I denne fyrste artikkelen publisert i 2026, skal eg snakke litt om den norske ytringsfridommen. I Noreg har vi i praksis ytringsfridom, men ikkje fridom frå konsekvensane av å ytre oss.
Ein tilsett på ein sjukeheim kan skrive på Facebook at leiinga er hjartelause monster som set grøne tal i rekneskapen høgare enn menneskeliv. Sjølv om dette er 100% sant, er det ikkje sikkert leiinga vil at dette skal kome ut. Den tilsette har all rett til å ytre seg negativt om arbeidsgjevar, om vedkomande samstundes godtek at arbeidsgjevar har all rett til å straffe den tilsette, i staden for å kome med dokumentasjon på at det vedkomande skriv er usant. Den tilsette vil høgst sannsynleg møte negative reaksjonar frå arbeidsgjevar. Og arbeidsgjevar kan i ettertid, når disiplinærstraff eller oppseiing er gjennomført, alltids sannsynleggjere at personalsaka hadde ingenting med ytringane på Facebook å gjere.
Munnkorg på tilsette er ikkje berre rådande praksis og hovudregel innan helsesektoren. Dette finst i alle bransjar, og spesielt berykta er politiet, noko varslar Vigdis Bollerud har avslørt. Ein kan gå so langt som å seie at politibetjentar og andre «på golvet» blir frårådd av sine fagforeiningar å varsle om kritikkverdige forhold. Og iallfall ikkje gå ut offentleg med kritikk av politi- og lensmannsetaten. Eller kome med nokon som helst ytringar offentleg som ikkje er 100% i tråd med konsensus.
Sjå òg «Politimann som sa meininga si om covid-‘vaksinen’ blir truleg oppsagt», publisert 4.juli 2024.
I Noreg styrer Jantelova med jarnhand slik den har gjort i uminnelege tider. Det har ei rekkje fritalande individ og ambisiøse gründerar erfart. Den som talar makta og rådande konsensus i mot, risikerer å bli utstøytt frå flokken. Her treng ein ikkje prøve so altfor hardt å finne døme: Charter-Svein. Han vart i den norske medierøyndommen ein persona non grata, om ikkje anatem (eit individ som er formelt utstøytt og forbanna), etter å ha brent munnbind under ein fredeleg demonstrasjon mot covid-«tiltaka» i 2021. Han miste jobb og inntekt over natta, og er etter eiga utsegn framleis avhengig av hjelp frå Nav.
31.desember 2025 publiserte Derimot ein omsetjingsartikkel om den brutale behandlinga advokat dr. Reiner Füllmich har fått av den tyske staten etter sine varslingar om covid-skandalen. I kommentarfeltet kjem ein lesar ved namn Arno Mong Daastøl med eit åtak på lesaren «e»:
«e…
Du gjør deg selv til skamme ved ikke å skrive under med ditt navn. Du undergraver demokratiet.»
Lesaren «Freeedoom» kjem til forsvar av «e»:
«Ta ballen, ikke mannen. I dagens giftige debattmiljø er det gode grunner til å holde sin identitet hemmelig.»
Arno Mong Daastøl svarer:
«Freedom. Jeg er uenig. Skal vi fremme åpenhet, så må vi tørre å være åpne. Dette gjelder også deg, «Freedom», som ikke tør å røpe hvilken feiging du egentlig er,»
Sjå òg «Kvifor er Saksyndig-redaktøren anonym?», publisert 23.mars 2025.
Herr Daastøl (om det er hans ekte namn) meiner altso at alle som ytrar seg anonymt på nettet er «feige». Dette argumentet høyrest for meg særs kjent ut, sidan VOX skreiv om denne misforståinga i mars 2025. Som eg sjølv skreiv i ein artikkel om saka (sjå link ovanfor):
«Mange som ytrar seg på nettet i dag har valt å vere anonyme, og dei har frå enkelte fått kritikk for dette. Anonyme skribentar blir karakteriserte som feige, som om dei ikkje ønskjer å stå personleg ansvarlege for ytringane sine. Dette er i beste fall ei feiltolking, i verste fall eit personåtak fordi motdebattanten ikkje har eller vil leggje fram saklege motargument.»
Som VOX sjølv skreiv i sin artikkel (omtala og linka til i førre link):
«Enkelte mener seg berettiget til kraftig å kritisere debattanter eller motstandere for ikke å stå frem med fullt navn når det skrives på nettet. Til disse er å si at i en normal verden vil dette selvsagt være det beste. Men i en verden der annerledes-tenkende eller politiske utfordrere, av radikale motstandere nærmest blir ansett som rene krigsforbrytere, kan det selvsagt være nødvendig for bidragsyteren å beskytte både familie og barn, venner og seg selv. Både for fysiske overgrep, men også for det urimelige i at man skal miste jobben eller bli fysisk angrepet for å mene noe som i et sunt og normalt samfunn burde ses på som nyttige bidrag til å belyse viktige sider ved samfunnsdebatten.»
I ei ideell verd der ingen straffa oss for å ytre oss fritt, hadde ikkje Saksyndig-redaktøren, «e», eller «Freeedoom» trunge å gøyme seg bak pseudonym og anonymitet. Men slik er diverre stoda i dag. Grunnen til at enkelte vil ha anonyme skribentar til å stå fram med fulle namn, er at deira nettverk av angjevarar og ymse Facebook-grupper då kan doxxe vedkomande, og gjerne ta ein telefon til arbeidsgjevarane deira. Ein tilsett i UDI som snakkar om dysfunksjonaliteten i det norske asylsystemet, ein sjukepleiar som snakkar om inkompetent leiing og fryktkultur, eller ein barnevernstilsett som snakkar om menneskehandel og tette band til frimurarlosjar, vil då liggje særs dårleg an. Er det slik ei stode herr Daastøl vil ha?
Vi som ytrar oss anonymt om kontroversielle tema er ikkje feige. Vi er ikkje dumme. Vi veit at våre ytringar ikkje vil falle i god jord hjå den rådande makta, og at våre indoktrinerte medborgarar på rein automatikk vil angje oss utan å misse særleg nattesøvn på grunn av det. Vi veit ikkje kva «e» og «Freeedoom» driv med når dei ikkje skriv innlegg i kommentarfeltet på Derimot. Og ingen veit kva eg sjølv driv med når eg ikkje jobbar med tekstar til Saksyndig. Slik vil eg det skal halde fram å vere, for eg har eit liv utanfor bloggen òg.
Å stå for meiningane sine med fullt namn tydar lite om ein misser jobb og inntekt på grunn av dei. Å finne ny jobb blir temmeleg vanskeleg når visse personar høgt oppe i systemet veit kven du er. Konseptet ytringsfridom blir ein småflau parodi når du må gå frå gard og grunn og i verste fall flytte heim på guterommet til foreldra dine. Eller ta enklaste utveg og forlate denne verda. Då har visse aktørar fått det som dei ville, og for alt vi veit kan herr Daastøl høyre til den gjengen.
Bruk sunn fornuft. Om du har eit liv og ein karriere utanfor bloggosfæren, bruk ikkje ditt ekte namn.
