Her er det du treng å vete om Trudeaus unntakslover

Måndag valde den kanadiske statsministeren Justin Trudeau å aktivere unntakslovene i landet, dei sokalla Emergencies Act frå 1988. Samstundes blir gjeldande antiterrorlover i landet utvida til å bli brukt mot dei fredelege demonstrantane.

Følgjande artikkel frå LifeSiteNews, skriven av Kennedy Hall og publisert 14.februar 2022, oppsummerer alt du treng å vete om desse unntakslovene. Omsett av saksyndig.

Kva er det [Emergencies Act; EA]?

EA erstatta den eldre War Measures Act i 1988, og er meir avgrensa i omfang. Under War Measures Act, som du kan førestille deg, var krigsaktivitetar tillatne. Derimot, fordi EA er breiare i omfanget – gjeldande mot «nasjonale trugslar» utanom krig og valdeleg konflikt – er den òg meir spesifikk og avgrensa når det gjeld kva typar makt staten kan bruke.

I tillegg krev EA parlamentarisk oversyn, og alle tiltaka må vere i samsvar med rettane til kanadiarar spesifisert i deira Charter.

Ikkje som hans far

[Det har blitt gjort] Samanlikningar av Trudeaus intensjon om å gjere gjeldande den føderale makta med handlinga til sin far, tidlegare statsminister Pierre Trudeau, som brukte dei eldre War Measures Act i 1970. Derimot manglar samanlikninga fordi Pierre Trudeau responderte på ein innanlands militær trugsel utgjort av ei nasjonalistgruppe frå Quebec som kidnappa og drap politikarar.

I dette tilfellet påkallar ikkje Justin Trudeau krigsfullmakter, men søkjer heller å rettferdiggjere det å bruke føderale fullmakter til å knuse ei fridomsrørsle som nyttar seg av sivil ulydigheit på ein fredeleg måte.

Altso kan han i denne situasjonen ikkje appellere til krigstids-rettferdiggjeringar som ikkje er funne i EA i si noverande form.

Dersom vi skulle byrje å spekulere, er det sannsynleg at Trudeau vil appellere til den delen av EA som handlar om Declaration of Public Order Emergency [«erklæring om unntakstilstand relatert til offentleg orden»].

Seksjon 17 seier, «når guvernøren i råd trur, på rimeleg grunnlag, at ein unntakstilstand relatert til offentleg orden finst og gjer naudsynt det å ta i verk spesielle mellombelse tiltak for å handtere unntakstilstanden, kan guvernøren i råd etter ein slik konsultasjon som er påkravd i seksjon 25, erklære dette ved proklamasjon».

Han kan ikkje handle åleine

Statsministeren må ikkje konsultere provinsministrane for løyve til å bruke EA, men det må gå gjennom ein parlamentarisk prosess på føderalt nivå.

På noverande tidspunkt er det fleire provinsar som ikkje støttar Trudeau i hans oppdrag å kommandere nasjonen.

Derimot ser den mislykka konservative provinsministeren i Ontario ut til å vere svært ivrig etter å setje den føderale regjeringa opp mot fridomselskande kanadiarar.

Dersom kabinettet erklærer unntakstilstand, treng dei godkjenning frå parlamentet innan sju dagar, og både House of Commons og Senatet må godkjenne søknaden.

Akkurat no er det ikkje klart kva som vil skje i Huset eller Senatet dersom vi kjem til det punktet.

Opposisjonen veks mot Trudeau i hans eige parti, noko som tydar at det ikkje er sikkert at han kan lite på sitt eige folk, langt mindre opposisjonen, for støtte.

Kva kan han gjere?

I EA er det visse vilkår som klargjer kva ei regjering kan gjere under omstenda, men dei er generelle og ikkje spesifikke. Til dømes seier seksjon 19 at forsamling kan vere restriksjonar på, sameleis restriksjonar på reiserettar, og sjølv bruken av diverse eigedom kan vere under restriksjonar.

Korleis regjeringa kan bruke EA til å stoppe ein fredeleg protest – som er ein rett nedfelt i Charter-en – er uklart.

Det som er klart er at han må bevise at Freedom Convoy utgjer ein nasjonal naudstilstand som krev nasjonal yting. Sjølv om ein naudssituasjon er erklært, må responsen stå i samsvar med aktiviteten [den må vere forholdsmessig; oms.an.].

Til dømes, om vi har å gjere med eit væpna opprør, kan ein ha heimel for væpna respons. Derimot har vi å gjere med ein fredeleg protest, difor er berre ikkje-aggressive tiltak tillatne.

Nøyaktig kva dei kan vere, veit ingen.

Ikkje sel skinnet før bjørnen er skoten når det gjeld militæret

Nokre seier at Trudeau er i ferd med å hente inn militæret. Sjølv om han ønskte det, er det ikkje so enkelt.

Militæret har ein kommandokjede og operasjonsprosedyrar. Ressursane deira er magre nok som dei er. Å lansere ei form for tilfeldig militærhandling mot familiar og barn som har det som ser ut til å vere eit digert sosialt arrangement framfor parlamentet, er ikkje noko det kanadiske militæret vil gå med på.

Det kan vere at militæret kan rykkje inn med visse maskiner eller ressursar til å fjerne lastebilane, er berre vise makt for å skvise folk gradvis ut av protestsona. Men igjen, dette er berre spekulasjonar.

For å konkludere, veit vi ikkje kva Trudea vil gjere, og vi veit ikkje kven som vil støtte han og kor mykje.

Dette kan rett og slett vere eit politisk trekk – naturlegvis er det politisk, men du veit kva eg meiner – ettersom ein no set i verk ei avstemming i parlamentet for å fjerne alle føderale mandat og restriksjonar.

Vi kan vere vitne til dei siste krampetrekningane av Trudeaus fetisj for diktatorisk makt, eller vi kan ha framfor oss ein komplisert og rotete juridisk kamp dei neste vekene. Det vil berre tida vise.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s