande presidenten skjedde dagen etter at PST sin angjevarartikkel vart publisert. Rekna djupstaten med at enkelte ville reagere på USA si åtferd og vere frekke nok til å gjere eigne undersøkingar? Er dette ein strategi frå høgste hald i det medieindustrielle komplekset for å «prime» og «nudge» befolkninga til å unngå å stille spørsmål makta bak makta ikkje likar? Spørsmåla og konspirasjonane er allereie mange, og svara er som vanleg fullstendig fråverande.
Å plutseleg byrje å piske ein hest som har vore daud i over eit år gjev inga meining, med mindre artikkelen er ein del av ein overordna strategi frå dei som eigentleg styrer verda.
NRK skriv 2.januar 2026:
«PST er bekymra for at altoppslukande konspirasjonsteoriar i aukande grad fører til radikalisering. No knyt dei tankegodset til skotvekslinga i Klepp i romjula 2024. […] Ei undersøking i etterkant har kasta nytt lys over hendinga.
Politiets tryggingsteneste (PST) meiner no at gjerningspersonen ikkje berre var alvorleg psykisk sjuk, men at han også var i ein radikaliseringsprosess.
– Det vi meiner er at han var i ein radikaliseringsprosess til antistatleg ekstremisme, seier Caroline Iwarsson, som er seniorrådgivar i PST.
– Det vi mellom anna såg var at han hadde konsumert desse store, tunge og altoppslukande konspirasjonsteoriane over tid, og at det hadde eskalert den hausten, held ho fram.»
Iwarsson seier vidare at det er viktig at ein ikkje kan konkludere med at det var den utløysande faktoren sjølve hendingsnatta, ettersom mannen òg (truleg) var alvorleg psykisk sjuk. Hodne sin forsvarar har ingen kommentar til dette. Av interesse slo ein sakkunnig rapport fast at Hodne var psykotisk den natta «og at handlingane hans var styrt av psykotiske vrangførestillingar». PST hevdar at desse forholda ikkje utelukkar kvarandre. Altso kan ein fint vere både radikalisert og alvorleg sinnslidande.
Slike «antistatlege ekstremistar» ser på styresmaktapparatet og politiet som sin fiende, hevdar Iwarsson, og dei som framstår som representantar for dette apparatet kan vere legitime mål. Høvesvis advokaten og representanten til dei etterlatne etter Hodne og den drepne politimannen har ingen kommentarar til dette.
PST har etter eiga utsegn følgt utviklinga innan antistatleg ekstremisme over tid, kanskje heilt sidan 2017. I 2022, med den avtroppande «pandemien» for lengst avslørt, vart fenomenet «klassifisert som ei eiga trugselform i den nasjonale vurderinga». Dei sokalla «konspirasjonsteoriane» fekk eit større fotfeste under Sirkus Korona. Iwarsson legg til, truleg med eit småfrekt smil:
«Men det er viktig for oss å seie noko om dette, og å ha befolkninga skrudd på slik at vi kan plukke opp ting tidleg […].»
Og sjølve gullkornet:
«– Viss ein har eit familiemedlem, eller kjenner til andre som snakkar om heile livet sitt opphengt i desse konspirasjonsteoriane, så meiner vi at det kan vere ein god anledning til å varsle PST, slik at vi kan jobbe førebyggande, avsluttar ho.»
Den norske saueflokken blir altso oppfordra til å angje sine medborgarar – til og med familiemedlemmer – til PST om desse «antistatlege ekstremistane» luftar sine farlege idear. Dette er nok ein særs god grunn til å ytre seg anonymt, slik visse personar meiner er eit symptom på feigskap. Kor høgt står mot og fritale for deg personleg når tjue væpna politifolk bryt seg inn i leilegheita di midt på svarte natta fordi du har ytra eit skeivt ord mot regimet?
Sjå òg «Er dei som ytrar seg anonymt ‘feige’?», publisert 1.januar 2026.

Jeg føler forbudte følelser , Jeg tenker forbudte tanker.
LikarLikt av 1 person
Det er en god begynnelse, men venstresiden oppdaget at ved å kontrollere språket, kontrollerer de det du kan tenke på, og ytterst sett tankene dine. Om ikke nå, så senere. Om ikke deg, så barna dine. For å ha full tankefrihet må man på en offensiv måte fremhevde sitt eget språk.
LikarLikt av 1 person